Til hovedsiden
  Heim  >  Bøker  >  Slutningar til knes  << forrige bok    neste bok >>  

Slutningar til knes

Dikt
Utgitt av Aschehoug, 2004


Diktsamlinga kom ut i august. Sjå her også under spalta «Nytt»... Dette er ei forholdsvis stor samling, på over hundre sider. Og over åtti, nesten nitti, dikt, dobbel diktsamling... Prisen er 248 kroner. Bokomtalen av «Slutningar til knes» vil bli oppdatert. Elles finn du noko rundt i spaltene «Tilbakemeldingar» og «Nytt». (Send di eiga tilbakemelding.) Boka er hittil meldt av Eivind Blikstad i Varden og på «poeten.no» av Sjur Andersen og i Adressa av Fartein Horgar. Alle tre var positive og gledeleg deskriptive.

Det som er annleis ved t.d diktet «frå ein benk» (s 14), dersom du vil jamføre med Wildenveys «Eventyr til Ellen» (begge dikta tar opp liv og død), så inneheld diktet mitt eit gruppeportrett... Wildenveys ulike dikt inneheld oftast ein person eller to personar; eit døme på dette er Wildenveys «Anekdote» med opninga «En snekker og nok en snekker/ satt på stillaset og spaset.». Når så eg lagar diktet «eventyr» i «Slutningar til knes»(s 63), byr dette relativt korte, knappe diktet mitt på fleire sjangerteikn frå folkeeventyra og tillagt ein meir moderne gruppesituasjon. Diktet (på s 60) «Fire portrett», som presenterer fire portrett raskt etter tur, er til saman på korte åtte vers-liner...

Dette trekket ved diktsamlinga mi gjorde eg til eit poeng på lanseringa i Kragerø 8/9. Og eg nemnde at «svaner rundt oss» (s 27), som dreier seg om å lokke fram ei god rørsle, er eit gruppeportrett; sjølv om vi, her i dette diktet, snakkar om levande vesen som sniglen, svanen, auren, mus (og om rykket i fotball)... La dette vere ein tenkjeleg inngang (til kva som er spesielt). Eller sagt på ein annan måte: Eg låner trekk, og forsyner poesien, frå sjangrar som noveller, film og eventyr og teater, det vil seie gruppeportrett, gruppe-situasjonar, saman med små biografiar... Noko liknande gjorde vi fleire poetar i 1960-åra, i fleire land, ikkje minst gjorde Jan Erik Vold i «Mor Godhjertas glade versjon», eksempelvis i det jazzige «Funny», som er demonstrativt biografisk og har eit krystallklårt gruppeportrett. Men andre poetar følgde ikkje opp, eller kva det var som skjedde da... Og slikt som biografisk og gruppeportrett forsvann mykje godt frå sjangeren lyrikk - og let att bare restar og spor... Dessverre, vil eg seie, og eg prøver å gjere noko med det.


Her kjem du inn på forlaget sin nettbokhandel .



Ps 15. februar 2006: Situasjonen i norsk lyrikk når det gjeld sjølvbiografisk, tilsynelatande sjølvbiografisk, stoff, er blitt ein heilt annan etter poesiåret 2005.