Til hovedsiden
  Heim  >  Bøker  >  Bok (ny utgjeving)  << forrige bok    neste bok >>  

Bok (ny utgjeving)

Dikt
Utgitt av Aschehoug, 1997


Sjå også introdusjonen under førsteutgjevinga i 1966. Elles må eg seie at eg bruker dikt frå BOK framleis, under opplesingar og presentasjon. Etter kvart som ein god del år har gått, forstår eg betre sjølv kva som ligg bak sogene og røynslene og metaforane og livskjensla her. Nyutgjevinga, der den originale handskrift-satsen frå 1966 er skifta ut med vanlege trykkbokstavar, innleide Aschehougs Fugl Fønix-serie frå 1997 («Norsk poesi fra det 20.århundre»). Elles vil eg presisere: Fleire av utdraga som er presenterte her under nyutgjevinga, er lengre dikt og «prosapoesi»(dette er eit uttrykk brukt av forlaget ved utgjevinga i 1997).
Eg hadde ein diskusjon med Ivar Havnevik, som eg trur ikkje hadde noko med ny-utgjevinga å gjere, om det fanst metaforar i BOK. Saka er den at eg i 1966 prøvde å skvise, ut av poesien min, velbrukte og altfor enkelt leselege metaforar. Utskvisinga gjekk mykje godt av seg sjølv. (Metaforar er ord eller uttrykk som blir brukte i overført tyding, som eit bilete på noko anna, ved at det i røynda finst ei til dels skjult jamføring eller skjult likning.) Det er riktig at eg skvisa ut ein del av det tradisjonelle apparatet, når eg begynte å dikte, men er det dermed sagt at eg ikkje brukte nye metaforar og nye samanlikningar i BOK?
Alle dikta i BOK er heller ikkje fullt så gjennomført «opne» (og på den måten truande til å kunne gå greit alle stader) slik Jan Erik Vold i stor grad las dei, med Samtiden-artikkelen i 1966, - sjølv om dikta nok var opne i høve til mykje samtidig lyrikkpoesi og innebar noko brattlendt nytt i Noreg. Den «opne poesien» som omgrep var vel aller helst ei samtidig internasjonal avantgardistisk oppfinning... Berre delar av BOK kan i dag skildrast med termen «open poesi», så langt eg kan sjå ved gjennomgang.




Nesten tretti år etter debuten presenterer Jahn Thon, i fagboka hans om Profil, ei nylesing av BOK. Her er eit utdrag (frå s 130):
«(...) Hendelsene plasseres mellom »speil« og »himmel«, ofte forbundet med vann. Diktene utgjør små og store fortellinger mer enn fortettede observasjoner. Rykkjas forfatterposisjon er beslektet med Roland Barthes' positive begrep »mytologi«. Han er en aktiv anti-myteskaper som dechiffrerer samfunnets aktuelle myter.»
Og dei neste to avsnitta hos Thon er da slik (sitat):
Mytens vesen er å gjøre det samfunnsmessige til natur, det historiske til noe evig, og det konkrete til noe allment. Myten fanger inn og forvandler sitt stoff til rent uttrykk. Myten er en «stjålet» språkform med klare ideologiske implikasjoner. Tyveriet betyr ikke at myten lar noe forsvinne, det bare FORDREIER og FORVANSKER meningen, stikk imot det avantgardistiske kunstverk, som OPPLØSER meningen. Om avant-gardismen også formulerer et idologisk lyrisk motspråk er noe mer usikkert.
Min påstand er at Rykkjas lyrikk arbeider på en måte som er motsatt av myten. Rykkja gjør det vi oppfatter som mytisk og evig, til noe konkret, nært og samfunnsmessig. Lyrikkens preg av å være «kunstig» skjules ikke. Det innebærer ikke at han «alminneliggjør» virkeligheten, snarere tvert imot. Ofte gjør han den magisk. Diktene hans er fulle av undring og fordreid naivitet. Diktsamlingen er full av særegne bilder (sitat slutt).


Det er råd å skaffe nyutgjevinga av BOK gjennom post-sal, sjå her.

Nasjonalbiblioteket lagt alle bøkene frå nittitalet ut på Bokhylla.no, slik som med heile den nye utgåva av BOK .