Til hovedsiden
  Heim  >  Bøker  >  Blokka ungeberget  << forrige bok    neste bok >>  

Blokka ungeberget

Barnebok
Utgitt av Oktober, 1983


Prosabok, derfor mindre omtale her.
I denne boka møter du Yngve, treogeithalvt, broren Hanse, elleve, mora, Tulla, først og fremst, men også faren, i Stavanger, mormor og morfar, farfar og farmor, Eva, åtteogeithalvt, og faren til Eva; Sigrid, tolv, Martin, kjærasten til Sigrid, hunden hennes, King, vaktmeister Bråten, Knutsen i kommunen, uføretrygda Barkåk, Jan Georg, fireogeithalvt, mora og faren til Jan Georg, katten deiras, Per og Rune-Morten, begge fire, læraren til Hanse, ungar i klassen til sigrid, og blokk D på Kalstad...
Boka er full av kapittel, kapittel på både 1, 2 og 3 sider. Det er eit arbeidarmiljø i boka, der kvardagen er livaktig, men der det ikkje skjer noka avgjerande endring med personane i løpet av handlinga i boka. Tidsramma er ein haust, og ramma er til dels bestemt av alderen til Yngve, tre år pluss... Kan dette kallast for ei form for sosialrealisme, altså ei sosialrealistisk barnebok, - og derfor noko det er mindre av i norsk litteratur?
Meir enn opptatt av personleg endring er boka opptatt av faser og vekst, fordi persongalleriet er ungt og i vekst. Og slik som i det lange diktet Nr 13 av Rudolf Nilsen blir det ikkje retta nokon moralsk peikefinger imot dei mange personane, men dei blir skildra, skildra frå ein ung ståstad.


Illustrert av Merete Nissen.