Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Gjenoppstått Mor Godhjertas glade versjon?

Publisert 2005-12-09 09:20:04, sist endret 2012-01-11 18:16:50

Gjenoppstått Mor Godhjertas glade versjon?

- lyrikar Nils-Øivind Haagensen -
Stadig oftare blir dikt frå førti år tilbake trukki fram som forelegg for yngre norske poetar. Det nye litteratur-tidsskriftet Kuiper har bede meg skrive noko for dei om fenomenet. Dette har eg gjort. Og svaret mitt kjem også her, med fokus på bl.a boka Nils-Øivind Haagensen skriver (2005):
KVA SKJER MED LYRIKKESTETIKKEN? Eg har merka meg ei vending til 1960tals-estetikk i kunsten og litteraturen og har skrivi om det. Særleg dei siste par åra har den norske lyrikken bydd på meir utprøving av sjangergrenser enn det vanleg har vori gjennom nokså lang tid. For meg som såg 1960-åra utfalde seg med allslags eksperiment, er det tankar og ting å gjenkjenne i nye norske lyrikkutgjevingar. Når Kuiper ønskjer synet mitt på det som skjer, med sambandsliner tilbake til førti år tidlegare, må eg avgrense meg.

På Oslo poesifestival las Jan Erik Vold frå 1960tals-repertoaret sitt, dvs det kunne vori publiserte dikt frå debutåret 1965 av og vidare, i alle høve eit stort repertoar. Eg vil ta utgangspunkt i Vold. Og følgjande trekk var framståande ved norsk lyrikk frå 1965/1966 av og dei følgjande åra på 1960-talet: 1) Konkret lyrikk. 2) Nyenkel lyrikk. 3) Kollasj. 4) Sjangerovergang. 5) Sjølvbiografi og estetisk dristig måte å iscenesetje sjølvet på... (Desse fem trekka ved lyrikken kan skiljast ut frå kvarandre, men er samtidig sider ved det same, dvs ulike måter å vere konkret på, sett i høve til den førre perioden, spesielt delar av 1950-åra sin meir abstrakte og tildekka norske tilnærmingsmåte.)

For å ta det mest iaugefallande med ein gong: visuell konkret lyrikk, særleg typografiske figurdikt, det fekk eit nedslag i den prisbelønna Mellom speil og speil, debuten til Jan Erik Vold i 1965. Og så i året 2004, førti år seinare, har norsk lyrikk nokså bratt fått fram både Vemund Solheim Ådland, Monica Aasprong og Ottar Ormstad. Den nye visuelle lyrikken er meir kompromisslaus enn utgangspunktet hos Volds figurdikt var.

DET SOM VAR EIT UNNTAK i Noreg førti år tidlegare, er på kort tid blitt meir sjølvsagt i lyrikklandskapet. Det hjelper at den same tilbakevendinga til 1960tals-estetikk skjer over heile Norden. Såkalt konkret lyrikk utvidar og hjelper språket ved å låne frå språket sine nærområde, t.d biletkunst og musikk.

Jan Erik Vold, som hadde ”forsikra seg” i verket Mellom speil og speil med eit alt innarbeidd Stein Mehrenaktig lyrisk språk, gjekk frå den sterkt visuelle debutsjangren sin via det meir auditive permutasjonsverket blikket (1966) og vidare til å gje ut konkret tyding på ein heilt annan måte, nemleg konkrete tingdikt og det konkrete munnlegprega språket i Mor Godhjertas glade versjon. Ja.

Ikkje la deg, lesar, forvirre av at boka kom ut i 1968, mange av dei viktigaste dikta i boka var alt skrivne to år tidlegare, noko forfattaren vektla og signaliserte med ordet ”versjon” (og ikkje f.eks det hierarkiske ordet ”stadium”). Med andre ord: Versjonane hans var samtidige, dei var forbausande samtidige. Og den nyenkle måten å vere konkret på var minst like forbløffande som det konkrete i figurdikta. Det var den nyenkle varianten som fekk størst gjennomslag.

VIKTIGAST I DET NYENKLE var tilhøvet til tinga. ”Trikkeskinnediktet” er typisk som eit demonstrativt tingdikt, og det er eit tingdikt nummer fire etter ”Furukonglesang” og det auditive tingdiktet ”Tang”, som begge kom etter eit sjølvbiografisk presentasjonsdikt, ”mildere nå”, der tingen faktisk er ein sprekk i vindaugsruta i Johannes Bruns gate 12 A, ein sprekk som har kurveform a la ”Buddhas mave”.

”Trikkeskinnediktet” startar slik:

Tenkte jeg skulle skrive et dikt
om trikkeskinner.
Engang begynte jeg på ett: Byen ligger bundet
i sitt nett av trikkeskinner
- kom ikke lenger.
Gå ut og se på trikkeskinnene, de binder ikke
byen fast, de ligger nedfelt i gaten
med brostein solidarisk på begge sider, gå ut
og se på byen, den er ikke bundet, byer
kan ikke bindes.(...)

Tinga hos Vold er ikkje alle slags ting, oftast er det ikkje varer og bruksting, slik ”sleggja” og ”sagi” er poetiske bruksting hos Olav H Hauge på denne tida. Men tinga hos Vold er kontrastar både til velferds-samfunnet og ”pengefolka”, eigentleg: tang, furukongler, sol, adresser i byen, bysentrum. Dessutan er Vold opptatt av element som familie og vennskap og kjærleik. Og han er human overfor menneska sine eigenskapar og drifter og prestasjonar.

DET SPESIELLE MED TRIKKEN er ikkje at trikken er eit transportmiddel, men at han er ein konkret signaliserande del av byen og det naturlege urbane livet, ein metonymi for byen, slik krona er det for kongen, slik tangen er det for havet, slik dyna er det for senga.

Også korleis diktet blir til, er ei konkret sak. Kven det er som pratar, er ei heilt konkret sak. Korleis diktet, for å kunne starte, må kjempe seg gjennom tidlegare lyrikk eller føregåande typar lyrikk, er ei konkret sak. Jamfør innleiinga som du såg på ”Trikkeskinnediktet”. Alt dette er Volds bok rik på. Det ligg noko solid, vitskapleg og oppsamla verdifullt i denne rikdommen på konkresjon.

Mor Godhjertas glade versjon. Ja kom på riktig tidpunkt; året før gav Dag Solstad ut tekstsamlinga Svingstol, som innleidde den nyenkle prosaen i Noreg, den nyenkle kortprosaen, også denne utgjevinga er sterkt nysgjerrig på tinga. Begge verka har eit ønska element av forsoning, men Dag Solstad blei for lite mottatt i 1967 og han lærte av det til seinare høve når det galdt «taiming» av bodskapen sin.

DET NYENKLE UTNYTTAR SPRÅKET ved å godkjenne det oppriktige språket, samtidig som språket godkjenner tinga og verda eller delar av tinga og verda, oppdagar og gjenoppdagar tinga; ein nyenkel litteratur tar ikkje tinga for gjevne og lar heller ikkje språket gå på tomgang.

For å få dette til må diktaren opent korrigere: ”Trikkeskinnediktet” korrigerer innfallsporten i diktet, for å bli sannare/konkret og meir godhjerta, ”Tale for loffen” korrigerer for å bli sannare/konkret og meir orginal. ”Kongediktet – for tredje gang” korrigerer og sensurerer for å bli sannare/konkret og meir godhjerta osv.

”Trikkeskinnediktet” held fram med desse linene:

(...)
kan ikke bindes. Nei, trikkeskinner
er til å legge femøringer på,
trikken paraderte
på brune mynter opp Theresegate, vi stod i portrom
parat til å stikke av om trikken
stanset, konduktøren ut! Flatklemte
(...)

HER KJEM DET BARNLEGE inn i diktet, i dette diktet er det barneleiken. Det barnlege er nært knytta til både det konkrete hos Vold og det sjølvbiografiske i boka. Det vrimlar av det barnlege og det sjølvbiografiske i boka, heilt frå innleiingsdiktet, via ”Furukonglesang” og diktet ”Folk” og vidare inn i boka. Det barnlege er stadig synonymt med gleda, blir det forklårt innstendig i det lange diktet ”Brevet frå Zurich (som aldri ble skrevet)”.

Eigenleg er det nett same diktaruniverset i Volds bok Mor Godhjertas glade versjon. Ja (1968), som i dei neste to bøkene, kykelipi (1969) og spor, snø (1970), alle tre skrivne (kladda) delvis på same tid, med dei same tinga og verdiaene, t.d nett den same jazzen, men likevel forma i ulike versjonar og litterære sjangrar. Det er slik at yngre kvinnelege forfattarar i dag knyttar seg til den haikuliknande spor, snø-varianten, medan yngre mannlege kikar imot den kanskje for dei meir utfordrande Mor godhjerta-varianten.

Med utfordrande tenkjer eg mest på langdikta, det slentrande muntlege som vi ser i fleire av avdelingane i Mor Godhjerta, t.d i første avdeling med ”Trikkeskinnediktet” og ”Bo på Briskeby blues” osb. Av dei yngre forfattarane i dag er det Nils-Øivind Haagensen som har dyrka denne forma mest, seinast i Nils-Øyvind Haagensen skriver frå tidleg 2005, det er eit forholdsvis omfattande verk som skal vere avslutninga på ein trilogi.

VI SER EIT DEMONSTRATIVT konkret innslag alt i tittelen Nils-Øivind Haagensen skriver, på liknande vis som i Volds 1968-tittel: «versjon». Vi ser eit persongalleri, vi ser det sjølvbiografiske hos Haagensen, det iscenesatte, alle adressene (som er scenetilvisingar), alt dette hos Haagensen, og det er ein 1960tals-estetikk framherskande hos Solstad og Vold som Haagensen fører vidare.

Men truleg har Haagensen eit anna amerikansk forelegg for skrivinga si, ikkje ting-diktaren William Carlos Williams, som Vold har lært av, men eit beat-ideal. Han signaliserer det sjølv i boka, og dei mange reisene er ein del av dette forelegget.

I Nils-Øivind Haagensen skriver er tinga meir gjevne enn i den hektiske nyenkle perioden på 1960-talet. Det same med samfunnet hos Haagensen. Når Vold skriv eit langt kjærleiksdikt til svenske ”Lena” har dette også noko med det nyenkle vennskaps-temaet hans å gjere (Jfr. Billie Holyday er venn med Lester Young), medan den svenske ”Anna” hos Haagensen blir ein hovudperson i den grad at du etter kvart les diktsamlinga som ein roman, der interessa samlar seg omkring kjærleiks-forholdet mellom ”Nils-Øivind” og ”Anna” og korleis det skal gå med dette forholdet og kva som er i vegen. Gjentakinga i språket blir patosfylt anaforisk som om diktspråket er mindre viktig.

EIT SPRANG OVER frå lyrikk til roman gjer Nils-Øivind Haagensen, spranget er eit anna trekk ved nyare norsk litteratur som eg kalte ”sjangerovergang” ovafor. Hos Vold 68 blir det lange brevet eit langt dikt, ei novelle blir eit langt dikt – eller omvendt. Også hos Haagensen er det ”brev”. Brev er i seg sjølv ei tradisjonsrik litterær form. Og i 2005-samlinga finst både «Nils-Øyvind» sine brev og «Anna» sine brev.

I Ingrid Storholmens Skamtalen graceland (2004) er det brukt kollasj i stor skala, dette er både ei form for skarpe sjangerovergangar, og det er dokumentarisk. I Volds dikt ”Folk” blir det lånt ei stensilert helsing til diktet, i Volds dikt ”Bildet stanser på Berkåker-diktet” er bygd inn ein større innleiande fotnote. For meg er det innlysande at TV-serien Tufte i 2005 er tufta på 1960tals-estetikk og på den same historiske humanismen som Jan Erik Vold sto for, da han var i forkant av ”si tid”.

For å kunne skjøne kva den danske poeten Niels Lyngsø står for i Morfeus (2005) i omfang, m.a i vitskapleg omfang, må vi tilbake til den store systemdiktinga til Inger Christensen på 1960-talet. I Morfeus er poetikken og teorien omfattande eksplisitt inne i verket og triumferer på like tydeleg vis som i Volds Mor Godhjerta. Og nok eit døme på sambandsliner kjem til slutt: Dag Solstads (meir eller mindre) overraskande eksperimentelle romanform i 16.07.41, 2002, er ei vending tilbake til 1960tals-estetikk som han eingong brukte, med mange av dei trekka eg har funni og forklårt ovafor.

Dette var svaret mitt i Kuiper, som hadde tittelen «Når førti år er gått og noko kjem tilbake». Tittelen her på nettstaden, «Gjenoppstått Mor Godhjertas glade versjon?», må få svaret nei. Svaret må bli nei, sjølv om Volds verk frå 1968 spøker i bakgrunnen og inspirerer skrivinga til fleire yngre poetar - og sjølv om dikta skrivne av Vold i 1966-68 blir lesne av mange i dag.



* Av primærkjelder, først og fremst: Dag Solstad: Svingstol, 1967. Jan Erik Vold: Mor Godhjertas glade versjon. Ja, 1968. Inger Christensen: Det, 1969. Niels Lyngsø: Morfeus, 2005. Ingrid Storholmen: Skamtalen graceland, 2005. Nils-Øivind Haagensen: Nils-Øivind Haagensen skriver, 2005.




Her finn du så ei seinare samanlikning mellom «Mor Godhjerta» og Geir Gulliksen: se på meg nå (2005) .


Ps 14. febr 06: Og her finn du ein artikkel om langdikta i Ruth Lillegravens debut Store stygge dikt (2005) . Eg ser at langdikta hennar knyter enkelte andre trådar til Jan Erik Volds omtalte 1968-bok ovafor.


Og Ps 13. sept 06: No på etterskot fann eg Helge Torvunds jamføring mellom Jan Erik Vold og Nils-Øyvind Haagensen, dette var etter at eg skreiv artikkelen min.


Og Ps 31. jan 08: La meg absolutt trekkje inn Ludwig van Beethoven, når komponisten i 9.symfoni vil vere «godhjerta» og trekkjer inn Schillers ode An die Freude (=Til gleden) og bruker nett den same instruktive korrigeringsmetoden som Vold jo bruker i Trikkeskinnediktet og boka Mor Godhjertas glade verson. Ja. Her siterer eg omtalen i Musikkens verden (1951):
(...) Atter en gang blir vi kastet inn i åpningstaktenes dissonanser, men nå bruker Beethoven menneskestemmen for å få slutt på disse uhyggeleige toner.

O Freunde, nicht diese Töne! Sondern lasst uns angenehmere anstimmen, und freudevollere!

Og så slippes gleden løs! «Freude»-temaet går fra baryton og videre til kor og solokvartett.
Kort korrigering, fortalt på norsk: Venner, ikkje desse tonene! Og så brukte Beethoven etterpå teksten av Schiller, som han hadde tenkt på å bruke alt 30 år tidlegare. (Og som EU misbrukte i ein periode, slik de veit.)