Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Ord i det offentlege?

Publisert 2007-12-04 12:03:13, sist endret 2008-10-17 13:49:36

Ord i det offentlege?

ordlydar i lufta, med ei fangedrakt
Dette skal handle om tekst og skrivne ord. Dette skal handle mest om diktarord. I prinsippet ser eg klårt tre skilde sektorar for tekst og skrivne ord. Det er - stort sett - akademia, marknadsmedia og til slutt slikt som Wikipedia. Sagt på annan måte: For dei innvigde, marknads-føring for massen, og felleseige... Det offentlege er - for meg - splitta i desse sektorane for ord, sjølv om det også finst overgangar mellom sektorane.

Den akademiske sektoren er tradisjonelt lukka, kan vere for lukka. Her har dei avgrensa innvigde ein sjanse til å vere lærde og kanskje gå i djupna, men det er også nærliggjande for mange innvigde å mure seg inne i isolasjon og sneversyn eller satse på det altfor velprøvde og sikre. Tragisk døme på akademisk kollaps er Holbergs figur Erasmus Montanus.

Det beste dømet på marknadsmedia i litteraturen er alle diktar-jubilea, som kjem når det er gått 100 år eller 200 år etter fødselen til diktaren. Ved eit slikt marknadsaktig jubileumshøve kjem det ut biografiar, og det kjem ut nye bokseriar - dette eller hint som får fart på eit elles skrantande boksal.

Lokale Diktets Venner, som held til i Skien (og som eg er medlem av), har ofte fine arrangement rundt slike skiftande jubileum: Dei aktuelle arrangementa før denne jula illustrerer det offentlege sitt spelerom, tykkjer eg:

Novembermøte om Halldis Moren Vesaas, som ville blitt 100 år i år. Ingrediensar er ein flunkande biografi og populære dikt som Ord over grind om att, no i musikalsk innpakning.
.
Desembermøte om Johan Sebastian Welhaven, 200 år sidan fødselen hans; og flunkande biografi. Dertil dette greie temaet på møtet: Herman Wildenvey; det er akkurat 100 år sidan Wildenvey pangdebuterte med Nyinger.

Kven skriv så desse biografiane da? Journalistar og folk som sit inne med kjeldetilfang. Historikaren Anne-Lise Seip dreg vekslar på kunnskapane sine om noregssoga for epoken da Welhaven var verksam litterært, og Seip går påpasseleg gjennom og utnyttar breva som Welhaven skifta mellom seg og tre nære kvinner i livet hans. Dette var Camillia Collett, dette var Ida Kjerulf, og dette var ho som han seinare blei gift med... Journalisten og forfattaren Olav Vesaas dreg vekslar på kjeldetilfanget han sit inne med som eldste barn av Halldis Moren Vesaas.




Vel. Eg nemnde dei tre sektorane: Akademia, marknadsmedia og felleseige (t.d Wikipedia). Ja, det er rett at desse sektorane samarbeider på eit vis. Eg møter no i haust søkarar på nettet som søker etter kunnskap om Welhaven og landar på nettstaden min, på artikkel om Wergeland og Welhaven , etter at desse søkarane i lang tid først og fremst - kanskje einast - har vore ute etter kunnskap om Wergeland. Dette demonstrerer ulike søkeord på teljeappratet som eg har til nettet... Kommande år er det så gått to hundre år sidan Henrik Wergeland blei fødd, og da kjem han dundrande «tilbake», i kva form?

Ei rekkje diktarar til får sin biografi for tida: Rolf Jacobsen (hundre år sidan han blei fødd) - Per Sivle - Olav Duun - Arvid Hanssen - nemnd i fleng. Eg har ikkje hatt så mykje stoff om forfattaren Arvid Hanssen på nettstaden hittil, men i det siste har det skjedd ein dramatisk auke i nettsøk som ender på dette stoffet mitt, etter at sonen til Arvid Hanssen i år har skrivi biografi om faren . Det ligg ei stor interesse latent for Arvid Hanssen, vil eg tru, han er blant anna eit viktig symbol for landsdelen Nordnoreg.

Konseptpoeten Kenneth Goldsmith hevdar at samfunnet flyt over av tekst, slik at vi har meir enn nok av det. Han har eit poeng. Og ord er ikkje alt ! Eg ser at det ynglar av ord i akademia, sjølv om det er like lett å få auge på holrom... Det er iallfall tilstrekkelege ord i marknadsmedia, ikkje minst i USA. Bevare meg vel. Men framleis er det langt ifrå nok tekst på nettet og wikipedia, på alt dette hittil udefinerbare, som eg etter at internett er blitt meir tilgjengeleg for dei mange, valde å kalle for felleseige.

Kontroll: I dagleglivet opplever eg - personleg - slett ikkje eit overforbruk av ord, det måtte i så fall vere mett oppleving av lettkjøpte ønskemål i kommunale politiske papir. Vel. Vi improviserer eit kort dikt: Mange ord fell i god jord. Når det så gjeld nye dikt i dag: Poetar som vil lodde djupt, irekna meg sjølv, må iallfall passe seg godt for tynne snøre som kan ryke.