Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Pulsen på kunsten og litteraturen, del 1

Publisert 2005-07-24 18:29:43, sist endret 2014-04-08 20:53:17

Pulsen på kunsten og litteraturen, del 1

Eivind Røssaak utanfor ein kino -
Foto: Charlotte Wiig
ER DET nokon som undersøker tilstanden og tendensen i dagens kunst og litteratur? Ja, Norsk Kulturråd gjer det saman med Eivind Røssaak, i ei ny rapportbok med tittelen «Selviakttakakelse – en tendens i kunst og litteratur».

Eivind Røssaak er både medievitar og litteraturvitar, ein ikkje altfor vanleg kombinasjon hos forskarar, og Røssaak gjer det som er nødvendig å gjere med forskinga rundt norske kunstnarar og forfattarar i dag, dersom det skal bli råd å sjå kva som skjer med kunst og litteratur.

Kunsten og det kunstoffentlege er nøkkelord hos Røssak for det som er i endring. Det er fint at Røssaak har kommi på lag med sosiologane i utreiingsarbeidet til Norsk Kulturråd. (Dvs sosiologane Arild Danielsen om kunstpublikummet, og Svein Bjørkås om festivalane.) Eg tilrår dei som er interesserte i kunst og litteratur å studere denne første rapporten i den nye serien frå Norsk Kulturråd og også vere på utkikk etter dei andre rapportane som vil komme og er i kjømda.

Hovudsakene i undersøkjinga til Røssaak er tre:
1. Hovudsak er den svenske lyrikaren Stig Larsson si bråe konvertering frå heile lyrikken, i 1996, med eit dramatisk forsvinningsnummer synt på fjernsyn. Eller ein kan seie, slik Røssaak gjer, at Larssons nummer er bidrag til ein ny type ”reality-litteratur” ved å gjenta seg (i nye media). Larsson «skriv utanfor litteraturen».

2. Hovudsak er Vibeke Tandbergs digitale medium, der ho m.a investerer i eigen kropp, ved ein type høg-arrangerte foto. Vibeke Tandberg er digital biletkunstnar og har tatt fotoet som klassisk medium (og klassiske målarstykke) å spele opp imot. Denne delen av Røssaaks arbeid fungerer som ein sterk introduksjon til kunstnaren Tandberg, iallfall for meg, som ikkje kjende til Tandbergs arbeid frå 1993 og til i dag.

3. Hovudsak er Dag Solstads ”roman” (hermeteiknet er sett av Røssaak): 16.07.41, ein roman som ifølgje Røssaak først og fremst er ei ”undersøkjing av sjølvet” og dertil er i samsvar med ei generell estetisk vending til biografi, det er ei vending som Siss Vik tok opp i 2002 og som Røssaak viser til og byggjer på. Omgrepet «selv-iakttakelse» i boka til Røssaak gjeld meir enn det å halde auge med «sjølvet» enkelt, for sjølvet held også auge med måten sjølvet framstiller seg på i kunstforma, i kunstteori og i medietradisjonen.


DETTE SOM skjer, er Eivind Røssaak positiv til, først og fremst på den måten at han prøver å gjere godt greie for det, noko han også klarer. Kor fører så desse estetiske vendingane oss?

Både ei vending til kroppen og ei vending til biografi er døme på kunst som utforskar noko, og noko er utover, utover verket. I tillegg til desse to vendingane utover frå verket - og dette framhevar Røssaak i boka - kjem ei vending til personleg risiko (analysert av Eirik Vassenden i 2003) og ei vending til ”virkelighets-fascinasjon” (analysert av Geir Gulliksen i 1996). Av desse går vel Røssaak lite inn i og følgjer vidare Gulliksens tidlege observasjonar frå 1990-talet.

Eivind Røssaak presenterer eit vell av referansar, sidan han har samla vide teoretiske kunnskapar. Av større referansar nemner eg t.d Michel Foucaults omgrep ”selvforvaltning”, eit omgrep som ligg nære Røssaaks eige omgrep i tittelen, ”selviakttakelse”. Når det gjeld tempoet i massemedia, går han tilbake til Charles Baudelaire, som Røssaak elles gjev stor plass til i rapporten og røper sin store kjærleik til. Eg må berre gje han rett i at Baudelaire, som både var poet, litteraturkritikar og kunstkritikar, fort kan vere sentral i dei fleste spørsmål om kunst.

Mangt av referansane til Eivind Røssaak kan vere både interessante og til dels kjende frå før for lesarar. Men det viktige med boka (som kom ut i juni) er at forfattaren set tendensane i kunsten og det kunst-offentlege saman og prøver å finne eit samla notidig bilete. Eit samla bilete vil det vere meir sanning i, og mykje meir viktig i, enn i ein enkelt tendensfaktor lausrivi frå heile tendensen.

Enda ei estetisk vending, ei femte vending som nok sluttar seg til dei fire nemnde vendingane, men som Røssaak likevel ikkje tar med, enda han har høve til å sjå og demonstrere denne nettopp med utgangspunkt i Solstads siste roman (som inkluderer fotnoter og det innskotne foredraget om romanen), er at dagens litteratur inkorporerer kunstteorien eller erkjenningsteorien eksplisitt inn i verket. Enda meir tydeleg i Norden enn i Dag Solstads roman er dette hos den danske lyrikaren Niels Lyngsø. Men først og fremst har romanforfattaren Solstad og lyrikaren Lyngsø overraskande mykje sams i komposisjonen, ikkje minst i ei eiga sterk forteljarrøyst som byggjer på og samtidig trassar det kollasjaktige i begge verka. Eg viser her til Lyngsøs Morfeus, 2005.

Dette å plassere kunstteorien eksplisitt inn i verket er noko som er nokså godt kjend i biletkunsten, ved kunstnaren sine forklårande oppslag og plakatar og kollasjar i utstillingsgalleri, utan at eg på ståande fot vil kunne vise til dei aller fremste representane for dette i norsk kunst.

LITTERATUREN KJEM etter, etter biletkunsten, det har vel mange merka; litteraturen kjem også etter i denne nye utforskinga-av-noko-i-røynda, desse vendingane til kropp, biografi, risiko og ny røynd (og eg kunne også her leggje til: ein eksplisitt uttrykt teori i verket). Men kor langt, kor langt etter kjem den norske litteraturen eller helst lyrikken? Dette spørsmålet stiller eg meg fleire gonger medan eg les boka til Røssaak.

Men som han sjølv varslar i innleiinga: I staden for å skrive breitt om ei rekkje nyare kunstverk har Røssaak valt å konsentrere undersøkjinga - eller å skrive - om heller få enkeltverk frå tre generasjonar forfattarar/ kunstnarar: Dag Solstad (f.1941), Stig Larsson (f. 1955) og Vibeke Tandberg (f. 1967).

Røssaak kunne hatt med fleire døme på norske romanar (enn hos Solstad og Erlend Loe), og han kunne spesielt eksemplifisert med enkeltdikt og verk av norske poetar, men det gjer han ikkje. Eg saknar undervegs ei konkret jamføring eller notidig konkret plassering av tendensane, ikkje minst når han går til den svenske lyrikaren Stig Larsson i 1996 og bruker han som eit kardinaldøme i boka. Dette gjer eg fordi eg er poet, norsk poet. Men samtidig tykkjer eg sjølvsagt at tendensane i andre kunstsjangrar er interessante å studere i seg sjølv. Eg trur jo og meiner og kan dokumentere, liksom Røssaak kan dokumentere, at det estetiske heng saman gjennom kunstsjangrane og litteratursjangrane og tvers over kunstsjangrane og litteratursjangrane.

(Grunnen til at Røssaak ikkje har tatt føre seg den norske lyrikken, er kanskje at dei estetiske tendensane har gjort seg mindre gjeldande her, eller at den norske lyrikken er meir uoversiktleg eller mindre interessant og for seindrektig? Eller, som ei gjetting, at han ikkje vil gå meg, som han kjenner, og lyrikknett-staden min i næringa eller, for den del, bruke Rune Christiansen, som han også kjenner, som eit viktig døme i fotefara til akkurat Larsson? Dette er berre gjetningar. Eller, og det blir siste fundering, så er tilhøvet så enkelt som at han ikkje likar norsk lyrikk slik som han likar Baudelaire.)


VIL DU vite meir om Eivind Røssaaks bok, trykk deg til del 2 av artikkelen min. Der går eg vidare inn i diskusjonen av spørsmåla, og eg vurderer boka nærmare. Her var elles eit intervju med Eivind Røssaak. Her var heile boka på nett.

GÅ TIL bokhandelen din (eg gjorde etter å ha sett eit avisintervju med forfattaren). Eller berre kontakt direkte fagbokforlaget@fagbokforlaget.no

______
Boka har eit stort og nyttig noteverk, men manglar eiga kjelde-liste. Iallfall hadde eg likt det om boka hadde kosta på seg eit personregister.