Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Levi Henriksens debut

Publisert 2010-11-10 11:48:06, sist endret 2011-07-07 17:43:40

Levi Henriksens debut

Levi Henriksen gjer det med dikt - .
FOTO: AUDUN HOEM HAGEN
EIN FORFATTAR PÅ 2000-talet gir først ut dikt i 2010, da må det vere noko nytt han kjem med. Når eg seinare les dikta, tenkjer eg sterkt: Kvifor skreiv aldri nokon før slik – i versliner?

Betre enn dei fleste diktbøker hos oss i år er: Kjære deg min kjære, av Levi Henriksen. Kort fortalt om det sosiale: Eit stykke unna Oslo er Kongsvinger. Og eit stykke unna Kongsvinger er bygda. Dette kjenner vi hos Levi Henriksen frå romanar han har skrive. Og i dikta skriv han mellom anna om foreldra sine annleis personlegdomar, men også om plasseringa deira i samfunnet. Her er det tredje diktet:


KNIVER OG KOFFERTLOKK


Det er blitt noen kniver i veggen
og dører vrengt av hengslene.
Jeg har lært meg at stillhet
ikke alltid er det man skal søke.
Faren og moren min,
jeg kan aldri huske de hevet stemmen,
aldri huske han spant av gårde over tunet hjemme,
men så var han jo så forsiktig med bilene sine.
Han sto heller aldri og bet tenner med lommene fulle av knyttnever.
Kan aldri huske mor bruke koffertlokket som en slags skrivemaskin
der hun hamret inn punktum etter punktum med harmdirrende pekefingrer.
Men vi er ikke faren og moren min,
vi tilhører hver vår stamme, der øksestålet aldri rekker å ruste i jorda.
Og det er i denne krigen jeg finner slik fred
når handa mi griper di i søvne.

Diktet skildrar - og det tematiserer - eit stort kampmot. Heile boka tar del i dette. Ikkje minst prøver Levi Henriksen i dikta å skape ei plattform for notida og det som vil komme. Ja, han er flink med draumane i livet, og han har uvanleg mykje å gje.

Også tilhøvet til avkommet, dvs neste generasjon, kjem inn når det er snakk om det som vil komme.


* Jamfør prosa-diskusjonen.

I prosa-diskusjonen i haust har populære sjølvbiografiske romanar fått kritikk for at det blei dikta med private personar inkludert deira indre tankar og kjensler. Denne litteraturen er blitt vanskeleg å kritisere, har Susanne Christensen forklårt i Klassekampen. ”Virkelighetssuget setter forfattarene i en uangrpipelig posisjon.” (sitert frå KK 8/11). Ho bruker Beate Grimsruds sjølvbiografiske roman som døme på dette.

Det er klårt at Levi Henriksen sine dikt er i slekt med Knausgård og Heivoll og Grimsrud sine romanar. Men han skriv faktisk dikt i boka Kjære deg, min kjære. Og eg ville aldri mistru respekta hans for folk og forståinga hans for sjangren dikt sine rammer. Han veit at ein stor del av diktet rommar kjærleik/tiltrekkjing og ei sterk objektivisering av temaet i diktet, ville eg tru. I diktet over presenterer Henriksen ingen av tankane til foreldra sine, han berre slår fast noko som dei ikkje gjorde (av det han kan «hugse»), i kontrast til sitt eige liv. Forfattaren har også hatt desse dikta ”inne” ei stund, på vent, ser eg føre meg... Det er mange gonger raskare å misbruke menneskelege modellar i romansamanheng, med det «suget» som er i romanbransjen. Men dermed ingen kritikk her - av forfattarar som mange tenkjer på og les med utbytte.

I nyare norsk lyrikk går den personlege dediseringa - og den objektiviserande og opne måten å skrive om nære personlege tilhøve på - tilbake til Jan Erik Volds Mor Godhjertas glade versjon. Ja. Hos Vold blir den historisk-biografiske metoden frå den eldre litteraturvitaren Francis Bull feira og tematisert i Godhjerta. Hos Levi Henriksen kan ein nesten snakke om ein vellykka historisk-biografisk diktemetode for han og for eit Noreg under pengepress og pengepress.

Det er ikkje underleg at seriøse forfattarar grip til opne levande modellar for diktinga si, når ein tenkjer på den langvarige fasen med alle slags konstruerte reality-seriar. I går såg eg omtalt ein ny norsk spelefilm, der kjendisar en masse, frå TV særleg, spelte roller, og ofte roller som nesten-seg-sjølv eller nesten-seg-sjølv-privat, dvs dei er midt i mediearbeid.


* Oppskrift, manifest

Lyrikken står meg nær, eg må berre seie det her. Og sjølv er eg lyrikar; men sjangermessig har eg vel sjeldan vore innom den gata som Levi Henriksen nyttar i Kjære deg, min kjære, i så fall måtte dette vore (nærmast) på starten på trilogien min, som er diktboka Eit hus mellom andre frå 2003.

Likevel bruker eg oppskrift når eg les Levi Henriksen, oppskrift som eg trur på alltid ved lesing av lyrikk: Det bør vere elektronisk poesi, meir elektronisk poesi! (Jamfør artiklar på akkurat denne nettstaden.) Og det er fint med nytt, det er finare for meg enn for dei fleste andre. Men eg vil sterkt reservere meg i den motsette retninga. Eg er ingen vanleg bokmodernist. Når det gjeld poetisk negasjon som ein modernistisk metode kan eg spare meg. Moter og motehysteri finst ikkje så heilt sjeldan i bransjen. For meg må det aller beste nettopp vere opphevinga av at det alltid skal vere negasjonen av noko som rett er skapt - . Eg las i ein artikkel nyleg at somme dokketeaterfolk for hundre år sidan hadde sagt imot denne tvangsmessige negasjonen - . For hundre år sidan.

Min avantgarde gjeld tilhøvet til publikum først og fremst, og meir om dette - som er ein rett historisk avantgarde utvikla rundt 1967-69 - kjem sidan.





Ps 25/11-2010: Poesiportalen har ein interessant omtale av diktboka til Levi Henriksen .


Ps 14/2-2011: Dagbladet sin Helge Torvund har denne meldinga av Kjære deg, min kjære .