Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Ein biletanalyse, 1832

Publisert 2005-06-29 14:41:28, sist endret 2008-03-17 10:18:48

Ein biletanalyse, 1832

- - - frå to kulturpolitiske parti - - -
Går det an å kalle Mjøsa ein pupp? Er det rett å skildre Mjøsa som Noregs hjarte? Eller for å spørje på ein annan måte: Kva for premiss ligg til grunn for forståing av poesi? Eg trekkjer her fram ein kjend historisk kontrovers frå 1832...

1. Omkring 1832 sto det to parti imot kvarandre i Noreg. Gerhard Gran gav i boka si Norges Dæmring (1899) ei framstilling av ”intelligens-partiet” sitt åtak på rasjonalismen til Henrik Wergeland. For partiet, det kulturpolitiske ”intelligenspartiet”, var Wergelands ungdomsdikting fullstendig avlegs og ute av takt med leiande estetiske signal frå Danmark. Og i Wergeland såg dette partiet – så underleg det enn kan høyrast ut i ettertid – talsmannen for ei utlevd tid. (Sjå Gran ss 303.)

2. Leiaren for ”intelligenspartiet” - eller «danomanene», som det også blei kalt - var Johan S.C.Welhaven. Welhaven var ein skarp polemikar, og han var fullstendig kompromislaus overfor Henrik Wergelands dikting og overfor programmet til tilhengjarane, «patriotene». Gerhard Gran skreiv om Welhaven: ”Han vidste ikke, at politikk og det virkelige livs problemer atter holdt paa at holde sit indtog i litteraturen, at de gamle ord for revolusjonstiden atter kom til hæder og ære(...)”

3. Kva for krav stilte Welhaven til bruk av poetiske bilete i diktinga til Henrik Wergeland? Fekk Wergeland lov til å kalle Mjøsa for Noregs hjarte heilt ustraffa? Både Welhavens generelle poetiske program og synet hans på Wergelands form kjem fram i det følgjande sitatet (etter Tom Christophersen s 25): ”(...)Heraf følger, at det partielt Billedlige sparsomt forekommer hos den sande Digter, og er da en nødvendig Ytring af den dannende Kraft; hvorimod det af Fuskeren maa anvendes hyppigt og røbe sig, ved sin uorganiske Forbindelse med Formen, som ydre Prunk. Hos Henr.W er dette Billed-kræmmeri drevet til en saadan yderlig Grad af Udsvævelse, at det omsider har ansat sig som et Konglomerat, der overalt bedækker og stivner Fremstillingen(...)”

4. Etter såleis å ha åtvara mot ”det partielt biletlege” i dikt seier Welhaven at biletet ikkje må malast ut over punktet der likskapen er ”udtømt”. Så legg han til: Motstridande bilete kan ikkje underleggjast den same gjenstanden, for da vil all ”Klarhed” gå til grunne. Spørsmålet blir likevel for oss i dag, som les dette som Welhaven her hevdar, kva er eit ”motstridande bilete” – i praksis? Kva for eit motstridande bilete hos Wergeland snakkar Welhaven om? La oss sjå på eksemplet Welhaven hakkar på.

Eksemplet hans er

- at Henrik Wergeland i opninga av Skabelsen, Mennesket og Messias - og Henrik er ung og ærleg når han diktar dette - bruker ord som «Fædrelandets bankende Hierte» om Mjøsa, og vidare bruker slike ord som at «Helge-Øen er Moderbarmens Rubinkrone». Her må vi vite at Helgeøya, som det budde folk på og bur folk på i dag, er øya i Mjøsa.

Kritikaren Welhaven gjer narr av slike samanlikningar hos Wergeland. Welhaven ser for det første ikkje perspektivet i diktet: Sett frå eit tilstrekkjeleg høgt punkt er ikkje Mjøsas form heilt ulikt eit hjarte. Kritikaren Welhaven ser også bort frå den tingen at når Wergeland diktar om Toten og om Mjøsa, syng han om sin eigen heimstad som han elskar og som han fartar rundt i og kjenner betre enn nokon. Når Wergeland sto på og vandra på fjellpartiet Skreia, opptil 700 m.o.h, hadde han god oversikt over heile Mjøsa og landet rundt.

Welhaven siterer også på denne måten (s 27): «(...)'Melkeknop, der øser af Angest ud al sin Vellugt', fordi Mjøsen skvulper(...)» Og vidare tatt frå Welhavens kritikartekst: «(...)Toten er en Dreng, der har sluppet Brystet, 'mæt som en Gud'(...)» Dette held ikkje, meiner Welhaven bestemt.

Samanfatta dømmer Welhaven slik at alt som Mjøsa kan ha sams med eit hjarte, «(...)er den ubetydelige Omstændighed, at den i Storm reiser Bølger og saaledes viser en bevæget Tilstand; og til at være Norges Hjerte har den dog altfor liden Betydning for det hele Land(...)»

Deretter kjem Welhavens eiga løysing med peikefingeren: «Man maa under dette Billede nødvendigt tænke sig en Gjenstand, der udøver en væsentlig Indflydelse paa sine omgivelser, og uden hvilken disse ikke vel kunne bestaa; men nu er det indlysende, at Norges Forfatning kun lidet vilde forandres om saa aldrig Mjøsen var til(...)» Welhavens våpen er sarkasme, han er «veltalande» som ein advokat.

Welhaven vil ha ein heilt annan type poetisk bilete: «(...)Naar derimod en anden Forf. kalder Rigs-forsamlingen paa Eidsvold Norges bankende Hjerte, da er dette et smukt og sandt Billede, fordi Landets Kræfter virkelig her havde koncentreret sig til et Legeme, der da indesluttede Nationens Livs-Princip(...)» Å, så spennande, kunne ein i ettertid kommentere.

Men for Welhaven var dette utvilsamt alvor. Eg kan ikkje fri meg frå tanken at bymannen Welhaven - som mykje seinare fekk auga opp for naturen, Vestlandsnaturen - same kva ville ha unngått Mjøsa som poetisk bilete på noko som helst høgtidsstemt. Dessutan hadde det kanskje vori greiare for han med det meir mannleg kroppslege og ikkje eit kvinneleg bryst brukt som bilete på «Norges bankende Hjerte».

Welhaven innrømmer likevel noko. Han innrømmer at Toten muligens kan seiast å få bryst av Mjøsa, «(...)for saa vidt som denne frugtbargjør og beriger de omliggende Bredder(...)» Og så rundar Welhaven av resonnementet sitt, heilt sikkert under flirande applaus frå tilhengjarane sine i intelligenspartiet: «(...)men Helge-Øens Betydning i den brugte Allegori kan i alle Fald ene grunde sig paa dens isolerede Situasjon i Mjøsen.»

Mi oppsummering og ønska høgtidsame avslutning på resonnementet:
Welhaven tar ikkje opp den nærliggjande tolkninga at Wergeland fysisk elskar landskapet og landet som har Mjøsa som «hjarte». Eg trur at for Welhaven blir Wergelands kjærleik til landet for heit! Ikkje rart at «intelligenspartiet» i 1830-åra måtte sjå på Henrik Wergelands liv og virke som både upassande for menneske med danning og ære - og som noko politisk passé frå den store franske revolusjonen si tid. Men der tok «intelligenspartiet» feil. Welhaven var så uforsonleg mot Werge-lands dikting at eg ikkje kan vere forsonleg mot Welhaven og litteraturkritikken hans.


Kjelder
* Gerhard Gran: Norges Dæmring(1899).
* Frå Tom Christophersens antologi: Norsk litteraturkritikk 1770-1890. Gyldendal Fakkel, særleg kapitlet «Henrik Wergelands Digtekunst og Polemik ved Aktstykker oplyste» skrivi av Johan Sebastian Cammer-meyer Welhaven.
* Denne delen av kampen mellom Wergeland og Welhaven har eg skrivi om, med hovudoppgåva mi: Tofi-debatten og norsk verslære(1979). Og poenget mitt er også - det skal eg gladeleg innrømme - at i moderne litteraturdebatt kan ein finne kritikarar som er imot det partielt biletlege; ikkje på same vis, men på liknande vis, som Welhaven var mot det (i 1832). Til slutt vil eg minne dykk på at det om berre fattige to år er 200års-jubileum for Henrik Wergelands fødsel.




Ps 17/3-2008, etter kvart: Og her er så det som er blitt Wergelands-året sin utførte eigen nettstad .