Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Talskvinne for Tsjetsjenias gløymde offer

Publisert 2005-11-24 12:24:55, sist endret 2006-05-10 09:07:58

Talskvinne for Tsjetsjenias gløymde offer

Lidija Jusopova fekk Rafto-prisen.
Det var ein mørk kveld i november. Olav og Lydia hadde invitert meg til å sitje på med dei frå Kragerø til Gjerstad, til eit møte der med den tsjetsjenske vinnaren av Raftoprisen. Kva gjer Russland i Tsjetsjenia? Vel ute av Telemark, på det flate raske og rette E 18 gjennom Brokelandsheia passerte vi Lyngrillen og begynte å sjå etter Fiane skole, der møtet skulle vere, og vi var i god tid.


Dette var alt dagen etter at Lidija Jusupova hadde mottatt Raftoprisen i Bergen, og no skulle vi få møte menneskerettsforkjemparen og høyre henne i Gjerstad. Fiane skoles gymsal var fullsett når klokka var blitt 19, og ordføraren begynte å orientere og få snakke seg varm etter nokre innleiande tekniske justeringar med lydanlegget. Somme utplukka barn framførte ting dei hadde laga, to av ungane var tsjetsjenske og ein tredje hadde norsk namn.


Lidija Jusupova var slank, mørk, med enkel hårsveis i høve til vanleg skikk mellom dei tsjetsjenske kvinnene i Noreg; ho gjekk i bukse og jakke, som eg trur ho forklarte med arbeidstilhøva i utbomba Grosnyj i heim-landet. Ho snakka både russisk og tsjetsjensk denne kvelden, og blei tolka av fleire tolkar, som gav att den engasjerte talen hennar berre i grove trekk.


Det var fleire hundre tsjetsjenarar på Fiane skole denne kvelden. Dei møter opp for å høyre tsjetsjensk, for å høyre aktuelt nytt frå heimlandet og for å høyre korleis ein menneserettsforkjempar arbeider under svært vanskelege tilhøve, med drap, med valdtekter og andre overgrep og øydeleggjingar. Dei møter eit augevitne til det som skjer med heimlandet etter at dei sjølve blei flyktningar.


Etterpå var det tsjetsjensk dans. Tsjetsjenske kvinner, oppstasa, i pardans, elegante, men med litt høg-tidelege kvinnelege danserørsler, og mennene meir improviserande og utagerande og raske fysisk. Men over pardansane verka det for meg vere folkedansreglar: 1) reglar for å by opp ei kvinne og 2) framgangs-måte for ei kvinne til slutte seg til ein mannleg dansar som var i gang. Ungane, både eldre og unge var med på den same musikken, med på den same by opp-måten, uavhengig av alder. Folk dansa til kvarandre i dette opplegget, og slik at alle til stades såg... Etterpå fekk alle til stades setje pris på dei tradisjonelle tsjetsjenske mange og store kakene.


Det uverkelege storpolitiske fanst både her inne og i det tåkete novembermørket. Eg tenkte på dramaet i høve til Gjerstad, som er ein utkant for Kragerø og Kragerø-folk, slik Strilelandet er utkant for Bergen og bergensarar. I Gjerstad blir ”den gløymde konflikten” tatt opp... Vi hadde møtt juristen og talskvinna for menneskerettsorganisasjonen Memorial og dei gløymde ofra i Tsjetsjenia.