Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Små-sporven

Publisert 2011-04-17 10:44:28, sist endret 2011-05-08 11:39:59

Små-sporven

Og so - kvitt-kvitt, gomår'en!
Foto: http://miljolare.no
Vakna her om dagen til tett fuglesong til og med ein regnversmorgon. Og da tenkte eg straks på ”Små-sporven gjeng i tunet” med Catarinus Ellings gamle heiderskronte melodi, som Deep River Boys fall for. Ja, Elvegutane og ”Små-sporven” ligg ute på nettet i opptak. Teksten er Arne Garborg sin (og ikkje Trysil-diktaren Einar Skjæraasen sin, slik YouTube feilaktig fortel).

Før skolealder budde eg tre år på ein bondegard velsigna med alle dyr og alle produksjonar, slik dette var rett etter krigen. Årstidene er skarpe i Noreg, det skaper ei lengt hos folk og fe. Dessutan er det norske jordbruket (og krøtterstellet) ikkje det enklaste på jorda. Jæren, der Garborg var ifrå, har vel brukt å ha Noregs tidlegaste vår. I Haugtussa står diktet ”Små-sporven”. I denne omfangsrike og solide diktboka, med ei spesiell rammeforteljing, er årstidene sterkt framme.

Sentralt i rammeforteljinga står jenta Veslemøy med sine opplevingar og sine eigenskapar. Ho kunne bli kalt «Haugtussa». Likevel vil ein stor del av dikta i boka bli lesne separate. «Haugtussa» er trykt i eit utal av utgåver, mange av dei er skoleutgåver. Framleis er boka etterspurt i bibliotek.

Her bruker eg ein tekstversjon av «Små-sporven» med doble (og dermed halvparten så mange) versliner:


Sporven


Små-sporven gjeng i tunet og tippar korn og ribbar strå
og hev så god ein une og lær åt katten grå.
Pip, pip, det so seg lagar alle dagar
at Monsemann meg jagar, men kan meg aldri få.

Eg er so lett på vengjen, og Mons må sleikja seg om trut;
kvitt, kvitt, den gamle drengen, han fekk so mang ei sut.
Og om i vide ringar hauken svingar,
eg bort meg kverv og kringar og slepp av leiken ut.

Eg lever dagar lette og er fornøgd, å ja, å ja!
Kvar dag eg fær min mette som eg det best vil ha.
Pytt, pytt, kven spør om føda? Nok i løa!
der ligg den rike grøda, der kan eg berre ta.

Og tidt eg fær i joli ein godbit fin av Veslemøy;
og frys det, hev eg skjol i det gode varme høy.
Og so - kvit-kvitt, gomår'n! so kjem våren, so kjem våren;
då fri på vengjen boren eg byggjer reir på øy.


Arne Garborg blei fødd i 1851, for 150 år sidan. Dermed kjem vi til å høyre mykje om han heile dette året, noko vi heller ikkje har vondt av... Og ålmenta treng å tenkje over kva fenomenet Garborg er og slå sine kunnskapar saman. Med det same vi er inne på Haugtussa, så vil eg også sitere eit eg-dikt frå boka, også dette er henta frå tidleg i forteljinga. (Men her er brukt ortografien i ei 1933-utgåve:)



Veslemøy ved rokken


D’er Haust. Det ruskar ute med Regn og kalde Vind.
Smaafuglen flyg mot Rute og vilde gjerne inn.
Men under Omnen god,
der ligg paa Sekkje-Pute han gamle Mons i Ro.

Der ligg han trygg og drøymer og blinkar stilt og smaatt
og alt i Verdi gløymer og hev det varmt og godt.
Og segjer ingin Ting,
men liksom inn seg gøymer med Rova sveipt i Kring.

Som Silke-Nøste fine han ligg i mjuke Skin
med Svevn i kvar den Mine og alle Kløar inn.
Og glyrer likesæl
med kloke Augo sine og murrar smaatt og mèl.

*

Skal vita kvar du vankar i blide Draumar no?
Kann hende dine Tankar seg svæver lint til Ro
i gamall Minne-Krins,
som stilt i Hop seg sankar fraa den Tid du var Prins?

Venaste Prins i Verdi, du gjekk i Skogen grøn
med Gullhaar yvi Herdi og ung og keik og kjøn,
og tenkte paa den Møy
som gjekk og henta Bæri so vide under Øy.

Daa kom den Trollheks blide med Sving og Sveiv og Svins
fraa Trolleheimen vide og saag den vene Prins.
Men skræmd han fraa ho skvatt.
Daa las ho Trollbøn stride og gjorde han til Katt.

Sidan so vidt han flakkar igjenom Skog og Skar,
langt yvi Berg og Bakkar, og kjem til okkons Gard.
Her kann i Ro han døy.
Her vil han kvile, Stakkar, og tenkje paa den Møy.

Aa hu! det ruskar ute med Regnvind sur og graa;
Smaafuglen flyg mot Rute og liksom bankar paa.
Men under Omnen god
du Mons paa Sekkje-Pute skal drøyme lognt i Ro.