Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Eit strategisk område i Noreg: Innlandet

Publisert 2019-01-29 13:12:05, sist endret 2019-02-20 21:39:45

Eit strategisk område i Noreg: Innlandet

Ja. Vi dreg kjensel på Hans Børli (som levde 1918 - 1989). Utsnitt av foto NTB Scanpix.

Hovudsakleg: - Hans Børli var en av våre viktigste og mest populære lyrikere etter den 2. verdenskrig. Han ble landskjent som “skogens dikter"(...), fortel Norsk biografisk leksikon - ved Truls Gjefsen.
Innlandet? Her har eg i første omgang konsentrert meg om det fylket som, før samanslåinga med Oppland, heitte Hedmark:

Den viktige kommunen Hamar har satsa på kulturhus, eit av dei største i landet. Ikkje for sterkt av meg å hevde at Hamar iallfall er blitt sjølve sentret for forsking på nyare norsk poesi.

Hamar ja. Likevel er det ikkje Hamar som er spesiell når det gjeld langvarig sterke kulturelle målsetjingar. Det er heller Hedmark som fylke dette gjeld. For den klårt mindre staden Flisa var sentrum for forsking på nyare norsk lyrikk i over ti år, frå 1990. Og tenkj berre etter: Wergeland skildra Mjøsa og Mjøsas omland så Welhaven sa stopp. Vi tenkjer etter: At nett dei allsidige Hulda Garborg og Halldis Moren Vesaas kom frå Hedmark, er ikkje tilfeldig.

Det var eit nokså filosofisk og djupt tenkjande fylke som fostra Alf Prøysen og fostra dei undervurderte Vidar Sandbeck og poeten Øystein Sunde (med arv frå Kjell Aukrust) i tillegg til skogsarbeidaren og forfattaren Hans Børli og til Åsta Holth, ho som tidleg blei president i Republikken Finnskogen. Pluss at fylket fostra den aller mest kjende poeten, Rolf Jacobsen. Men det blir mange kjende namn. Og nokre unemnde så langt. I Hedmark har det lenge vore ein bråte med folkehøgskolar …

Eit kvinneuniversitetet oppsto i Hedmark tidleg på 1980-talet, det er kanskje slikt vi skulle hugse. I Løten, som var først. Den mindre plassen. Eg heldt på å gløyme verdseinaren Kirsten Flagstad så langt. Edvard Munch var berre fødd i Løten. Eit filosofisk og tenkjande fylke er det, klårt, og ikkje det fattigaste fylket, om du skulle ha fått det inntrykket. Viktig er det å forstå at fagrørsla svært lenge har stått sterkt i nett Hedmark, i både Hedmark og Oppland, fagrørsla saman med raude politiske parti. Oppland er også Innlandet. Dei fleste hadde beina på jorda her, og har vel det også no.

Vi tenkjer kanskje ikkje ofte såleis om dikt på kva som er bakkekontakten; slik eg har gjort her? Vi burde gjere det.

Når folka i Noreg skulle vedta ein fri norsk grunnlov i 1814, møttes dei sør for Mjøsa, på Eidsvoll, litt sør for Hedmark. Den internasjonale Bjørnstjerne Bjørnson blei fødd i Hedmark og slo seg ned som vaksen kar på Aulestad hos naboen Oppland. Og alt dette er geografisk sentrale norske område, med ikkje altfor lang veg sørover til Oslo og statsstyringa, og for så vidt i heller kort avstand austover til det som da var stormakta Sverige (eller Värmland, elles Sveriges syngjande landsdel). Finnskogen er er begge sider av riksgrensa. Og ikkje rart at folket i Hedmark har bygd inn sans for realitet og humor, men like mykje sans for strategi.

Det som kjenneteiknar forfattarane frå Hedmark er at dei når langt ut med bodskapen. Og dei nyttar ofte fleire sjangrar for å nå ut, både poesi og prosa, ulik poesi og ulik prosa. Og det på sjølvsagt vis.

*

Rett og slett er eg varig imponert over det sentret som Hedmark har vore og er - både i poesien og dertil i poesiforskinga. Og eg har prøvd meg med skisser om det. No skjønar eg godt tanken om eit senter, tanken om noko permanent og godt organisert i Hamar. Kor i Noreg skulle ein etablere eit Rolf Jacobsen-senter om ikkje i Hamar?