Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Å skifte språk

Publisert 2011-03-08 10:20:01, sist endret 2011-04-04 19:43:32

Å skifte språk

Opphav til eit nasjonalmål i Noreg

Språkstrid? På ulike nivå held språkstriden fram - . Og kva for målform skal vi velje? Korleis handterte eg det norske språket gjennom rådande vindar? Eg vil ta det kort gjennom ei personleg soge. Som forfattar starta eg på bokmål, som var opplæringsmålet mitt gjennom 1960-åra, med dikt som imiterte, men likevel var både personlege og handskrivne «på trykk» (ikkje handskrivne under):



15 menn
red over månelandet uten regn.
Slapp
opp for vann
og kald drikk.
Lange menn red over
månelandet 14 dager
til ende.
De
så sporvognsveien.


Dette var henta frå debuten i 1966. Omtrent når ”den politiske vekkelsen” kom over landet, blei eg - som student - opptatt av tida si nyvekte interesse for både sosiolingvistikk og sosiolektar. Folk på vestkanten snakkar ulikt folk på austkanten. Og dei siste held tradisjonelt betre på dialekten. Eg meldte meg inn i Mållaget og gjorde overgang til nynorsk.

Dei første åra på barneskolen min (i Frol) hadde vi jo hatt nynorsk som skriftmål. Vi gjekk elles på skole annankvar dag, det var nok. På rubrikken for første klasse hos meg sto det slik, og det kan eg vere glad for: ”Vaken og aktiv. Han syner god framgang og gjer heimearbeidet godt.” Så langt, så bra.

Men det kom omrøysting i Frol kommune, ei Nord-Trønderlags bygd nær ved Trondheimsfjorden. Og skolemålet skifta over til bokmål. Dermed følgde bokmålet meg ein lang periode. Overgangen min seinare til nynorsk, det skjedde tidleg i 70-åra, var mitt eige verk. (Men eg jobba frå 1974, slik som alltid seinare, i ein bokmålskommune ved Oslofjorden.)

Det skal også nemnast at eg hadde eldre slektningar som alltid skreiv nynorsk. Bestefar min sette om den islandske nasjonalsongen til nynorsk, dette blei eg vel tidleg fortalt. Og far min og bror hans hadde skifta etternamn frå det ”danskskrivne” Røkke til det som var (og er) namneuttalen i ei vakker Nord-Trøndelags bygd som Skatval, nemleg stadnamnet og slektsnamnet Rykkja.

Etter den siste overgangen skreiv eg eit mildt austlandsk-trøndsk tilpassa nynorsk med bruk av sideformer og klammeformer. Slik byrjar så titteldiktet i 1982:

Draken

Noen som passar for meg?
Eg er eldsprutande.
Eg er aldri den same.
Eg har tusen ting.
Eg går der eg går.


Vel, her er det ordet ”noen” som er valfri sideform og passar med dialektane mine. Elles i det lange diktet finst: koffor, fins, gå an, legge. Denne for meg sjølv fastsette personlege språklina nytta eg i lang tid med ca 5 - 6 bøker, heilt til eg byrja på ein meir klassisk litterær nynorsk, så seint som med dikttrilogien min frå 2003 og utetter.

Men det kom noko til. Eg hadde observert ved eiga røynsle at det var lettast for dei fleste å følgje eit striktare system, anten dei var austlendingar eller vestlendingar. Same kva hadde alle fått nynorsken på øyret gjennom radio/TV pluss gjennom opplesing, og i særklasse opplesing av populære dikt. Og skrift-språket er først og fremst eit nasjonalt system. Ivar Aasen.

Ivar Aasen må takast enda meir på alvor, kom eg fram til. Og parolen må vere: nynorsk for alle! Da er vi der.

Vi er midt i at språkekspertane har fått oppdrag å fingjere nynorsken, å forenkle valet for folk, dette skil seg ikkje mykje frå det som eg hadde lært av eigne - oppsamla - røynsler. Mine røynsler gjekk gjennom arbeid med både eigne dikt og eigne artiklar og - etter kvart - gjennom mangeårig skoleundervisning i faget norsk.

Vi treng eit nytt diktdøme her. Dermed avsluttar eg ei oversikt over språkfaser med eit dikt frå 2003, frå den første boka i trilogien. Eit hus mellom andre heiter denne boka mi; og det er eit dikt med former som (dei kan du finne) «kvifor» og «noko» og «nokre» og «tenkjer» osb.:



No er det nok for ein god rapport



Er du gal. Kva tenkjer du på, lesar?
Eg gidd ikkje fortelje deg heile soga heller.
Eg gadd ikkje ta heile turen heller.
Det var ei helsikes historie.
Eg gidd ikkje fortelje deg om alt eg såg heller.
Kvifor var du ikkje med sjølv?

Det får vere måte på kva du kan hente.
Er du gal, kva tenkjer du på, lesar?
Eg gidd ikkje gjøre reie for alt heller.
Det var ei helsikes historie.
Eg gidd ikkje leggje fram heile saka heller.
Noko gidd eg ikkje dele med heile nasjonen.

Rådmannen laug. Ordføraren laug.
Bygningssjefen laug. Fylkesmannen laug.
Redaktøren laug. Miljøvernministeren laug.
Det er greit det, skal det vere slik, kan eg likevel
seie kva som er rett, gjerne det. Investorane laug.
Advokatane laug. Men det var nokre som visste.



________________________
FAKTA for den nye nynorsken. Ved Guri Kulås, Klassekampen 2/4-2011 (utdrag her)
1. Innstillinga frå rettskrivingsnemnd til språkrådet er ferdig:

** Alle ord vert hovudformer, og klammeformer forsvinn.
** Mindre brukte fomer som i-mål (bygdi, fjelli) blir tekne ut.
** Former som ”noe” og ”hennes” blir tekne ut.
** Berre mogleg med diftong i ord som ”køyre” og ”flaum”.
** Likevel mogleg å velje kløyvd infinitiv (å vera, å kaste)
(...)

2. Styret i språkrådet gjer deretter vedtak 20. mai.

3. Den nye rettskrivinga skal vere på plass til skulestart 2012