Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Glad i dette landet

Publisert 2007-06-25 17:15:16, sist endret 2017-01-04 12:35:43

Glad i dette landet

Poeten Edvard Hoem går ny veg
Lydbok er ein ny sjanger (ny i høve til bok), seier Edvard Hoem, som har samarbeidd med musikarar i alle år og 2007 gir ut Du er blitt glad i dette landet (Dikt og songar 1972-1982) som lydbok. Ein ny sjanger helsar vi jo med glede. Iallfall: Dette med lydbok trur eg at forfattaren generelt gjer rett i å utnytte, og eg meiner også at samlinga frå 1982 gjer seg minst like mykje som lydbok som ei vanleg diktsamling. Så prøv berre å høyre. Da dikta Du er blitt glad i dette landet kom ut sist, hadde eg den følgjande meldinga i Klassekampen. (Og eg brukte ein heilt annan rettskrivingsnormal i 1982:)



Jubileumsfeiringa av sigeren i folkerøystinga er slutt, iallfall for denne gongen. Men ein kan knapt rekne med at det blir særlig stille omkring Europa-tanken eller EF-spørsmålet. Det er blitt viktig i mange krinsar å orientere seg mot kontinentet og europeisk tradisjon. Dette gjeld ikkje berre Nei til atomvåpen og andre organisasjonar. Like mye i biletet er at fleire av dei frie radikale intellektuelle tidleg på 70-talet la vekt på utanrikspolitisk sjølstende, produksjonsmessig sjølberging og på folkekultur og «norsk» kultur.

Edvard Hoem er ein av dei. Det er ein bord av mønsteret i tida når Hoem gir ut ei samling dikt frå tidsrommet 72-82, no etter at han i våres markerte seg i skodespelet God natt, Europa.. Skodespelet er eit slags ”Europa brenner!” (med ein parallell til Arnulf Øverland i 30-åra).


Oppgjør

Diktsamlinga er blitt ei retrospektiv utstilling, men meir enn det: boka blir eit oppgjør. Hoem, som var ein viktig gradmålar for dei radikale kunstnarane i heile tidsrommet vi snakkar om, har vori med på kampane på venstresida, og ikkje minst dei siste åra. Pr i dag er han vel den av dei mest kjende ml-forfattarane som ofte og sterkast går mot tidlegare standpunkt han sjøl hadde, og også mot ulike standpunkt den rørsla han er ein del av, hadde, i forskjellige fasar. Og da er ingen av dei kjende glømt eller gjømt.

I boka, som har fått namn etter diktet frå 1972, Du er blitt glad i dette landet, finst det stikk motsette standpunkt, akkurat som i årets store beretning/roman av Solstad. Eit tidleg dikt i boka skildrar det fascisme-truga Europa, ”Europa-kart”, og diktet spør oratorisk (den gongen i -72): Kan dette samlast? I sluttdiktet (1982) ”Brev til eit anna sekel” heiter det tvert imot: ”Vårt heimland det var heile kontinentet.”. Snakk om spissformulering! Er ikkje dette oppgjør?

Reint bortsett frå at det er linje i denne rike, men lettlesne boka, så må eg seie at eg liker metoden til Hoem, den drastiske framgangsmåten hans. Eg kan sjå dialetikken når utkjøra er meir enn spreidde paradoksar, når teorien er like godt underbygd eller klårt framstilt som i boka her. Hoem er fin, det seier eg, sjøl om eg i 3 av 4 tilfelle var usamd med resultatet han har kommi til i artiklar dei siste par åra.

Så kjem dette til: at Hoem liker kampen og søker provokasjonen meir enn vitskaplege resultat. På Raud Fronts siste kulturleir karakteriserte han seg som ”blid” når han var ”sur”. (Er det vestlandsk dialektikk?) Han sa også at 1970-åra ikkje eksisterte. Etterpå sa han at 1982 ikkje eksisterte. Paradoks som er eigna til motseiing.

Når eg les diktsamlinga hans, må eg ofte tenke på ein diktarhovding og stridsmann som har jubileum i år, Bjørnstjerne Bjørnson, og det har mange grunnar. Men 73 år gammal skreiv Bjørnson til sonen (i eit dikt): ”Slett intet gull du fikk i arv;/ men se du fikk min fiende-flokk!/ Og den har trellet for ditt tarv,/ og den har gitt deg venner nok./...”I sluttstrofa ber Bjørnson sonen auke fiendeflokken.

Edvard Hoem har ikkje fullt den same posisjonen i ei politisk rørsle som Bjørnson hadde (og rørsla er også atskillig mindre), men det er forbausande mange direkte parallellar mellom dei to personane, både politiske og litterære parallellar, både indre og ytre. Dette seier eg ikkje for å vere spydig. Bjørnson har til dømes skrivi noen av dei beste dikta i norsk lyrikk, der har Hamsun og Francis Bull og andre heilt rett. Å sette Ibsen som lyrikar over Bjørnson det vitnar anten om manglande lesnad eller om eit modernistisk trongsyn på det talespråklege eller rytmiske området.. Eg seier dette for å krinse inn viktige eigenskapar ved lyrikken til Hoem..

La meg nemne to døme på den utovervende lyrikaren Hoem: ”Vi gløymer aldri, Praha”, ein slags nasjonalsong i ml-rørsla, er eit framifrå lyrisk dikt, som blei laga på sommarleir og syner at forfattaren trivs når det er rørsle og krav omkring han. ”På storbyens kafé” er eit døme, tidleg på 70-talet, på diktarsamarbeid som har gitt ei nær, lyrisk forteljing utan rytmisk tomgang eller tørre påstandar. Begge dikta er songar som det ikkje finst make til i norsk lyrikk. Og det finst elles mange sjeldne dikt i boka hans.


Korleis starta 70-talet eigentleg?

Forlagsreklamen påstår at lyrikaren var aktiv i heile tiårsbolken. Dette er berre delvis riktig. Eg går ut frå at dikta er ordna kronologisk, det ser iallfall slik ut, og da finn ein at dei 45 utvalde dikta, i hovudsak alle, skriv seg frå tre – skilde – produktive periodar. Nemlig 72/73 (med 18 dikt), året -76 (heile 11 dikt) og åra 79-82 (med 12 dikt). Her er det ikkje tale om kontinuitet.

Men det er ein annan ting som er like slåande. Det første ein legg merke til, er den høge kvaliteten på dei første dikta. Nesten synd at ikkje Hoem fullførte ei heil diktsamling i -73. Iallfall tilbakeviser hans eigne dikt påstanden om at 70-åra, iallfall den første delen av tiåret, ikkje var noen god tid for lyrikken eller litteraturen. Her skriv forfattaren friskt og lett og stoler på sansingane. Stilen er for det meste nyenkle frie rytmar. Stoffet gir meg ei kjensle av kyst, Romsdal, og den gamle produksjonen, ei intens oppleving av livet. Motiva er tatt frå norsk historie, bondelivet, transport, båt (båt også som bilete på livsreisa), kafé og andre møteplassar. Det vesle forteljande diktet ”Historie om tang” inneheld åleine seks av motiva nemnt ovafor, eit fantastisk dikt (og ein fin kommentar til Jan Erik Volds dikt Tang):
Tang er skog i havet. Tang er jod.
Før skar folk tang.
Den vinterhogsten i fjorden
gav arbeid til mange.
Tangbåtane låg
tungt i sjøen.

Hestar sto og skalv
i vatn til vomma.
Tjue menn gjorde rekke
over det grunne sundet

Ein ropte til land og spurde
kva klokka var.
”Eitt minutt før halv åtte.”
Straks etter skar
tjue sigdar inn i tangrøtene.

Åkeren var i havet.
Tang.
Minkinga i lyrisk produksjon som fann stad etter året -73, har samanheng med mangel på inspirasjon hos dei kommunistiske lyrikarane med bøker bak seg. Ei bølgje gjekk bort, jfr Holmås og Obrestad, konjunkturar skifta, særlig etter -74. Inntil det frå midten av decenniet rykte fram nye folk som representerte tre tendensar, grovt sett: a) eigne bein i prouksjonen, b) ei (frå førsten av) varsam nymodernistisk form – eller c) ei form med dialekt, ofte kombinert med versmål. (...)


Der bryt eg av... Dette som eg skriv, kan kanskje bli langt for deg å lese samanhengande, eg må minne om at teksten er frå 1982, slik Hoems diktsamling er frå dette året. Eg har delt opp artikkelen min i to delar, med brot her. Og eg meiner at det som eg har skrivi ved utgjevinga av Du er blitt glad i dette landet i 1982, har klår relevans for nyutgjevinga av diktsamlinga til Edvard Hoem, nyutgjevinga som lydbok, dvs. eit nytt medium som stør seg på songen og musikken i lydboka og på den viktige lyden i poesien. Tilbake til teksten min i 1982:


Når Hoem kjem tilbake

Når Hoem kjem breitt tilbake i -76, så er det med mange dikt på oppdrag, prologar, og innslag i skodespel, musikkrevy. Han bruker den sterke sida si (jamført med andre lyrikarar), og han vil at dikta skal fungere i ein samanheng, tettare enn før. Rørsla han er med i, legg vekt på den direkte politiske funksjonen.

Resultatet kan bli godt eller dårleg, diktproduksjonen til Hoem er no ujamn, det er ikkje lyrikk alt han bringer til torgs. ”Songen om Ludvig Damstorp” frå skodespelet Musikken gjennom gleng er ei lyrisk forteljing, mens ”Songen om Johan Sanders” frå same verk er berre ein teaterkommentar og med delvis god form. Les sjøl.

Eg tolkar bruken av songar i skodespel ut frå behovet for kort markering i eit større verk. Her kan det vere skilnad på romanar og skodespel. I Bjørnson sine bondeforteljingar (tidlege romanar) vrimlar det av ypparlege dikt, f.eks. i Arne, men ikkje slik i skodespela til same. I kontrast til dette tilhøvet med Bjørnson/ Hoem står gruppeteateret Pendlerne frå tidleg på 1970-talet med songar som hører til høgdepunkta i den omfattande lyrikken til Arnljot Eggen.

Bergensrevyen er Edvard Hoems bidrag til dialektlitteraturen. Men opplegget blir likevel diffus heimstaddikting jamført med det nemnde Pendlerne frå tre år tidlegare. Hoem skal plassere sosialismedraumen inn i vanleg vekebladsromantikk. Resultatet blir ikkje skarpe revyviser, slik Tramteateret seinare gjorde oss så bevendt med. Den siste visa lånt frå Bergensrevyen, ”Og det var mer...”, er nærmast.

Når Hoem skriv om – eller sneiar inn på – kjærleik, blir han tilbakehalden. Han skriv helst om sakn når han blir lyrisk om kjærleiken. Den første forelskinga, avstanden, skriv han godt om, til dømes ”Vi er verda” (s. 13), men ikkje om det lange framhaldet på kjærleiken. Slik som hos ein hop med mannlege forfattarar blir kvinneskildringa sentimental viss ho ikkje er ærleg og ondskapsfull! Direkte ondskapsfull blir ikkje Hoem, men det godt oppriktige ”lite møte” (s. 21) illustrerer kva eg meiner, med ein vipp av humor. I dei seinare skildringane blir saknet, dvs det sentimentale, det framherskande. Til og med i det formelt artistiske og konkrete ”Inga Larsens vise” frå Kvinnene langs fjorden blir situasjonen etter kvart stilleståande.

Vidare: ”Songen om Klas Hansson” er ikkje meir enn ein del av ei skillingsvise. Sjøl med det rike utstyret (versbinding) , er ikkje diktet eigenleg lyrikk, men berre ei stemning i stykket Der storbåra bryt (1979), Isolert sett minner situasjonen i diktet om daudpunktet i den typiske kjærleiksnovella i Romantikk, straks før draumeprinsen dukkar opp igjen likevel.

Det er artig å notere seg alt dette på ein forfattar som ønsker å markere seg mot amatørkunsten og som seier dette høglydt. Eg meiner Hoem – som er ein svært dyktig verskunstnar – likevel har noe å lære av populærkulturen; eg tenker m.a. på dei mange Amerika-visene skrivne av kjende og ukjende amatørar gjennom eit sekel. (Men bruk romsdaldialekt i tilfellet ditt!)


Alt deler seg i to

Medan 75 prosent av dikta i den første perioden er vellykka, er fordelinga i tredje perioden (altså 79-82) om lag 50 prosent. Hoem er også meir ideologiserande (eller prega av «stjerneprat») i den siste perioden jamført med den første, der sansingane dominerer.

Sjøl om kanskje absoluttistiske og hyklerske modernistar vil protestere, så er det høgst vanlig og brukbart med gode og dårlege dikt om kvarandre i ei samling, like så vel som det er vanleg med dårlege ting i gode dikt. Forfattaren har i dette tilfellet tatt med dikt som eg trur han visste var galne, og eg vil forsvare det til ein viss grad.

Feila i samlinga til Hoem gjør mindre, så velsigna klårt han skriv reint syntaktisk (setningane). Det er ikkje noe problem å hoppe over ting, eller for den saks skyld lese dei dårlege dikta. Dette vil alt i alt bli ei av dei beste diktbøkene i år ved sida av Arvid Hanssens songbok. Eit tips frå meg.

Det er fleire typar dikt som eg ikkje får nemnt i denne lange meldinga. Men i tillegg til dei nemnde fine i frie rytmar og særleg dei nyenkle av dei, så har han ein spesialitet i rimfrie metriske vers, heilt frå ”Grøne enkers melodi” (fint om kjærleik), via titteldiktet og ”På Storbyens kafé” (Eg er nett ein bygdegut frå Ytre Ulsteinvik), til ”Songen om Ludvig Damstorp” og til side 62: ”Eg trudde mine dagar””:
Eg trudde mine dagar til
den store, salte sjø.
Sjå skutene som svagar,
og austren står til atters
når åttringen på båra rir!


[Dette diktet har to linjer til:]
Det salte drev i auga svir,
og stjernene, dei søkk til botnar ned.
Rimet som dukkar opp i nest siste linje, verkar ”litterært”, vinjesk, delvis på grunn av den omsnudde ordfølgja i dei to verselinjene som rimar på kvarandre. Men rytmen er den sterke sida, akkurat som hos Bjørnson.

Hoem deler opp setningar, lange periodar, i vers, slik som få yngre profesjonelle lyrikarar maktar. Men rima ser enno ut til å binde han noko. Med mange rim (parrim og kryssrim) kan han gli over i rimeri, slik som i eit par av revyvisene og i ”Stavar og band” (1982). Balladeforma fyller han betre, t.d. ”Og det var mer...” (revyen) og ”Farvelsong” (1982).

Til slutt vil eg ha med at dette er ei innbundi og vakker bok som alle må ha, vi som er blitt glad i landet vårt og som er opptatte av livet i verda. Alle skal sjølsagt lese og suge i seg den nye dialektikken hos Solstad, men boka til Hoem vil også vere eit viktig dokument for åra som kjem.


Merknad: Lite i artikkelen frå 1982 er endra ovafor, mest trykkfeil er funni og somme mindre språklege endringar er gjort, inga meining er pussa på. Artikkelen sto i Klassekampen 13/11, og avisa reklamerte mykje føreut for denne artikkelen i bokhausten.

Eg var da også - til meg å vere - aktiv som bokmeldar og som meldar av tidsskrift denne første halvdelen av 1980-talet. Desse par avisartiklane er frå den same tida: 1) Eit sosialrealistisk småstykke (om lyrikksalet på den tida). 2) Den unemnelege Kyka (om genreblanding).