Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Kor er litteraturkritikken?

Publisert 2010-03-18 11:05:56, sist endret 2017-04-12 11:46:55

Kor er litteraturkritikken?

Offeret myrda av NY seriemordar -
Får eg fortelje det som hende? Det følgjande har nyleg hendt oss: Vi skulle ha noko å more oss med, og dermed fekk vi tilbod om å låne ei lydbok med Snømannen, krim av Jo Nesbø. Eg veit godt at dette er ein mykje lesen litteratur, men sjølv kjende eg hittil ikkje Jo Nesbøs bøker. Med lydboka kunne vi følgje med både under bilkøyring og via cd i stova; det blei fort ein del lydbok-skiver. Politiet i Bergen, som ikkje er eit spesielt ukjent politi, blei tematisert; heile soga strekte seg tilbake i tid, relativt opplysande for meg; også sexkjøp blei tematisert i boka. Etterkvart blei det til saman i denne romanen ei lang rekkje mord da, relativt søkte slags ritualmord - neppe seksualmord - i komponert serie. Og eg reagerte negativt på det. Kvifor skriv Nesbø om spesielt ukjende ritualmord framfor å velje sjalusimord eller spennande heilstøpt eller utspekulert vinningskriminalitet, som er ein for livet så rett vanleg og øydeleggjande kriminalitet?

Deretter fall det seg slik at vi følgde med på ein krimserie i Nrk, miniserie basert på Unni Lindells roman frå avansert orkestermiljø, Orkestergraven, og i vekene deretter serien Honningfellen i to episodar. Også der var det galningar til sjuande og sist som sto bak morda, galningar som hadde noko eller svært god evne til å lure politiet trill rundt. Og politiet da - det var først og fremst dei lite kvilande etterforskarane Harry Hole (hos Nesbø) og Cato Isaksen (hos Lindell). Om desse etterforskarane hos Nesbø og Lindell kan eg nemne eit par spesielle tilhøve. 1) Etterforskarane får trugsmål heilt inn i sin eigen familie, barna deira blir bortførte og liknande - . 2) Etterforskarane gjer mykje ulovleg og valdeleg utan at dette får særlege følgjer for dei i og på jobben, frå leiinga eller kollegaer si side.

Kva er dette? spurde eg meg. Køyrer krimforfattarane i nøyaktig det same sporet? - Dei etterfølgjande vekene ser vi framleis miniseriar på tv. Eg gjer det for å etterforske. Nrk sender eit par miniseriar baserte på romanar skrivne av den unge svenske forfattaren Camilla Läckberg, og først ser vi Stenhuggaren i to delar, i den opererer forfattaren i første del med to skarpt skilde tidsplan, som så blir førte saman heilt ved enden av del to, når alle mordgåtene endeleg skal oppklårast og forklårast. Men så er dette jo likevel nøyaktig det same fjerne opplegget som eg har skildra ovafor!

Den tekniske etterforskaren hos den yngre Camilla Läckberg var riktignok ein annan og rolegare type enn både Hole og Cato Isaksen. Men dette er underordna. Det følgjande konsekvente opplegget er faktisk tilfelle:
1. Igjen blir etterforskaren sitt barn truga. For tv-sjåarane.

2. Mordaren i Läckbergs Stenhuggaren er nokså lik mordaren i Honningfellen av Lindell, nemleg ei eldre spinngalen, men svært kalkulerande, kvinne, nok ein galen vanleg person.

3. Ideologisk er denne skrekklitteraturen ein svært fordummande gammaldags sjangerlitteratur, som får altfor liten motstand i det litterære systemet, til dømes får krimmen ingen spesifikk aviskritikk.

4. Denne såpass ferske og etter kvart utbreidde krimmen har eit merkeleg og avleggs kvinnesyn. (Ps: Jamført med til dømes Agatha Christies «Poirot» eller «Miss marple»). Bortsett frå kona til «Cato Isaksen» så er kvinner spesielt utilreknelege i seriane.

På Nrk har vi også fått første episode av Camilla Läckbergs Ulykkesfuglen (norsk tittel). Enno har vi ikkje sett andre og avsluttande episode, men eg ventar meg ikkje noko no som har med røynda å gjere, framføre avslutninga av dei siste mordmysteria. Den felles nordiske kriminallitteraturen som massemedia byr på i mengder, går som heilskap i dass. Etappevis må det ha skjedd ein utruleg nedgang i litterær kvalitet sidan Agatha Christie eller Gunnar Staalesen kom på banen i krimsjangren. Og i vår tid skulle det vere meir enn nok av mord og andre kriminelle ugjerningar å hente frå den tråkige røynda til å lage ny både engasjerande og skrekkblanda litteratur av, skulle eg tru! Når det gjeld aktuell krim på tv, må det vere mange kritikarar som i dag ikkje gjer jobben sin. Kva er det dei driv med?





Ps 23/3-10:

Vel, andre episode av Ulykkesfuglen er send på Nrk. Resultat da? Jo, nye fikse idéar-mord, utførte av utspekulerte og svært så uthaldande massemordarar frå dei breie lag. Mordarane gøymde seg godt i hjelpeapparat og politietaten, på lågt nivå; og her var det to søsken som i spann utførte massemord.

Ofra som fekk unngjelde, det var fyllekøyrarar i Sverige, innblanda i eldre trafikkulykker, ulykker som det sjølvsagt ikkje var noko tilgjengeleg tematisert kriminalregister for. Desse fyllekøyrarane - hald deg fast - blei myrda og deretter sette inn i ein havarert bil, slik at det skulle sjå ut som om dei hadde køyrd seg i hel i fylla. Alt så «smart», så «smart»; angst på angst i denne litteraturen. Riktignok med nye tekniske påfunn for intrigen, men samanlagt fjernt frå røynda.


Og ps 30/3-10:

Kriminallitteratur er ein del av den generelle litteraturen, men ein meir harry (eller kulørt) del enn til dømes poesien er. Likevel kan kriminallitteraturen som er skildra i denne artikkelen - og henta frå massemedia i det siste - ha ideologisk slektskap med formulerte straumdrag i andre delar av den generelle litteraturen. Avisa Klassekamen bruker uttrykket «svartsyn» om den siste essaysamlinga av Stig Sæterbakken, Dirty Things, frå 2010. Her er eit tosiders lanseringsintervju med Sæterbakken, der den prislønte forfattaren gjer seg til talsperson for «kaos» .