Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Vegringa mot nostalgi

Publisert 2005-06-29 19:27:02, sist endret 2011-10-18 16:02:50

Vegringa mot nostalgi

Erling Indreeide skreiv Utdrag frå MISTRU DEN SOM IKKJE ER NOSTALGISK! med merknader.
Dette er ein bokkommentar - med etterfølgjande svar frå Indreiede. Først spør eg: Var det betre før? Kor går verda? Mange ting kan jamførast, vatnet i springen, isen ved polane, kvinnene sin klednad, læraren si røyst, OECD-rapportar og FN-rapportar, kor mange barn er feilernærte, har FNs UNICEF rett i at det går framover for barn, - det kommunistiske manifestet etc.

Å skaffe seg oversikt og heilskap og vitskap er verre. Men kjensla er der. Når ein les om forferdelege ting i steinalder, i middelalder og nyare soge. Når ein er i det pessimistiske hjørnet. Når ein møter uventa hjelp frå ein barmhjertig samaritan. Og det er vel opplagt at menneskelivet går nedover for den enkelte av oss, at aldringsprosessen både tærer på krefter, moral og vett og forstand? Det høyrer også med til menneskelivet å klage og klage – for deretter å rose noko opp i skyene. Er du med?

Det er da ein lagar seg ein filosofi. Det er da eit menneske har ein filosofi og har kanskje hatt det lenge. Ein filosofi er noko eit menneske må ha; men ikkje alle skriv opp systemet sitt.

Eg kjenner ein forfattar og lyrikar som har vigd seg stadig til filosofiske spørsmål og helst sysla med kor mykje vi kan halde på kjærleiken vår og tankane våre i ei samfunnsmessig supermoderne utvikling. Han kallar det vanskelege for «vegring mot nostalgi». Nostalgi er syonymt med kjærleik. Året 2004, i fjor haust, siterte han direkte seg sjølv frå Syn og segn nr 4 1994 i Klassekampen med debattinnlegg, altså ti år seinare enn da innsikta først var offentleggjort i Syn og Segn. Og sitatet var nokre raske slutningar som lyder slik:
”Var det så mykje betre før? Det er somme som tvilar på det. Naturlegvis var det betre før. Kva skulle ein elles ha å sjå fram til, om ein ikkje hadde røynsle for at verda kan vere betre enn ho er? Var det ikkje betre før, måtte livet vere utan mål og meining, og hug og minne vere uråd.”
Utsagnet kom frå Erling Indreeide, ein norsk lyrikar på nett min alder, no passert dei seksti. Eg skal prøve å drøfte den filosofiske opplevinga til grunn for det lange essayet hans 2003 bak tittelen Utdrag frå MISTRU DEN SOM IKKJE ER NOSTALGISK! med merknader. Om det forgjorte. Og essayet MISTRU DEN SOM IKKE ER NOSTALGISK var opphavleg eit manus som under store seremoniar på det norske teateret, m.a med opplesingar, blei forsegla a la ein farao og gøymd. Sidan må det ha kommi fram igjen.

Grunnen til at eg prøver ei drøfting av den filosofiske opplevinga, er ikkje at eg tenkjer likt med Indreeide, men heller at eg har ei heilt anna filosofisk oppleving for min del, og at eg ser at Indreeide stiller synet sitt fast på eit pessimistisk punkt, slik at eg må undrast storleg over kor fullstendig ulikt vi vil svare - svare først og fremst filosofisk - på dei same spørsmåla som det er heilt naturleg å stille.

Ein kan innvende at boka til Erling Indreeide først og fremst kan lesast som dikting, som sprelske originale essayistiske songar om aktuelle hendingar. Men la oss likevel sjå på Erling Indreeide sin filosofi, først i relieff. I avsnitt nr to i det lange essayet teiknar forfattaren opp ein filosofisk posisjon som var heilt motsett den han kom fram til seinare og har no:
”I ein tiårsperiode, frå konfirmasjonsalderen omtrent, gjekk eg utan vidare utifrå at ein på vitskapeleg grunn skulle kunne finne fram til den korrekte måten å leve på, og eg såg det i motsetjing til bl.a. religiøst grunna levereglar. Eg gjekk ut ifrå at ein med utforsking av menneskenaturen ville kome fram til ei stadig meir rasjonell drift av menneske og samfunn. Eg la merke til at mange konvensjonar og mentale sperrer stengde for forstandig etikk og rasjonell veremåte og hindra fri utfalding. Det rota seg meir til då det gjekk opp for meg meg at monoteismen, med sitt postulat om at same makta rår universelt, kan sjåast som ein forløpar for rasjonell forståing av naturen(...)”
Igjen vil eg peike på at framstillinga hos Erling Indreeide er atskilleg meir skjønnlitterær enn ho er fagbokaktig. Eg vil også seie at Indreeide er ein velgjerande fin stilist. Dette fører til ei meir leseverdig framstilling. Men for den filosofisk skolerte med fagtermar i baklomma fører Indreeides seiemåte kanskje til større frustrasjon.

Vil du forstå Indreeides filosofi, den han fekk etter kvart, må du tenkje deg det motsette, det stikk motsette av det skissa ovafor frå tiårsperioden etter konfirmasjonsalderen viser opp av ein filosofisk posisjon, det vil seie alt tvert imot: mange gudar, tvert imot: ingen korrekt veremåte etc.

Men først må eg ta nokre atterhald. Vi snakkar no om erkjenningsfilosofi først og fremst. Alle filosofar, eller nesten alle, utformar også ei praktisk side, ein moralfilosofi eller praktisk politikk. Denne blir til vanleg forsøkt utforma på grunnlag av erkjenningsfilosofi-delen og gjerne etter at filosofane har skrivi ned erkjenningsfilosofien i eige bokverk. Eit atterhald til på det: Det er ofte vanskeleg å sjå at overgangen frå erkjenningsfilosofi og til moralfilosofi går så veldig greitt. Dette gjeld generelt i filosofihistoria, så langt eg kan sjå, frå Platon til Kant...

Og det største atterhaldet: I det heile tatt er det vanskeleg å følgje resonnement til filosofar fordi mange av premissa deira er bygde på evidente tankar og oppdagingar (som langt ifrå er like sjølvinnlysande for alle menneske) pluss bygde på ei stor og uoversiktleg mengd røynsler og konstateringar gjort i hjernebarken til filosofen, men som det er mest uråd å leggje fram på bordet for ein motpart, langt mindre eit lesande publikum.

Det er nesten like vanskeleg å bevise ein filosofi som det er å motbevise ein annan sin filosofi.

Evident hos Erling Indreeide er t.d det provet han fører, i Syn og Segn først, for at verda må ha vori betre før, sidan menneska har klåre idear om ei betre verd. Ei skjematisk framstilling, berre skissert etter minnet, over sentrale punkt i Indreeides heile filosofi er følgjande, i mine valde ord:
1. Uskuldstilstanden i Paradiset er utgangspunktet.
2. Sidan verre.
3. Deretter verre og deretter verre.
4. Draum om gjenkomst av paradiset.
5. Nye gudar overtar heile tida.
Høg frekvens på dette under den rådande økonomiske liberalismen og tilhøyrande tankegang no, nødvendigvis..
6. Kjærleiken i dag blir sterkt truga av dei nyaste gudane.
Nostalgi blir sett på som eit håplaust hinder og ikkje sett på som kjærleik.
7. Men: Ingen kan prove overfor deg kva som er ein korrekt veremåte, er Indreeides motsvar til den rådande raske samfunnsutviklinga og krava ho stiller..
Det er opp til deg som les dette, å motbevise at rekkja 1-7 skulle eksistere, er det ikkje? Iallfall, i det minste, motbevise 5, 6 og 7.

Vi går til slutten av boka. Her er avsnitt nr 146 i boka, eit kort avsnitt og det nest siste avsnittet i den 366 siders boka med sjanger-nemninga «Funderingar», som må kunne liggje nærmast essaysjangren - på sine mange spørsmål til lesaren:
Skulle ein omstillingsfullkommen stille seg likegyldig til kva slags lengsler ein vert opphav til? Skulle ein vilkårslaust la seg fortære av kva som helst slags arvingar? Skulle omstillingsevne vere det einaste namnet på etterkommarane? Er omstillingsevne den einaste eigenskapen vi med visse kan vite at dei treng? Skal det ikkje vere verkelege avkom med lengt attende til opphavet? Skal dei vere fridde frå lengten etter å leve som fedrane og mødrene levde? Skal dei vere eintydige? Er det sant at omstillingsevne er det einaste namnet vi har å halde oss til når vi skal forme danningsverket for kommande generasjonar?

Del 2 (av svaret mitt til Erling Indreeide)

Den finlandssvenske poeten og jazzmusikaren (tidlegare både politikar og kulturminister) Claes Anderson fortalte til pressa når han var i Noreg i april, at han ikkje høyrde til dei som synest det meste var betre før. Det meste var verre før, sa han. Eg innbiller meg at fråsegna hans er farga av finske røynsler, og iallfall ville ikkje eg gå fullt så langt til den kanten at eg lovpriste notida. Filosofisk stiller saka seg likevel annleis, dersom Claes Anderson - og vi - skulle tenkje filosofisk på heile soga.

Dersom eg skulle ta opp utfordringa frå Erling Indreeides filosofi og vudere spørsmålet om framgang og tilbakegang både på ein objektiv og på ein personleg måte, og konsentrere meg om dette eine utgangs-punktet for filosofien, kunne svaret mitt bli slik:

1. Det var seint på 1940-talet at eg fekk lære meg å symje og sykle i tillegg til at eg lærte å vere i barnehage, bra saker alt dette, og dei seinare åra på 1940-talet budde eg endåtil på ein bondegard med alt det ein bondegard skal ha ute og inne, låve og alle fjøs, dertil bryggjarhus, smie etc. Likevel hadde vi hatt ein totalt øydeleggjande verdskrig rundt oss, og åra midt i krigen hadde (den nære) familien vår flytta altfor mykje.

2. I 1950-åra budde eg som skoleunge i kanten av ein trøndsk by med veksande privatisering, der idealet for alle, like mykje for proletarane som for andre, var å etterlikne Amerika så godt som ein kunne, ved sterk markering av tomtegrensene, med kvinnfolka helst heimeverande som idealet, ved homsefrykt og kommunisthets. Bakgrunnen var kald krig og Korea-krig og atom-nedfall over Noreg. Eg set eit stort spørjeteikn ved den tida. Men eg respekterer sjølvsagt Erling Indreeide sin rett til å hegne om kjenslene sine frå dette tiåret, utan å bli mistrudd av meg, han var i ein langt annan situasjon som fødd på ein vestlandsgard, i ei grend med slektningar og annan sosial omgjevnad enn det eg opplevde i kanten av byen.

3. Deretter: 1960-åra - da blei eg heilt vaksen - opplevde eg som ei betre tid for meg og for det norske samfunnet, om ikkje for alle, altså for bøndene t.d på Sunnmøre, men ei forbetring trass i Vietnam-krigen som amerikanarane førte og som det kom sterkt aukande motstand mot. Men denne opplevinga mi kan dessverre vere eit altfor lite moment i den større filosofiske samanhengen, som går over heile verdssoga.

4. Forbetring og faenskap balanserer kvarandre på ein merkeleg måte, opplever eg; slik er det generelt i den lange soga. Dette er eit avklåra punkt i det vi kan kalle erkjenningsfilosofien min. Vi øydelegg naturen i dag. Men inntil nyleg, før atomvåpna kom, visste ein ikkje eingong kor dramatisk sårbart livet var og kan vere... Håpet for meg er at vi kan forbetre, og seinare oppheve, både kapitalisme og sosialisme som system. Eingong vil vi kunne det, bryte med historias gang gjennom alle klassesamfunna...

5. Vidare håp for meg personleg er: Vi vil kunne vere i stand til å skape grunnlag for å erkjenne det individuelle i alt liv, i både menneske og dyr. Ein veit t.d langt meir om demokrati og demokratiprosess i 2005 enn tidlegare; både for EU og for Noreg skjer det ting på makro- og mikroplanet, vil eg hevde, enda eg jobbar aktivt imot norsk medlemskap i EU, imot byråkratiet og supermaktutviklinga. Vi ser ifrå UNESCOs talmateriale at statistikken for barn sine oppvekstvilkår er betre i 2005 enn på lenge - ja, betre enn når? Betre trass i katastrofane som stadig skjer. Og betre trass i at utbyttinga på jorda er større enn nokon gong... Forbetring og ny faenskap.

6. Rokkar alt dette som eg har leksa opp, ved filosofien til Erling Indreeide? Kanskje ikkje. Det kommunistiske manifest frå 1848 har ein vinkel på skildringane som ikkje går direkte på framgang/ tilbakegang (sitat):
Borgerskapet har, der det har kommet til makta, gjort slutt på alle føydale, patriarkalske, idylliske tilhøve. Det har ubarmhjertig revet over de brokete føydalband som knytta mennesket til dets ”naturlige foresatte”, og ikke latt noe annet band tilbake mellom menneskene enn den nakne interesse, den kjensleløse ”kontante betaling”. Det har druknet det fromme svermeri, den ridderlige begeistring, det spissborgerlige vedmods hellige gys i den egoistiske bereknings iskalde vann. Det har oppløst den personlige verdighet i bytteverdi, og i stedet for de utallige knesatte og hevdvunne friheter satt den ene samvittighetsløse handelsfrihet. Det har kort sagt i stedet for ei utbytting innhylla i religiøse og politiske illusjoner satt den åpne, skamløse, direkte, nakne utbytting.
Dette avsnittet er tatt frå side 3 i utgåve gitt ut av Sosialistisk opplysningsråd så seint som i 1970. Er ikkje desse orda ei meir enn brukbar skildring av tilsynelatande forbetring og ny faenskap?

7. Det finst ein slags korrekt veremåte, vil eg hevde. Og det som rokkar ved Erling Indreeides filosofi kan vere at han ikkje tar ein diskusjon om det universelle i mennesket sitt medfødde moralske imperativ eller tar opp t.d slike lenge påståtte universelle fenomen som menneskerettane... Hundane er fødde med noko som liknar moralske imperativ. Kven har ikkje sett hundar - og barn - som vil samle «flokken»? Menneska er fødde med moralske imperativ, ifølgje Kant. Er dei ikkje det?



OM NOSTALGI ETC.
Ein merknad

Av Erling Indreeide

Det er positivt at Helge Rykkja tek boka mi Utdrag frå MISTRU DEN SOM IKKJE ER NOSTALGISK med merknader opp på offisiell forfattarside, men det problematiske er at dei standpunkta han polemiserer mot har ingenting med mine resonnement å gjere. Han er også merkeleg uetterreteleg når han skriv at MISTRU DEN SOM IKKJE ER NOSTALGISK opphavleg var ”eit manus som under store seremoniar på det norske teateret, m.a. med opplesingar, blei forsegla a la ein farao og gøymd. Sidan må det ha kommi fram igjen.” Eg vert nøydd til å bruke nokre setningar på å klare opp i dette. Det var kassettane med lydopptak av høgt-lesingar frå manuskriptet som vart knuste og gravfesta i lag med Skaberakket – ein trekanta pyramide med plexiglastopp - under seremonien i på teatret. Skaberakket var nøye konstruert av Per Kleiva, for å kunne tene til sitt føremål, og seremonien var avslutninga av Obskurteatret, ein opplesningsserie der 12 spesielt kvalifiserte kvinner og menn vart inviterte til å lese høgt frå manuskripetet, utan publikum, inne i Skaberakket. I gravfestingstalen vart det gjort greie for kvifor tekstfragmenta som vart brukte i Obskur-teatret ikkje kunne publiserast på anna vis, og som tittelen på boka seier, så er det berre utdrag frå manuskriptet (som låg til grunn for Obskurteatret) – som er med i boka, og i føreordet vert det opplyst at ”fragmenta som er tekne med i det føreliggjande arbeidet, (er) andre enn dei som vart brukte i Obskurteatret.”

Rykkja siterer følgjande: «Var det så mykje betre før? Det er somme som tvilar på det. Naturlegvis var det betre før. Kva skulle ein elles ha å sjå fram til, om ein ikkje hadde røynsle for at verda kan vere betre enn ho er? Var det ikkje betre før, måtte livet vere utan mål og meining, og hug og minne vere uråd». Det er eg som har skrive dette. På dette grunnlaget polemiserer han mot ei oppfatning om at verda var betre før enn no, ei oppfatning som han ser ut til å meine eg har. Han hentar sitatet frå ein artikkel i Klassekampen hausten 2004, der eg siterer meg sjølv frå ein artikkel eg hadde i Syn og segn, 4,1994. I Klassekampen-artikkelen skreiv eg: ”Eitt poeng er at det trengst erfaringsgrunnlag for å kunne lengte og ha planar, søkje alternativ til det som er, eller som eg litt sleivete og polemisk har uttrykt meg i ein annan samanheng:” – og så følgjer sitatet. Korleis det då kunne oppfattast som ein påstand om, eit uttrykk for ein innsikt, at verda allment var betre før enn no, slik som Rykkja tydelegvis gjer, er for meg gåtefullt. Det burde vere openbert at det er tale om ei formulering av eit erkjenningsteoretisk standpunkt, ei spissformulering rett nok, der eg tilstår at eg er empirist i den forstand at eg påpeikar at vi treng erfaringsgrunnlag for fantasiane og førestillingane våre om kva som kunne ha vore. Det gjeld vår evne til å gje namn til våre lengsler og lyster, til å ha omgrep og bilete for kva vi strevar etter. Det gjeld vår evne til å ha førestellingar om kva som kunne ha vore, og dermed vår evne til å ha planar. Etter kvart som barnet har opplevd noko og tileignar seg språk, får det også planar og førestellingar om kva som kunne ha vore. Det indikative og det konjunktive tilværet føreset kvarandre. Ser ein framover så ser ein også bakover. Janus er gud for alle vitande. DU BARN… heiter eit dikt av Stein Mehren. Det sluttar slik:

Som Janus vendt tilbake og vendt frem Du står
i vindene av håp og angst vokst ut – som trær
i vind … alene med en himmel – festet dog i jord
Men du som stod en gang og suget tidens blinde jord
Du griper atter verden. Men nu med ord og atter ord
(frå Alene med en himmel, 1962)

Vi kan leike oss litt med orda hug og hugs. Å ha hug på peikar framover, medan å hugse peikar bakover. Snakkar eg om hugen min, så viser eg gjerne til noko meir omfattande enn lyster og lengsler. Eg viser til mitt sinnelag, min mentalitet, mitt vesen. Hugen min er eit omgrep som viser til meg som kognitivt, tenkjande, erkjennande vesen. Dette er som det må vere, om eg får seie det slik, for erkjenning, kognisjon, konseptualisering står i eit indre forhold til lyster og intensjonar. Å tale/konseptualisere er å intensjonalisere, perspektivisere.

I den jødisk-kristne syndefallsmyten er det ein djup innsikt i at nostalgien - lengten tilbake til hagen ein er kasta ut av - og forstanden vart til som to sider av same spranget, same tilblivinga. Vi vart noko anna enn hagen då vi vart kasta ut av han, ut av vegeteringa og ut i kunnskapen, teknologien, og dermed ut i ansvar og skuld for det som hender, og det er vel ikkje til å undrast over at denne myten både eksplisitt og implisitt, både her og der, røper seg i ein tekst om nostalgi og erkjenning, for eksempel: ”Då eg var smågut og gjekk gardemellom og selde julehefte, la eg merke til at gardane hadde kvar si lukt, berre heime lukta det ingenting. Men ein gong eg kom heim etter å ha vore lenge borte, kjende eg at det lukta der og. Spørsmålet er om eg då var forderva, fallen og skadd, eller om eg hadde vakse og utvikla meg, forbetra meg, kultivert meg, sublimert meg, så pass at eg kjende at det lukta der og, var komen til kunnskap om mine kår og vart spora til opprør. Faktum er i alle fall at eg hadde vorte medviten og var komen til kunnskap om denne lukta og utvikla det ettertrakta sjølvkritiske blikket. (--) Eg trur at om ein ange er så god at ein ikkje merkar noko anna enn denne angen, men er heilt borte i han, ja, då er ein i Himmelen. Ein ange som er så god at ein er heilt borte i han merkar ein naturlegvis ikkje, så god er han. Ein er naturlegvis eitt med angen ein er borte i og er følgjeleg ikkje anna enn ange, og følgjeleg ikkje det eingong, men eintydig. Ein ange som er så god, kallar vi derfor himmelsk eller paradisisk, og forstand er å vere kasta ut av dei himmelske angane og vere noko anna enn ange. Det er å vere utkast. Eg trur at den fullstendige kunnskapen og terapien er frelsa frå agonien i det plagsame eksilet; å verte frelst til einskap med dei himmelske angane” (s.37). Kasta ut av det fullkomne vert ein eit utkast som ikkje før var, - eit utkast til kva? Den danske poeten Peter Laugesen som nyleg gjesta Oslo skriv i boka DIVANORD (København 2004):

Jeg så det ikke med det samme
da den unge mand fra radioen spurgte mig
hvordan min have mit paradis
skulle se ud hvis jeg var gud
at paradis først blev en have
da spillerne var blevet vist ud
fordi de havde spist af kundskabens træ
Paradis blev først en have
da nogen kunne lukkes ude fra den
og det var også det jeg ville have sagt
men det blev først klart
da det var for sent
i hvert fald til radioen
og nu er der nok aldrig nogen
der spørger mig igjen

Vegringa, eller kampanjen, mot nostalgi er eit vesentleg innslag i kampanjen for å reservere den politiske arenaen for snever økonomisk argumentasjon. Det er ein kampanje for å gjere førestellingane om kva som kunne ha vore så trange og platte som muleg. Du skal ikkje ha andre lyster enn ønskjet om å ha meir å skilte med. Ikkje noko skal vere forståeleg som anna enn vare, som anna enn utskifteleg, erstatteleg. Ingen transaksjon, inga samhandling skal forståast som anna enn handel. Eit enkelt retoriske knep er å stemple somme lengsler som nostalgi, som sjuklege, som uttrykk for mental tilkortkoming, som skrantande livs - og omstillingsevne. Det vert sådd tvil om ihugkomingsevnene: Du minnest feil, du idylliserer. Det er betre som det er.

Helge Rykkja gjev døme på slikt som han meiner er betre no enn det var før (1950-talet), og omvendt. Han summerer opp og meiner det fell ut til fordel for notida. Slike summeringar og subtraksjonar har ingen plass i mine resonnement og framstillingar. Tvert imot er eit ærend for meg å demonstrere det håplause i slike diskusjonar. Sjå f. eks. s.134 ff i Utdrag frå -.

Eit hardnakka rykte vil ha det til at eg skal vere imot teknologi og teknologisk utvikling. Helge Rykkja ser ut til å ha lytta til dette ryktet meir enn han har undersøkt kva eg har skrive. Eg er ikkje imot teknologi. Eg er ikkje imot utvikling. Eg skil mellom utvikling som eg ønskjer og utvikling som eg ikkje ønskjer, og utvikling som eg ikkje ønskjer er eg imot.   Eg kan formulere mål som eg ønskjer realiserte og mål som eg ikkje ønskjer realiserte, og er som andre, skulle eg tru, for utvikling mot det eine og mot utvikling mot det andre.

Eg er dessutan imot utvikling som ikkje er vakker nok. Utvikling som ikkje er vakker nok raserer personleg og samfunnsmessig identitet/kontinuitet. Jan Erik Vold peika ein gong på at tradisjon tyder å gå vidare. Ei utvikling som ikkje er vakker nok raserer stilkjensla i ein tradisjon, og stilkjensla, skilje som tradisjonen gjer mellom stygt og vakkert, er etter mi oppfatning sjela i tradisjonen. Striden om fargen på Oslo-trikken er naturlegvis ikkje ein strid om teknologi i og for seg, men om kva som er vakkert nok. I alle tradisjonar er det stridd mellom undertradisjonar, rivaliserande stilkjensler, smakstradisjonar, lengsletradisjonar, og det som er ikkje vakkert nok for den eine tradisjonen er vakkert nok for ein annan. Slik er dynamikken. Somme tradisjonar vinn, andre taper, og det er ikkje unaturleg at den tapande parten sørgjer over tap av kjære ting og livsformer.   I dette tilfellet er det ikkje snakk om strid mellom til teknologi/effektivitet og tradisjon. Det er ein strid mellom forskjellege tradisjonar. Men ofte oppstår det strid mellom effektivitet og tradisjon/stil; det kostar noko å ikkje skade sjela i tradisjonen. Striden presenterer seg gjerne som ein strid mellom effektivitetomsyn og estetiske omsyn. Dette aktualiserer spørsmålet om kva glede ein har av å vinne heile verda dersom ein tek skade på sjela si, og då er vi attende ved spørsmålet om tapet av alle ærend enn higen etter meir rikdom. Motstand mot tradisjonsrasering er ikkje motstand mot teknologi: Det er ikkje eingong motstand mot endring og utvikling. Men forvekslar ein tradisjonsutvikling med teknologiutvikling, vil ein gjerne oppfatte og framstille det slik. Når det gjeld teknologisk utvikling er det nokolunde greitt å skilje framgang i effektivitet når det gjeld å nå definerte mål frå stagnasjon og evt. tilbakegang. Men når det gjeld utviklinga av striden mellom smakstradisjonane, stiller det seg annleis.

Alt verkeleg er i forandring. Forandringar som er gunstige for somme livsformer er ugunstige for andre.
Når det gjeld spørsmålet om ein korrekt måte å vere menneske på, så er det eit spørsmål som durar og går, meir eller mindre høglydt gjennom heile boka. Eg prøver meg med snedige kategoriar som ”paradoksal monoteisme” og påstandar som at den einaste rette guden må vere ein av gudane. Men eg kjenner meg heilt sikker på at det ikkje nokon gong vil vere muleg å formulere manualen for korrekt bruk av menneske eller av menneskeliv.

Det kan sjå ut til at valet står mellom nihilisme og metafysikk, mellom vegetativ likesæle og det metafysiske postulatet om at menneska så å seie er fødde med om ein inskripsjon om kva dei skal tene til; det det gjeld om er å dechiffrere denne inskripsjonen. Ja korleis kjem ein ut av klemma mellom nihilisme og metafysikk? I Utdrag frå – har eg prøvd å setje fram forslag om dette.

Så vidt eg kan sjå har Helge Rykkja inntrykk av at eg, trass i mangelfullt fagfilosofisk omgrepsapparat, baskar på så godt som ein kan vente med mine tungsindige gammalmannsfunderingar.


Gjensvar til Indreeide skreiv eg på nettet, men svaret er dessverre blitt borte ved eit uhell, når eg sletta spaminnslag no i april 2007. Eg skal prøve å få sett om svaret ligg inne på kopi.