Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Cornelius Jakhelln dreg til

Publisert 2011-01-21 14:45:06, sist endret 2013-04-02 12:41:12

Cornelius Jakhelln dreg til

«Eg elskar anarkistane, dei autonome, dei svartkledde akaiar som vil riva Trojas murar.»
Det er ingen gammal mann som skriv dette under, men ein yngre kar som tar opp eldre tradisjon. Diktet under er henta frå den nye og satsande boka TRISYN av Cornelius Jakhelln (frå side 68, siste bolk):


FYRE ME FER


Dei tok eg til meg
som ikkje vilde koma
Dei skauv eg frå meg
som ynskte seg inn

Kor dum ein kann verta
av å tru på seg sjølv
Kor veik av å tvila
på krafti ein hev

Til dykk som snart
skal ganga ut or soga
Me skal taka vare
på det de hev skapa

Ottast ikkje
for borni de lèt att
Me skal taka vare
på deim de hev vanda


Høyrest ikkje dette gammalklokt ut? Ord som ”krafti” og ”borni” i diktet kan ein kalle for i-mål. Her skal eg no raskt servere små og kjende smaksbitar av tradisjonen eg snakkar om:

Kom lat oss nøyta tidi som ho skrider
og minnast at ho skrider ofsa fort. (Innovatøren Ivar Aasen frå Sunnmøre)

Tytebæret oppå tuva
voks utav ei liti von. (Aasmund Olavsson Vinje frå Telemark)

I notti still, ved sengjekrå
Veslemøy ser eit kvende stå
i lange, myrke klæde. (Arne Garborg frå Jæren)

Då støyrde han stongi
so hardt han kunde
i bakken ned,
fyrr han seig innunde. (Pers Sivle frå Voss)

Olav Aukrust

Der nede på elvi er ingen som ror.
Naustet er borte, og nedsanda båten
set aldri meir spor. (Olav Aukrust frå Lom)




Vi kan også ta med ein annan Olav, ein frå ei klårt seinare tid, men likevel ein som kunne tradisjonen og hadde stor respekt for til dømes Henrik Rytter. (Henrik Rytter er atter ein poet som vi no i Noreg grev fram igjen til ettertida.) Iallfall er Hauge her, det velkjende Sagi av Olav H.Hauge:
Skrat,
segjer sagi.
Stød ved.
Ho segjer kva
ho tykkjer, sagi. (Olav H.Hauge frå Ulvik)


Vi skal tilbake til Cornelius Jakhelln og den nye boka hans. Han startar med eit programdikt. Og dette står aller først i boka etter eit rammedikt henta frå ”skalde-aukrusten” Olav Aukrust, diktet NORRØNASONGEN. Jakhelln introduserer ordet ”trisyn” i programdiktet sitt:


Tvisyn fekk tak i
det høge det låge
rælet og rauvi
arvesylvet baki

Tvisyn tek saki
å bosta dusten
av vinje-venen
og skalde-Aukrusten

Tvisyn ser saki
hønstre og vegre
frå midt på treet
og sidone tri

Tvisyn tek tak i
sitt kvervlande vidsyn
vil gjera sitt einsyn
til eit blenkjande trisyn


For meg er dette fascinerande. Vi ser at Jakelln går tilbake til æddadikt og skaldedikting og stavrim. Og han er like god i andre og langt nyare versmål og former. Han koblar elles saman både norrøn tenkegang og svartmetall. Samtidig er han sterkt inne i tida i dag og følgjer opp tema som Kristin Auestad Danielsen introduserte sterkt og fantasifullt i diktboka Nynorsken i 2007, nemleg kva og korleis skal nynorsken vere. Her er eit enkeltdikt av Auestad Danielsen:



Hopp på Halldis Moren Vesaas-hjorten på karusellen!

Køyr med Arne Garborg sitt fylleangst-tog!

Skyt blink og få bamse.

Elsk i nasen til Ivar Aasen,
og der: Ein diftongklovn frå helvete.

Dei moralsk forkastelege sjanglar
seg til bokmålshorene i utkanten
og får kviskra opphissande ord i øyro: jeg er skitten.


Vaa-svana svirrar rundt og rundt, kvalm og ør og går i bakken.

Ei smekker dame i pepitaruter, Åse Marie Nesse-bjørka, svaiar sanninga i augo våre.






***
Bokvennen ser vi ei ny bok om den gløymde poeten og gjendiktaren Henrik Rytter; og også dette siste trekket frå lagnaden er undersøkjing av nynorsk mål og estetiske spørsmål - . Same kva er poeten Cornelius Jakhelln svært god og oppfinnsam i sjeldant mange dikt. Da er TRISYN tilrådd.




Og ps april 2011: Havsalt
Heldig var eg da som fekk lese eit dikt av Henrik Rytter bakpå Dag og Tid. Dette diktet er omtalt gjennom det nye Skrift og strid. Essay om Henrik Rytter, ved eit essay skrive av Paal-Helge Haugen.



Havsalt


Stormen kom over ville hav,
då brandgule kveldsglimen slokna av,
og myrkret valt fram og rådde.

Eg levde gjennom ei stormnattsrid;
det var ikkje anna enn desse tri:
stormen, havet og myrkret.

Då dagen gråna fram, bleik og arm,
eg hustrande stod ved min vindaugskarm,
og glaset var åldekt av havsalt.

Eg skimta mi øy med hvet kring;
men alt var so framandt: eg såg kvar ting
gjennom beiske lag av havsalt.



Or Henrik Rytters Øya (1920), opplyser Dag og Tid.