Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Forteljarkunst i litteraturen?

Publisert 2010-08-09 18:54:49, sist endret 2017-04-02 14:54:53

Forteljarkunst i litteraturen?

Krimdronning Unni Lindell med ein tradisjonell krim-reiskap klar, revolveren.
Foto: Terje pedersen, ANB
Det har utvikla seg nok ein litterær debatt kring bestseljarvesenet. Med artikkelen «En god historie» går Marius Aronsen, redaktør i Bokklubben Nye Bøker, i rette med dei som har nedvurdert krimlitteraturen. Han blir intervjua i Klassekampen 4/12 og blir der sitert slik:
«Det er et sug etter gjenkjennelse, det å bli plassert i en sammenheng, og dette tror jeg historien og fortellingen er flinkere til å oppfylle enn den smale, introverte litteraturen.»
Deretter har KK intervjua forlagssjef Anders Heger, som delvis seier noko anna enn Aronsen. Og NRK intervjuar leiar i Den norske Forfatterforening, Anne Oterholm, som peikar på ei rekkje gode forteljarar i nyare norsk litteratur og namngir dei. Godt jobba av henne.

Sjølv har eg - for ei tid sidan - gått til åtak på einsrettinga i den mest spreidde krimlitteraturen da eg skreiv nettartikkelen Kor er litteraturkritikken? Dei aktuelle døma som eg analyserer, er Jo Nesbø, Unni Lindell og Camilla Läckberg. Dei byr ikkje spesielt mykje på gjenkjenning, dei har meir av det eventyraktige over seg, der den einslege detektivhelten deira (tenkj på Harry Hole og Cato Isaksen) figurerer som askeladd utan kongrerike. Krimhelten er Det Gode, og den altfor lite realistiske masse-mordarfiguren er først og fremst Ond (dvs Heks eller Troll).

Marius Aronsen er ikkje den rette til å kritisere litterære miljø og snakke om «sug». Marius Aronsen er i denne debatten den betalte Riddaren. Og Riddaren har reist seg, kanskje mest for å forsvare krimlitteraturen si store vekt. Vi treng da ikkje nordiske konservative krimforfattarar som motstykke eller læremeistrar til sekteriske litteraturmiljø som finst - . Da får Aronsen komme tilbake og bli meir spesifikk. Og han skal få spalteplass her på nettstaden.




Ps 4/3-2012:

Nyleg hadde Gert Nygårdshaug eit skarpt utfall mot mykje av kriminallitteraturen sin manglande klokskap , og han får følgje av fleire.