Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Topografi mot romantikk

Publisert 2007-02-28 17:08:50, sist endret 2012-01-14 13:56:05

Topografi mot romantikk

Den yngre poeten Rolf Jacobsen
Dei er interesserte i klassisk og annan førromantisk litteratur, desse poetane: Både Georg Johannesen og Kjell Heggelund av poetane i Noreg kan reknast hit. Frå ein mykje seinare generasjon kan nemnast Øyvind Rimbereid, han er aller mest kjend for diktsamlinga Solaris korrigert, som kom for eit par år sidan. I fjor gav han ut ei essay-samling, Hvorfor ensomt leve, som både ber preg av sjeldan stor interesse for førromantisk dikting, og som gjev eit grunnlag for, slik eg ser det, hans eigen lyrikk. Ikkje minst syner det lange essayet Om det topografiske diktet heile nedslagsområdet for det han diktar og skriv. For meg er tankane hans lærerike og inspirerande. Ronny Spaans melde Rimbereids essaysamling med entusiasme i Dag og Tid .

Den 8.mars i år er det 100 år sidan Rolf Jacobsen vart fødd, derfor feirast eit jubileum for denne nesten obligatoriske poeten. Hovud-markeringa skal skje i Hamar, med ein tilknytta nordisk poesifestival og eit forskarseminar. På ein Rolf Jacobsen-nettstad finn du opplysningar ved å trykke på Arrangementer .

Uavhengig av all jubilering på Hamar tilbyr Øyvind Rimbereid i essayet om topografiske dikt oss å lese Rolf Jacobsen og andre kjende norske poetar på ein ny måte (sitat s 139):
Men spørsmålet er også om ikke idealismens og romantikkens vilje til omtolkning av landskap har fått konsekvenser for landskapstenkningen i litteraturen helt fram til i dag. Påtakeleg er det i hvert fall at når naturen er motiv i norsk lyrisk modernisme, så er det først og fremst som avgrenset bilde den blir presentert: et statisk utsnitt med trær, berg, myr, telefonstolpe med en fugl, eller i byvariant: en bil på en motorvei nattetid, i regn. Det er den gjennomgående tendensen hos diktere som Jacobsen, Moren Vesaas, Hauge, Børli, Sverdrup, Torvund og Ulven.(...)
Dette sitatet er trukki ut av ei framstilling der Rimbereid har omtalt Aasmund O. Vinjes Ferdaminne, og han seier (sitat): «Her er det topografiske, historiske og folkloristiske stoffet forbeholdt prosaen. Diktene får i denne reiseskildringen funksjon mest som avbrekk og hvilepauser, som små idyller med balladetema eller nasjonalromantiske tema som dikteren kan synke ned i, for å restituere dikteren for nye vandringer og refleksjoner i prosa.(...)»

I staden for den vanlege lyrikksporten å skilje mellom tradisjon og modernsime, trekkjer Rimbereid opp motsetninga mellom topografisk poesi (med inspirasjon frå førromantisk topografisk poesi) og ein poesi med romantikken sitt utgangspunkt. Med dette synspunktet for auge får du av meg lese Rolf Jacobsens tidlege bydikt; eller du skal høyre Rolf Jacobsens to dikt Hyss og Antenner lesne av forfattaren, gå til høgre på nettsida i innleiinga, nemleg «Lyttekroken»... Eller blir det feil å lese poeten slik?

Eg skal prøve å konkretisere meir. Slik tar det populære diktet Hyss frå 1969 (Headlines) seg ut i skrift:
HYSS

Hyss sier havet
Hyss sier den lille bølgen ved stranden
- hyss
ikke så voldsomme, ikke
så stolte ikke
så bemerkelsesverdige
Hyss
sier bølgekammene som
flokker seg om forbergene
strandbrenningene. Hyss
sier de til menneskene
det er vår jord
vår evighet.
Dette diktet har to ulike element. Det eine er det konkrete 1960-talselementet, det som bygger på likskapen mellom to usjålege lydar, ein lyd henta frå havet, ein lyd frå menneskestemma. Det andre viktige elementet er den romantiske naturkjensla, litt idyll, ei naturkjensle som ofte i lyrikken lar naturen snakke. Ved ei enkel jamføring ser eg at Rolf Jacobsens skildring av havet i Hyss er meir romantisk enn for eksempel Aleksander Kiellands og Bjørnstjerne Bjørnsons tilsvarande aller mest vidgjetne havskildringar (respektive romanen Garman & Worse og diktet Havet). Desse to norske diktarane hadde da også fleire eigne røynsler med hav enn Rolf Jacobsen fekk, opplagt, og dei to var påverka av andre litterære retningar enn det Rolf Jacobsen var inspirert av.

Av dette trekkjer eg ein konklusjon, nemleg at Rimbereid har rett i at poesien til Rolf Jacobsen blant anna byggjer ein god del på romantikken (og langt mindre på f.eks topografi). Men Rolf Jacobsen byggjer også på moderne lyriske røynsler. Det er ein viktig lesemåte det å tenkje på slikt som Rimbereid har sett, folkens! Og lenge har eg meint at den topografisk sterke bydiktaren - og forgjengaren til Rolf Jacobsen - Rudolf Nilsen er underrepresentert, iallfall er han underrepresentert frå og med samlinga På gjensyn (1926). Sjølv om Øyvind Rimbereid ikkje nemnde Rudolf Nilsen med eit ord, har Rimbereid med essayet sitt gjevi meg ny ammunisjon for å krige: Det er dette etter kvart sterke innslaget av topografi, når Rudolf Nilsen gradvist og suksessivt vedkjenner seg fullt ut sitt opphav i Oslo aust og i menneska der, som frigjer det store lyriske talentet hans, slik dette talentet spring ut i eit sitert og velkjendt verk som diktet NR. 13.


Ps 8/3: Nett i dag ville Rolf Jacobsen fylt 100 år - . Eit av dei siste dikta som han skreiv, blir mykje etterspurt, eit kvinnedikt som det er, nemleg: Kjente jeg deg?
Kjente jeg deg
egentlig. Noe
du aldri fikk sagt eller
vi lot ligge. Halv-
tenkte tanker. En skygge
som strøk over ansiktet.
Noe i øynene. Nei
jeg vil ikke tro det.
Men det kommer igjen. Natten
har ingen lyd,
bare rare tanker. Ord
som stiger opp av søvnen:
Kjente jeg deg?

I denne jubileumstida kjem det ut ei ny bok om Rolf Jacobsen, bygd på ei brevrekkje og på dagbok og på nært familieskap. Boka er skriven av den eldste sonen til Jacobsen og har fått tittelen Kjente jeg deg? En bok om Rolf Jacobsen.




Ps 22/11-07: Morgenbladet held p.t. på og nominerer essaysamlinga frå Øyvind Rimereid til «årets bok» .