Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Er det grenser (for det konkrete)?

Publisert 2008-04-12 08:54:48, sist endret 2014-01-23 10:04:05

Er det grenser (for det konkrete)?

Lars Mikael Raattamaas 2005-bok
Kan/ kan ikkje konkretpoesien vere politisk? La oss seie Al-Jazeera. Det må vere arabisk, la oss tru det. La oss seie at Al-Jazeera tyder ”jorda” eller ”vatnet”, eller for den saks skuld ”himmelen”. Men tydinga her treng ikkje vere viktig. Ordet kan vere ein metafor. La oss seie at ordet er namnet på ein uavhengig arabisk TV-stasjon. Og la oss lage eit seminar da og overtale fornuftige menneske til å diskutere eit dikt som er døypt ”Al-Jazeera”. Da går det vel bra? Tru det.

Anna Hallberg har skrivi ein lengre rapportartikkel, som bl.a står i den norske katalog-boka Audiatur 2005. Saman med den sto tre store fullpakka sider med «lause teikn», som eg bladde over først. Tre fulle sider med lause teikn er ikkje det heilt store for meg. Heilt til eg såg Geir Gulliksens avisartikkel om den råflotte katalog-boka, det var jula etter i Klassekampen, noko som fekk meg til endeleg å lese diktet til Lars Mikael Raattamaa, Al-Jazeera, og Hallbergs artikkel saman, altså i Audiatur 2005.
Denne tenkinga har eg gjort for tidsskriftet Bøygen 1-2008.
Men første inntrykk altså, og heilt overflatisk, var liksom eit krigsfelt etterpå slaget, eller liksom ei øydelagt datamaskin, eller liksom nokre sider klårt uleselege programerer-språk. Alt dette klarte eg å tru, utan å lese på vanleg vis kva som faktisk var der.


Det arabiske ordet i tittelen sto som ein trussel, slik som arabiske ord kan gjere i norsk setting, og sterkt frammandt, slik det framleis er med arabisk - .


Hallberg tar ikkje opp det mest opplagte, når ho refererer (frå Ann Hallstrøm, greit nok) at ordet på arabisk skal tyde ”øy”. Al-Jazeera er ein uavhengig arabisk TV-stasjon. Korkje Hallberg eller for den del Gulliksen slepper jo katta ut av sekken. (Tydinga ”øy” skal vi komme tilbake til.) Hallberg og deltakarane tar ikkje opp den opplagte nøkkelen. Men ho skildrar utførleg og interessant alle dei underlege reaksjonane som yngre nordiske forfattarar kom med i runden med den politiske svenske forfattaren Lars Mikael Raattamaa sitt dikt, dette diktet som viser seg derimot for meg, ved eiga lesing, å vere eit usedvanleg gjennomført konkretdikt.


Først kjem nokre ulike observasjonar: Det frammande og vanskelege for oss europearar med det arabiske slyngande alfabetet (skrifta). Minner det noko om vår eldre løkkeskrift i skolen?


Vanskeleg kontakt, tenkjer eg på. Arabiske brokkar. Eller heller: korleis vestleg må kunne fortone seg for arabarar som ikkje kjenner europeisk skrift.


Ein konkretpoet bruker bokstavane. Dei er å bruke til dikt. Rattammaa trykkjer på alle teikna på tastaturet. Dette går opp for meg når eg les, verkeleg les, det som står der på boksidene: Han nyttar jo fullt ut det internasjonale dominerande tastaturet.


Med Hallbergs ord: Politisk dikting på ein ny måte. Som noko ho er opptatt av. Her er det jo politikk i det konkretistiske. ”Ny måte å vere politisk på”. Klart det.


Innskoten note frå meg: Berre jamfør med danske Claus Beck-Nielsens bok Das Beckværk. The democratic destination: IRAQ (Gasspedal 2005).


Eit vidt spekter i diktet. Fått inn verda - med alle dei mange skiljeteikna (som vi kallar dei) brukte. Frenetisk nedskrivi, eller impresjonistisk - ? Måler ei høgeksplosiv verd, sjølve slagfeltet i verda, med minningar om ”terrorismen” eller rett og slett sjølve Irak-krigen.



II


Komponerer poeten dette? Først på med: små teikn, aksentane m.an. - lausrivne aksentar og ”halvteikn”, og noko stig fram, delvis på engelsk, brokkar. Seinare alfakrøll, deretter £ og $. Treng vi eit hav av fantasi for å forstå teikna £ og $? Etter ein del «om og men»: diktet ender med ”aksentane” tilbake igjen, slik at forma blir klassisk runda av.


Dette er eit dikt om kommunikasjonen i verdsmålestokk, tenkjer eg.


Diktet prøver til dels å nærme seg for å imitere systemet med arabiske 28 konsonantteikn og vokalar tilsette over - . Raattammaa nærmar seg dei arabiske skriftteikna med teknikken sin, det er slagferdig.


At teikna £ og $ har vori og er på tastaturet, det speglar internasjonale makttilhøve, ikkje minst makttilhøve historisk i Midtausten. Teikna er der framleis på det internasjonale tastaturet, den dag i dag, dollar og pund i særklasse.


Poeten har eit veldig konkret poeng med utgangspunktet sitt. Eg blir fascinert. Han brukar rett og slett alle teikna på det vanlege tastaturet, teikna som vi bruker til å skrive kjærleikserklæringar på & gjere forretningar på & skrive hatbrev på. Eit følsomt verk.


Han bruker rett og slett alle teikna og avslører at dataverda byggjer bruer. Han viser det internasjonale systemet eller avslører eit manglande vilkår for kommunikasjon, altså ein stor brist.


Eit tvers gjennom konkretistisk verk, påstår eg. Eit verk om kommunikasjon. Det er noko med å sjå skogen for berre tre eller sjå det snille trollet for berre buskute augnebryn.


Nettverk? Ja. Men opent er riktig. Overblikket vi får til, og som hjelper oss i lesinga av diktet, er skapt av kunnskap.


Al-Jazeera, dvs ordet «øy» eller ordet «halv-øy», er eit arabisk uavhengig kommunikasjonsmedium og fekk ein sterk posisjon alt under krigen i Afghanistan som følgde rett etter terroråtaka 11. september 2001.... TV-stasjonen er uavhengig både av arabiske regjeringar og av den amerikanske presidenten sine ønske. Diktet vil ikkje komme til sin rett om vi held utanom kunnskap om arabisk skrift. Diktet vil heller ikkje komme til sin rett viss vi underslår alle våre kunnskapar om ein svært kjend uavhengig arabisk TV-stasjon, som blir mot-arbeidd av alle maktstrukturane i verda, men som ikkje lar seg kneble. Altså arabisk igjen.


Nettverk i kunsten? Kunst er ikkje offentleg forvaltning, har ikkje habilitets-reglar på same måten som i det politiske livet. Men diktet for meg er habilt, og diktaren er habil.


Raattammaa har eit forord i Politiskt våld (2003), som er boka der diktet Al-Jazeera går inn. Eg berre nemner det heilt kort. Kan eg med dette tilrå forfattaren og bøkene hans. Det finst eit lengre byvandring (intervju) med Raattamaa i Bøygen 03/05 . (Sjå nedover lista hos «Tidsskriftforeningen».)



Ps 19/5-08: Her er utdrag av diktet , slik det sto i tidsskriftet hvedekorn 1/03.