Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Karin Boye dukkar opp

Publisert 2006-08-19 18:18:57, sist endret 2007-11-06 12:26:06

Karin Boye dukkar opp

Den svenske lyrikaren Karin Boye
Karin Boye dukkar opp. Eg kjøpte Karin Boyes samla på Tanum, ja. Men la meg først ta noko av det tilsvarande for Arnulf Øverland. Han har avgjort nokre ”svisker”, t.d Du må ikke sove. Og sviskene er kjenneteikna av ein engasjert, meislande stil, som tiltok seg, heilt frå 1920-åra og gjennom 1930-åra.

Til dømes er dette inngangar i Du må ikke sove: ”Du må ikke gå til ditt kjøpmannskap(...)” og seinare i diktet kjem: ”Du må ikke sitte trygt i ditt hjem/ og si(...)”. Ja, dette er inngangar, som (plassert med avstand utover diktet) meislar inn orda ”Du må ikke!” og meininga i setninga ”Du må ikke sove!”

Denne anaforiske gjentakingsmåten i diktet Du må ikke sove er frå den antifascistiske perioden, altså i den meir samla arbeidarørsla, der kommunistane og sosialdemokratane endeleg var på linje. For Øverland møter vi gjentakingsmåten i det norske krigsåret med åtaket april 1940 og diktet Vi overlever alt! I dette diktet er dei to orda ”Vi trodde(...)” nøkkelorda, berre sjå her i første strofe, tett som hagl, men passar i krigssituasjonen:
Vi eide ikke sverd!
Vi trodde mer på freden,
fornuften, arbeidsgleden,
på selve livets verd!
Vi trodde ikke drap og brann
i lengden gavnet noget land.
Vi trodde på en seier
for rettsinn og forstand.
Eg trur at vi kan sjå utviklinga hos Øverland i samanheng med sympatien hans for arbeidarrøsla. Han hadde meldt seg inn i den sosialistiske akademikarrørsla Ny Dag. Karin Boye gjorde tilsvarande – på svensk grunn – i akademikarrøsla Clarté, og ho debuterte ung i 1922 med Moln, der ei av sviskene er Du är min renaste tröst, det er aller mest eit skildrande dikt utan imperativ:
Du är min renaste tröst,
du är mitt fastaste skydd,
du er det besta jag har,
ty intet gör ont som du.

Nei, intet gör ont som du.
Du svider som is och eld,
du skär som ett stål min själ –
du är det besta jag har.
Eg siterer eit kjærleiksdikt til. Også dette er ei sviske frå Karin Boye, no frå 1927-boka og med den inter-nasjonale trenden mot fastare eller meir firkanta strofebygging og rimmønster, eigentleg er det former i meir utprøvd og konservativ estetisk retning, men blendande utført, diktet: Från en stygg flicka:
Jag hoppas du inte alls har det bra.
Jag hoppas du ligger vaken som jag
och känner dig lustigt och rörd
och yr och ängslig och mycket störd.

Och rätt som det är, så får du brått
att lägga dig rätt för att sova gott.
Jag hoppas det dröjer en liten stund...
Jag hoppas du inte får en blund!

Setningsmessig har diktet ei vakker speilvend form. Og diktet er opent om kjenslene, det mest typiske er likevel alt det svært poengterte i diktet, ikkje minst avslutningsspikaren.

Kor store er avstandane i lyrikk - ? Det er heller ikkje all verdas avstand frå Karin Boye og opningslinene «Du är min renaste tröst, du är mitt fastaste dkydd(...)» og til mykje seinare Björn Afzelius og opningslinene hans: «Du är det finaste jag vet, du är det dyraste i världen(...)». Du kjenner vel vrien han gjer seinare i teksten?

Karin Boye har eit mykje sitert dikt til frå det same Härderna (1927), det som uttrykker liv og uro hos ein engasjert generasjon, forma til dels slagsordsmessig både i diktstart og diktslutt: toversingen I rörelse
Den mätta dagen, den er aldrig störst.
Den bästa dagen är en dag av törst.

Nog finns det mål och mening i vår färd –
men det är vägen, som är mödan värd.

Det bästa målet är en nattlig rast,
där elden tänds och brödet bryts i hast.

På ställen, där man sover blott en gång,
blir sömnen trygg och drömmen full av sång.

Bryt upp, bryt upp! Den nya dagen gryr.
Oändligt är vårt stora äventyr.

Eit døme til på at avstandane i lyrikk ikkje er så store, kjem her: På nettet fann eg den kjende jazztrioen BNB med plata Ein Song Frå Dei Utsungne Stunder , der dei tar føre seg tekster av ulike forfattarar. Og eg merka meg at Arnulf Øverland, Karin Boye og Einar Skjæråsen var samla her. For dei poetane har nok alle dette insisterande meislande (for si vers-tid) sams med kvarandre. (Den fjerde større tekstgjevaren på plata var Jon Fosse - .)

Det er også Karin Boye som har skrivi det mykje siterte og biletrike kjærleiksdiktet Ja visst gör det ont (när knoppar brister) . Det står i den siste diktsamlinga ho gav ut sjølv, För trädets skull (1935). Eg kom ikkje til å skrive diktet inn her, eg vil berre nemne at alle fullsitata frå Karin Boyes tre dikt i denne artikkelen er henta frå lommeformatet Delfinbok, utgåva 2004.

På denne lenka finn du ulike oversiktar over Karin Boye , mellom anna over romanane hennar, over somme av akvarellane hennar og over anna materiale som Karin Boye Sällskapet rår over. Her er eit intervju med Karin Boyes bror om livet hennar . Og her er eit lengre drøftande forfattarportrett , gjort av Crister Enander i 1997, det leier opp til Karin Boyes vidgjetne avsluttande verk, romanen Kallocain .