Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Er dikt noko herk?

Publisert 2006-07-09 10:38:42, sist endret 2007-09-16 07:28:02

Er dikt noko herk?

Poet, visediktar Helge Stangnes.
Foto: Reiner Schaufler
Vi ser stadig nokon ta oppgjer med uforstand og «snobberi» og komme med nye forslag om diktet sin plass. Ein instans innan Norsk kulturråd (innan det rådet som løyver statleg støtte til litteraturen) har nyleg tenkt høgt og kritisk... Vel. Rimdikt-tradisjonar har nyleg blitt etterlyst som ein publikumsvennleg sjanger, iallfall av Knut Buen og bokmeldar Eirik Lodén. Midt på 1980-talet låg det i den aktive Karin Moe sin uttalte «postmodernisme» å oppvurdere og sidestille ulike sjangrar i kunst og kulturliv. Men slik ho gjorde det og lykkast med i prosaen sin, nådde ho ikkje heilt fram i lyrikken hos seg sjølv (eller hos andre poetar). La oss no undersøke rimdikt som ei mogleg farbar lyrikkfil tett ved sida av andre utfordrande diktsjangrar. Første atter-hald for meg og deg: Det er ikkje nok at det rimer og rytmen glir - .

Nei, sjølve hovudsaka ved rimorda er at desse orda er sentrale for meininga i utsegnene, at dei ikkje berre er putta på i versa for godlyden og rytmen sin del. Alt anna enn sentral poetisk meining blir for keisamt å høyre på. Og korleis ein skal få produsert denne kunsten? det er akkurat denne nødvendige profesjonen eller profesjonaliteten som er forsvunni og blitt fråverande i dei relativt spreidde norske forsøka på rimdikt (etter dei kvalifiserte Prøysen og Eggen på 1960-talet, etter dei kvalifiserte Tramteateret og Vømmøl og Arvid Hanssen på 1970-talet, og etter den kvalifiserte Margaret Skjelbred på 1980-talet).

Eit av dei første dikta som Rudolf Nilsen presenterte for lesarane sine i bokdebuten 1925, er Bekjennelse, med desse to opningsstrofene, som eg bruker til å vise godt rimhandtverk:
Der er ingen mening med livet?
Du sier: Vi fødes og dør,
men er der et mål for det hele,
en hensikt med alt det vi gjør?

Jeg kjenner en mening med livet.
Det er at du gjør din plikt
i stort og i smått mot din klasse -
i handling, i tanke og dikt.

Rimparet dør/gjør - eller heller den fulle samanhengen mellom «fødes og dør» og «alt det vi gjør» - er utført solid profesjonelt.

Ikkje alle dei tre påfølgjande, og ikkje siterte, strofene held den same høge standarden lik den som eg peika på her, eller dei er like umerka av «tidens tann». Men ein kjenner kloa også i desse strofene... Dette er ikkje nokon diktanalyse, men ei slags påminning om kva eg meiner at vi snakkar om i den oppblomstrande rimdikt-debatten, nemleg om tapt kunnskap.

Eg kan forresten leggje til her at eg i diktsamlinga mi til hausten har ein god del rimdikt, i uvanlege versmål. Det er verdt å utfordre grensene for poesien på denne måten, synest eg, ikkje berre snakke om kva som manglar, ikkje berre kritisere andre (enda å kritisere andre er sakleg nyttig).

*

Avisa Dag og Tid, som gav stemme til Knut Buen og Eirik Lodén pluss Marie Lovise Widnes, fortalde om den populære poeten og visediktaren Helge Stangnes, og avisa trykte også, på baksida, eit dikt av han :
Lærdom

Far min, han sa
- Dreg du en fesk,
skal du gløtte utførre.
Etter en liten
kan følle en større.
Lar du då morten
henge som beita,
og du e snar,
kan du høgge deg kveita.

Far min, han sa:
- Sleppe du en fesk,
så ta'kje tel gråten.
Ta heller hiken
og smell han i båten.
Fesk ifrå jupta
flotne av skrell.
Sånn kan du sjøl
vende uhell tel hell.

Far min, han sa:
Lærdom har lett
førr å læke av minnet.
Skal han bli din,
må han røynes på skinnet.
Ingen får lott
av å lese seg klok.
Arbeidd e ofte
den likaste bok.

Ja, eg er samd. Og eg har gudskjelov lært noko nytt av å lese. Det er mykje som Helge Stangnes kan i dette lærdomsdiktet, også på det versifikatoriske området.

Som for alle rimpoetar som skal meisle, er den siste strofa den vanskelegaste for Helge Stangnes å få på rett plass; konklusjonsstrofa blir ofte firkanta og mest teknisk slitsam og sveitt. Etter mi meining burde noko enda betre enn «klok» og «bok» vere rimord her. Omgrepet «bok» skal diktet altså redusere i ramma av livsens lærdom, men nyttar likevel sjølve ordet bok som eit meiningstungt rimord, som sjølve det klingande sluttrimet. Forstår du kva eg meiner?

Men no vil eg vri på temaet, ved eit storslagent dikteksempel. Det finst berre ein i Noreg som skriv plenty av diktrim og samstundes klarer å heve seg godt over alle estetikken sine tunge og mødesame reglar i den musikalske og poetiske vektbransjen, nemleg poeten Arild Nyquist, fordi Nyquist, same kva oppgåve han tar i, er på eiga høgd. Her er f.eks dette diktet lånt og henta i all ære frå Mr. Balubers trompet, 1984, som ei avslutning på artikkelen om dikt som noko herk spørsmålsteikn - :
Det lange rimdiktet

Et rim kommer som regel i
annen
eller tredje linje.
Her kommer det først i
nei vent litt
her kommer det visstnok
først i
nei nei vent litt, jeg sa
vent litt, her kommer det
visstnok først i
nei nei nei vent vent vent
vi er allerede grusomt
på etterskudd og for å få
orden og system på rimediktet
setter jeg likegodt alle
rimene etter hverandre og
rimer dem på kafé
se
portemoné
kne te
og det var det
- nå er vi skuls ca.




Sjå eit grådig undersøkt diktdøme på nettstaden min: Døden er en gammel snekker (av Inger Hagerup), i byrjinga av artikkelen Konkret i poesi .

Her er vel eit aktuelt essay - i samanhengen vår - av Endre Ruset, frå 2003, om det brukarvennlege diktet .