Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Vi hugsar han og henne

Publisert 2010-10-13 19:00:38, sist endret 2011-08-07 23:20:27

Vi hugsar han og henne

Mange snakkar om John Lennon no. Det nærmar seg desemberdagen da han blei skoten for tretti år sidan. Eg hadde ein kjærast som var forelska i John Lennon, nesten alle yngre og unge jenter på 1960-talet var forelska i Lennon; han peikte seg ut i Beatles. Sjalu eller ikkje, så forsto eg dei.

Yngre delar av den norske poesistanden var imponerte over Lennon/MacCartney i 1967... Lennon fekk barn også med kunstnaren Yoko Ono, noko seinare, og somme var imponerte over rockestjerna som heimefar og freds- og kjærleiksforkynnar. Denne teksten frå 1980 toler også å lesast på skjerm, trur eg:


Woman I can hardly express
My mixed emotion at my thoughtlessness
After all I'm forever in your debt
And woman I will try to express
My inner feelings and thankfullness
For showing me the meaning of succsess
oooh well, well,
oooh well, well,

Woman I know you understand
The little child inside the man
Please remember my life is in your hands
And woman hold me close to your heart
However distant don't keep us apart
After all it is written in the stars
oooh well, well,
oooh well, well,

Woman please let me explain
I never meant to cause you sorrow or pain
So let me tell you again and again and again
I love you (yeah, yeah) now and forever
I love you (yeah, yeah) now and forever
I love you (yeah, yeah) now and forever
I love you (yeah, yeah)...


Yoko Ono og John Winston Ono Lennon samarbeidde på plater. Yoko Ono blei ikkje treft av revolverskota den 8. desember i New York og levde vidare som enke og aktiv kunstnar . På ein tur til Stockholm for omtrent 10 år sidan såg eg utstillinga hennar på Moderna museet, det var ei av dei mest forvitnelege kunstutstillingane som eg har sett, og også av dei utstillingane som peikar mest framover. Ono har vore i Noreg fleire gonger.