Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Pulsen på kunsten og litteraturen, del 2

Publisert 2005-07-31 09:53:05, sist endret 2014-04-08 21:36:23

Pulsen på kunsten og litteraturen, del 2

Boka Svingstol frå 1967 må ein ta fram igjen, skal ein fange Solstad.
Vi er vane med ulike sprang og retningar i kunsten og litteraturen. Det finst alltid fleire tendensar både i kunsten og litteraturen. Men kva er sjølve hovudtendensen, eller pulsen, dei siste ti åra i Norden? Er det ei ny vending i kunstestetikken til diverse som er utanfor kunstverket? Eivind Røssaak meiner at ”selviakttakelse” kan eller må vere denne viktige tendensen å forstå, og han seier i innleiinga til boka si (juni, 2005): ”Det som kalles selvet og virkeligheten, sees på som ressurser for kunsten.” Ei spissformulering blir det for meg når Røssaak gjev boka den tittelen ho har fått og ikkje heller den breiare formuleringa:
”Selviakttakelse og virkelighet – en tendens i kunst og litteratur.”

Eg vil gå nærmare inn på boktittel og konklusjon. Dette er andre del av ei bokmelding.

1. Først litt om forfattaren/ forskaren sin bakgrunn.

Kva er bakgrunnen til Eivind Røssaak for denne boka? Han er stipendiat ved Institutt for medier og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo, og han er også førsteamanuensis i litteraturvitskap ved Høg-skolen i Telemark, Bø. Tidlegare har han vori kulturredaktør for Klassekampen, og han har jobba ei rekkje år for forfattarstudiet i Bø. I fjor gav han ut, saman med Christian Refsum: Kyssing og slåssing. Fire kapitler om film. Eit par bøker med samtaler og essay om litteratur har han gitt ut. Han arbeider no (2005) med ei doktor-avhandling i film- og medieestetikk, blir det opplyst om på ein nettstad. Her er altså massemedium, ulike kunstartar, og litteratur aller mest. I bakgrunnen til Røssaak for å skrive om tendensen i kunst og litteratur er det nok å ta av.

2. Oppstilling av resonnementet til Røssaak.

Eivind Røssaak drøftar fleire viktige vendingar i norsk kunst/litteratur, og han viser samtidig til tilstands-analyser gjort av andre i seinare tid, nemleg:
- ei vending til biografi (Siss Vik, 2002)
- ei vending til kroppen (Jon-Ove Steihaug, 1998)
- ei vending til personleg risiko (Eirik Vassenden, 2003)
- ei vending til «virkelighetsfascinasjon» (Geir Gulliksen, 1996).
Han kunne gått solid vidare på dei ulike felta her, og det gjer han delvis, men vel likevel å definere ei vending til ”sjølvet” - som han har lite problem med å dokumentere at har gått føre seg - som kardinal-tendens og det mest interessante. Da kan han delvis inkludere både ”personleg risiko” og sider ved massemedium og sjølvbiografi i omgrepet sitt, ”selviakttakelse”. Og dei fem vendingane nemnde (inkludert vendinga til ”sjølvet”) er samtidig og samanlagt ei stor vending utover frå kunstverket og til røynda; dette er noko Røssaak er klår over.

4. Ei positiv vurdering.

Nærmast uavhengig av hovudresonnementet og av konklusjonen i tittelen på boka, har Røssaak skrivi fem lesverdige essay, som står godt kvar for seg, eitt om sjølvet og røynda, eitt om massemedium og kunst (med historisk tilsnitt), eitt om Stig Larsson, eitt om Vibeke Tandberg og eitt om Dag Solstad. Dei er ikkje av dei vanskelegaste lesestykka, men manglar nok konkret illustrasjon. Ikkje gjer essaya om dei tre kunstnarane den feilen. Det langt vanskelegast tilgjengelege essayet av dei fem er det første.

5. Alternativ konklusjon?

Oppgåva som Røssaak har tatt på seg, er å lage ein rapport om tilstanden. Eg set fram ein alternativ utgang på boka hans. Nemleg spørsmålet om 1960-talsestetikk. På side 19 skriv Røssaak:
«(...) Den sentrale kunsthistorikeren Michael Fried avviste faktisk sentrale deler av 1960-talls-avantgarden fordi den fremstod som teatral, dvs. kunsten ville ikke være spesifikk, men snarere inkludere mest mulig av både kontekst, betrakter og atmosfære. Den ville være en slags virkelighetsting, eller det Fried kaller ”bokstavelighetskunst”(...)»
Fleire stader elles i boka kjem Eivind Røssaak inn på 1960-talsestetikk. Men han måler og noterer likevel ikkje det han ser som det sterke nye ved estetikken i dag (det nye i høve til f.eks situasjonen på 1980-talet), opp imot 1960-talsestetikken. Og kvifor ikkje nett det? Kvifor ikkje konstatere at retninga i dag, iallfall dei siste fem åra, går imot 1960-talsestetikk?

Dette skal eg bruke noko plass på og svare nærmare på, med døme frå norsk prosa & lyrikk. Godt. Likevel presiserer eg at svaret mitt er ein tenkt tanke, ein nokså skjematisk tenkt tanke, og først og fremst trukki fram for å stille motspørsmål ved resonnementet til Røssaak:
A. Dømet Dag Solstad:
Dag Solstad overraskar noko med romanen sin i 2002. Men denne reaksjonen har vi ikkje grunn til å få. Solstad fekk i året 1967 sitt første litterære gjennombrot - det var iallfall eit gjennombrot for dei som følgde med - med den friske og freidige tekstsamlinga Svingstol. Teorien for verket er ikkje berre eksplisitt i mange delar av verket, men heile ballet startar - med: « Vi vil ikke gi kaffikjelen vinger», ei slags programmatisk opning. Svingstol rommar faktisk fleire av komponentane i 2002-boka hans, eg ramsar opp frå mi eiga lesing: det kollasjaktige spekteret av prosastilar, inklusive massemediet sin stil, uttalte og tydelege sjølvbiografiske innslag, reiseskildringar, politisk skildring (i teksten ”Moskva”) som minner om eit parti i teksten om Aust-Berlin i 2002-boka. Svingstol rommar katalog-estetikken, nærveret av ein volumiøs by (Oslo). Samanhengen mellom Solstad 1967 og 2002 kan forklåre kvifor det skulle bli Solstad som Røssaak hadde til det klåre kardinaldømet på norsk roman i sterk omskaping, når det nettopp gjeld å iscenesetje «sjølvet». Solstads estetikk går tilbake til ein første litterær offensiv frå han, og til eit første litterært gjennombrot for han, i 1960-åra.
B. Og dømet 1960-talslyrikarane:
Frå og med ca 1999 har aktørar i norsk 1960-talslyrikk anten fått ein revival med penna eller blomstra ekstra opp eller blitt trukki ekstra fram: Georg Johannesen, Stein Mehren, Jan Erik Vold, Kjell Heggelund. Dette har akselerert: Stein Mehrens nominasjon til Nordisk Råds litteraturpris i fjor var inga overrasking, og veteranblomstringa er ikkje ei tilfeldig utvikling eller ei obligatorisk formell hylling av gamle gubbar i poesien. Trass i skilnader mellom 1960-poetane har desse forfattartypane også ein god del sams, spesielt har dei sams 1960-talet sitt store sug etter kunnskap på eit vidt plan. Eg går berre summarisk igjennom: Mehren er den som alltid monterer teori inn i verka sine, heilt frå 1960-åra. Vold er den som heile tidbolken til no har hatt det aller tettaste bandet til massemedia, det er nettopp arven frå 1960-åra. Alle fire nemnde er politiske, Georg Johannesen hadde sin største org. praksis (og størst org praksis av dei) i 1960-åra. Når Jan Erik Vold turnerer i 2005, kan han leggje hovudvekt på det venstrepolitiske. Skilnadene som er mellom dei, betyr likevel mindre i dag. Eg tykkjer det er viktig å sjå i ettertid at dei fire nemnde poettypane frå 1960-åra har mykje sams og at dei alle kan oppnå å få eit kraftigare prosjektørlys på seg i tida som råder no.

C. Utfyllande tråd frå lyrikken:
1960-talslyrikken sitt gjennombrot hos presse og publikum var i 1968 med Jan Erik Volds Mor Godhjertas glade versjon. Denne boka har mange av dei eigenskapane som kunsten i dag har fått på breiare basis, for å seie det kort, boka rommar også den medvitne bruken av massemedia, har også ei demonstrativ vending til kroppen og er trøystefullt sjølvbiografisk, ho er ei framståande miljøbok for si tid, har også ein eksplisitt uttalt poetikk med brodd imot eldre rådande poetisk sneversyn, ein poetikk nesten i kvart einaste dikt i opninga av boka: ”mildere nå”, ”Furukongle-sang”, gå så til ”Trikkeskinnediktet” osb. Det eine diktet «Funny» midt i boka rommar aleine alle dei vendingane som er omtalte i denne artikkelen, og er eit av dei klåraste innslaga med jazz & poetry. Men korkje Volds humanisme eller Volds samlande metode blir analysert noko særleg i Noreg, fordi det skortar på brei teoretisk analysemetode i litteraturkritikken. Dette skortar det på den dag i dag, enda det snart er gått førti år sidan dikta blei skrivi og forsøkt offentleggjorde og etterpå plasserte i Mor Godhjertas glade versjon. Ja eller i oppfølgjaren kykelipi.

Ein kan vel ikkje seie at tekstsamlinga Svingstol eller romanen 16.07.41 representerer ei vending til kroppen. Men til dei siste åra sin norske lyrikk kan ein seie at konkret lyrikk som Marte Hukes(2004) og Vemund Solheim Ådlands (2004) kombinerer visuelt og lydleg nivå med ei vending til kroppen. Den danske lyrikaren Niels Lyngsø, med Morfeus, er den poeten som denne våren blei marknadsført som konkret poet i 1960-talstradisjonen. (Lyngsø stadfestar ikkje sjølv det konkretist-tradisjonelle i sin poetikk.)

D. Ei vedgåing frå meg og meir argumentasjon:
Eg skal vedgå at når det gjeld Ingrid Storholmens andre bok, Skamtalen graceland (2005), som rimelegvis kjem i etterkant av Røssaks kjeldebruk, ser vi at ho satsar på sterkt kollasjaktig iscene-setjing av sjølvet i ein performance & ny slags diktsamling - med skam som tema (pluss noko heftig udfinerbart religiøst). Her er personleg risiko. Dessverre klarer ikkje alle litteraturkritikarane å identifisere dei medvitne banalitetane i kollasjen til Storholmen - og ser derfor ikkje det ”stygge” som det er meininga dei skal sjå. Men eitt poeng til Eivind Røssaak. Det er vel lyrikkdømet Skamtalen graceland blitt!

Det neste og siste dømet mitt frå den ferskaste litteraturen i Norden kjem her: det er den danske forfattaren og dramatikaren Claus Beck-Nielsen, han har rike røynsler med å iscenesetje seg sjølv. I eit stramt miniverk, gitt ut på Gasspedal i vår, kalt «Das Beckværk: The Democracy - Destination: Iraq», skaper gruppa hans ein sort deltakande konkret og politisk litteratur/teaterkunst. Og: Eg notererer jo ikkje sjeldan at kunstnarar bruker iscenesetjing av sjølvet som det beste startpunktet for alle andre agendaer enn «sjølvet»!

Ps. Her er kanskje to døme på 1960tals mediaprosa i avisa Klassekampen 10/8:
Baksideartikkelen til Jan Carlsen om ”Amerikansk terrorfrykt” i samband med arkitekturen påambassaden, vil eg notere. Jan Carlsen er både veteranforfattar og arkitekt. Det andre dømet er brevet ”Hvalrossens signal” frå Svalbard-serien til Jon Michelet, Michelet er veteranforfattar og journalist. Begge desse to forfattarane skriv tett opp til både si eiga røynsle og sin eigen sjølvbiografi, slik dei alltid har gjort, og dei skriv som vanleg er for dei, eit godt og tett og likevel ”lett” norsk, noko som har samanheng med intensiteten i agendaen deira. Og dei to oppnår nok meir for miljøsak og diskusjon om arkitektur enn det dei fleste som har større personleg avstand og ein formell avstand til tema, gjer. Desse to, som blei vaksne i 1960-åra, er ”på hogget” i den noverande rådande estetikken med det heilt nye pågåande politiske klimaet. Dette er to raske lett tilfeldige døme frå dagspressa på klassisk kunstnarleg bruk av «sjølvet» til politiske formål.

Opplysning 22.november 2005: Eg har det tipset (tatt frå internett) at i nr 5 av Prosa (eit aktueltbasert faglitterært tidsskrift) kjem Hanne Andrea Kraugerud med artikkel om Røssaaks bok.


* Primærkjelder for meg, særleg for del to av artikkelen om Røssaaks bok:
Dag Solstad: Svingstol, 1967
Dag Solstad: 16.07.41, 2002
Jan Erik Vold: Mor Godhjertas glade versjon. Ja, 1968
Marte Huke: Se sol, 2004
Vemund Solheim Ådland: Profylaktisk skjønnhet, 2004
Niels Lyngsø: Morfeus, 2005
Ingrid Storholmen: Skamtalen graceland, 2005

* Artiklar frå nettstaden min som leier opp til analysen ovafor, særleg oversynet over lyrikken:
Baking, kortfilm og dikt, 16/12-04
3 artiklar/essay i bokform, 9/1-05
Konkret i poesi, 30/1-05
Skamtalen graceland, 18/4-05
Gasspedals format, 28/5-05

* Ordfront, Nrk, 24/4-05 følgde opp analysen min av tendensar i lyrikken, i eit intervjuprogram.

I ettertid av artikkelen min ovafor: Klassekampen, 10/8-05.

Også i ettertid: Nett-samtale mellom Niels Lyngsø og Lina Undrum Mariussen etter ÆÅ-festivalen, blei publisert i Jung 20/10-05, men er vel dessverre ute mars 2014, trur eg.