Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Romanar OG barnevers?

Publisert 2009-11-17 13:31:38, sist endret 2012-07-05 11:16:55

Romanar OG barnevers?

- ein allsidig forfattar: Knut Nærum Scanpix
Forfattaren Knut Nærum var nyleg på vårt lokale bibliotek og las frå verka sine, for 180 tilhøyrarar. Han har jo desse mediakritiske første verka sine med til dømes parodi på norsk litteratursoge. Og han har nyskodde oppfølgjarar av André Bjerke sine kriminalromanar. Han har òg fersk barnebok med vers der det går ille med SLEMME BARN, sterkt inspirert av ein såpass mykje eldre oppfostrings-litteratur som Margrethe Munthes. Eigentleg er dette frå Nærum ganske velgjerande litterært:

STURE MED MUSIKK PÅ ØRET

Alle steder Sture gikk
hørte han på sin musikk
gjennom hodetelefoner.
Høye, harde rocketoner.
Skarpe skrik i mikrofoner.
Bråk som i en flyfabrikk.

Høy musikk som ikke gav seg
fra han våknet til han la seg.
Sture hørte verken trikken
eller resten av trafikken.
Hodetelefonmusikken
gjorde såpass mye av seg.

Klassen dro i dyrehagen.
Dette var dessverre dagen
løven kom seg løs fra buret.
Sture lot musikken dure.
Derfor endte stakkars Sture
livet sitt i løvemagen.

Alle unntatt han ble redde,
for de skjønte hva som skjedde
da de hørte løven brølte.
Sture sto igjen og nølte,
skjønte lite før han følte
løven beit i ankelleddet.

Sture døde, men man sier
mange hørte melodier
komme ut fra løvens mage,
høy musikk i flere dager,
lyd som ingen løver lager.
Det var gode batterier.

Vi kan le av humoren hos Nærum her, gjerne, men diktet er godt gjort. Skal eg bruke ein venns devise da: Alt er enkelt når du kan det. Alt må lærast om det er aldri så enkelt.



Vel. Denne kombinasjonen av romanverk og vers byrja eg å lure på: Margaret Skjelbred, som er ein dyktig og frisk romanforfattar, kom i 2008 med boka Glad som ei lerke – død som ei sild. Og denne var eit samarbeid mellom Margaret Skjeldbred (som versmakar) og Odd Børretzen (som teiknar). Dei to første av alle dei mange likeforma strofene ut gjennom barneboka lydde slik:

Flittig som en maur

Hr. Flittig var så flittig som en maur.
Han slepte sammen tusenvis av staur
Og bygde seg et hus som nådde skyen.
Det var det høyeste i hele byen.
Der satt hr. Flittig aller øverst oppe.
Han tittet ut og tenkte: - Skal jeg hoppe?



Sterk som en okse

Hr. Sterke var så sterk som tretti okser.
Han spradet rundt i trange ola-bukser.
Han bokset til hr. Tillitsfull i magen
Og hengte hr. Forsiktig etter kragen.
Men han ble trist hver gang han tenkte på det.
Hr. Sterke gråt en skvett når ingen så det.


Eigentleg starta Margaret Skjelbred sin diktarbane med talentfulle dialektvers i fleire samlingar, til dømes kan vi nemne Det er aleine du er (1983). Frå denne er



Har’u vært ongdom?


Har’u gått sti’n under bjerkeallé’n
hand i hand med en kjærste,
og visst at bak skjolet, der nabo’n har ve’n
vanta det beste – og verste?
Har et kyss med litt gæern plassering
hengt seg fast i ei tannregulering
og gjort deg så flau at du ønska deg dau?
- Da har’u vært ongdom. Du au.



Nei, det sluttar ikkje der for meg. Eg tenkjer vidare på kombinasjonen av roman og versform, versform inspirert av eldre oppfostringslitteratur. Fleire døme finst. For det siste verket til Jon Fosse, frå i år, heiter Songar og inneheld nemleg vers/ strofer/ dikt av denne typen (og det interesserte meg straks). Tittel: Barnesong.



Eit barn står og ser med sitt auga
og ser at månen er blå
Eit barn står og ser med sitt auga,
så reiser det seg for å gå



Eit barn står og ser med sin vilje
og ser at mora er til
Eit barn står og ser med sin vilje
og seier så nett kva det vil



Eit barn står og ser med sitt hjarta
og ser at steinen er god
Eit barn står og ser med sitt hjarta
og veit det ein aldri forsto


Songane av Fosse er tinga til festspela i Bergen og tonsette av Gabriel Fliflet. Jon Fosse, som er svært godt kjend internasjonalt, har skrive romanar, skodespel, essay og bøker for barn. Ser vi med Songar ein nyare tendens? At romanforfattarar ønsker å bruke - eller fornye - ei eldre versform i lyrikken?







Ps 7.juli 2012

No har eg ved sjølvsyn sett at barn i 6-10 årsalder blir sterkt trekte til Knut Nærum sine barnevers (omtalt over), enda om dei kan få enkelte vonde draumar frå dikta.