Til hovedsiden
  Heim  >  Bøker  >  Norsk avantgarde  << forrige bok    neste bok >>  

Norsk avantgarde

er forsking, via nettverk. Der eg er deltakar.
Utgitt av Novus forlag, 2011


Boka Norsk avantgarde, redigert av Bodil Børset og Per Bäckström, var eit omfattande arbeid basert på nordisk initiativ og på fleire seminar og dei mange sine bidrag. Slik introduserer forlaget resultatet:
«Det har ikke eksistert noen bok om norsk avantgarde, en mangel i norsk forskning som har utgjort drivkraften bak denne utgivelsen. Redaksjonen har latt seg inspirere av den seneste tidens utvikling av avantgardeteori.»
Og slik gjer ein reie for noko av prosessen i forkant (på nettstaden Underskog):
«Norsk Avantgarde setter fokus på avantgarde i Norge. Vi har engasjert både akademikere, kunstnere, forfattere, tidsskriftmiljøene, ABM-sektoren og andre entusiaster som fra ulik innfallsvinkel har kunnskaper om norsk avantgarde. Fra seminaret i Tromsø bygges et norsk avantgardenettverk i forlengelsen av Nordisk Nettverk for Avantgardestudier.»
Mi rolle kom inn som eit tema for Norsk avantgarde, fordi Jan Erik Vold og eg stabla på beina eit forlag i 1966, Kommet forlag, som lenge har vore karakterisert som avantgarde i nordisk samanheng. Og sjølv bidrog eg både på seminar og med tekstar i boka som kom i 2011. I boka har hovudbolk 3 («Djupdykk») denne hovuddelen: ”Jan Erik Vold, Helge Rykkja og Profil”.

Her er to av tekstane mine frå debuten BOK (1966), ”Idé” og ”En bonde eide to sønner” tatt med, samt to først anonymiserte tekstar frå tidsskriftet Profil, det er diktet ”Andrej Voznesénskij”, og det er teksten ”om musikk i skolen”(frå Profil nr ¾ 1969). Teksten «Idé» (som er ein parodi på figuren Hamsun) blir også brukt til å pryde baksida av omslaget på boka Norsk Avantgarde.

Det skrivne essayet mitt til Norsk avantgarde («Spørsmål frå redaksjonen til ein avantgardist») har til dømes dette avsnittet:
Jo, eg visste om dadaismen – og særleg dette med borgarleg smak, borgarleg rådande smak. Og i debutant-presentasjonen av meg for Dagbladet nemnde eg dadaismen som ein slektning. Eg fekk med ein gong tilsvar frå ein litt eldre lyrikar, frekt gjennom avisa si bokmelding etterpå, at dette er da ingenting nytt.
Og så vidare. Og om du ikkje har gjort det før, les heile dette essayet her.



* Poet avantgardist? Essay av meg i ei samtidig bok om Jan Erik Vold, med tittelen Volds linjer:
Jan Erik Vold som avantgardist .


* Foredaget mitt om tidsskriftet Profil som historisk avantgardetidsskift; halde Folkebiblioteket .