Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Sett frå innsida

Publisert 2018-08-23 21:30:01, sist endret 2018-08-27 11:34:53

Sett frå innsida

Sophus Bugges hus til venstre. Niels Treschows hus til høgre. Blindern for meg. Eg song og spelte nede i kjellaren på Niels Treschows hus, og hadde teori i ellevte etasje. I første etasje hadde tidsskriftet Profil kontor ei tid. Foto: Ola Sæther
og i Profilsk tilbakeblikk



Ein ung og målmedviten redaksjon toga inn i Profillokala på Blindern i 1966. Dei var for ein del ferdig med utdanninga og hadde nye mål. Unge som ville ha noko å seie og alt var i gang med å gje ut bøker. Dei gjorde ikkje opprør mot sine eigne foreldre (om nokon skulle tru det), men det unge miljøet reagerte mot somme sure aviskritikarar som var litt eldre.

1. Det var starten og ikkje meir. Dei unge i Profil representerte heile landet og kom frå alle landsdelar utanom Nord-Noreg og folk flest. Viktig å få med er at universitetsstudentane og elevane på vidaregåande skolar no representerte mykje større og breiare elevmassar enn tilstanden var berre få år før.

2. Den nye redaksjonen i Profil i 1966 sto ikkje så mykje for ein politisk kritikk som ein estetisk kritikk. Først i ettertid kan ein seie at heile generasjonen som tydde til Profil gjennom åra 1966 til 1968 har skrive både svært politiske og ikkje så politiske verk. Så alt i alt var opprøret snart utvikla til å bli både politisk og estetisk.

3. Interessa for det estetiske ser ein også ved å plukke ut enkelte i generasjonen. Mange hadde livslange prosjekt i andre kunstartar enn litteratur. Jan Erik Vold og Einar Økland innafor biletkunst og jazz. Vold med ei stadig dominerande jazzinteresse. Paal-Helge Haugen var den aller mest tverrestetiske og opererte bl.a i mange samarbeid innafor film og musikk. Men det kom snart til syne ei anna utvikling. Dag Solstad og Espen Haavardsholm og Tor Obrestad og underteikna engasjerte oss sterkt i andre og hardare «fagfelt», slike som arbeidarrørsla, historie, partipolitikk og sport. Vel. Tor Obrestad sette om Beatles-tekst til norsk, og Espen Haavardsholm sverga til Rolling Stones. Alt i alt konsentrerte verksemda til Profil-forfattarane i den aller første tida seg mykje om tilhøva i Oslo, der media og litteraturjobbane var. Den aller første tida i 66 hadde redaksjonsgruppa ein ikkjepraktiserande lege, ein ikkjepraktiserande psykolog, ein ikkjepraktiserande lærar, pluss nokre halvstuderte folk, men lite litteraturstudium på gruppa i det heile (noko som vel var det beste).

Som i rocken, med Beatles og Rolling Stones, var Profil-gruppa mannsdominert. Dei første framståande jentene i Profil-redaksjonen var få. Liv Køltzow var venn med Haavardsholm og Solstad, men sto ikkje på redaksjonslista. Eldrid Lunden kom med i redaksjonen ute i 1967 og Cecilie Løveid var med frå slutten av 1968.

Berre Otto Homlung kom frå teater (alt frå børjan i 66). Bonde (og nordtrønder) og russiskkyndige Hans Magnus Ystgaard kom med frå Profil nr 1 67. Samstundes med meg (eg frå eit musikkstudium). Og jazzeksperten Olav Angell (Trondheim, Oslo) kom samstundes. Arkitekt og sterkt byplaninteresserte Jan Carlsen (Oslo) kom med eit år seinare. Det var skiftande interesser og merkbare «utskiftningar» i fleire vendingar. Men Solstad og Vold var med i 66-68.

4. Andre redaksjonsmedlemmar som kan fylle ut biletet, var: Bjørn Myhre (innlandet) i 67, Torstein Bugge Høverstad frå Hamar (poet og TV), vennen Per Malde (Oslo) i 68, Rolf Larsen (Bergensmiljø) i 69. Det skjedde vidare mykje interessant med Profil i 1969 og 1970, med mange nye og flinke i redaksjonen. Og tidsskriftet auka nok både sterkt abonnementstalet og nedslagsfelt. Og dette fell vel delvis utanom grensa Profils status i 1968. Iallfall er det eit stort uutforska viktig felt å studere her, meiner eg. (Men vanskeleg å gripe fatt i no – bl.a på grunn av små kunnskapar her i landet om den den store klassiske progressive og teoretiske avantgarden i det førre århundret.)

5. Samanfatning: Alle ting utvikla seg fort. Profilopprøret blei raskt ein del av dette heilt nye som skjedde i verda, det globale og kollektive avantgardistiske ungdomsopprøret. Og det var dette ungdomsopprøret som slo over i fagrørsla, til dømes i Frankrike, der det blei generalstreik og slik at Charles de Gaulle sette inn all oppspart respekt.


HR
(som sjølv var «ansvarleg redaktør» i Profil 1968 og også med i redaksjonen fleire år etterpå, men budde i Bergen frå våren 1969)