Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Jan Erik Vold og kánon

Publisert 2017-02-16 12:37:28, sist endret 2017-03-06 11:09:42

Jan Erik Vold og kánon

«Mount Parnass» inne på google images og Rose-historikk. Det er Sappho nede i framgrunnen. (Ja, illustr. er utsnittet av eit drabeleg og kjend målarstykke av Rafael.)
Ei ny bok av Jan Erik Vold er komen ut, eit imponerande verk på over 600 sider, eit verk som på mange måter har overraska meg. Tittelen er Kánon / kannon / kanón. (Med ulikt trykk rundt på ordet.) Der - på innbretten - seier Jan Erik vold at kánondebatt er svadadebatt. Og (heilt kort): «Kvalitet er eit rykte.» Han har mykje rett i det. Likevel blir det å lese lyrikken, slik Vold gjer og er så god til, slett ikkje svada. Vi får gå i gang med eit inntrykk av boka da, der kánon er nøkkelen:


1

* Jan Erik Vold (JEV) har alltid hatt noko med kánon (= rettesnor) å gjere, direkte eller indirekte, når eg reknar på det...
Fordi JEV a) kom med kritikk av professorane, dei var bundne til skrifta og til (franske) «Kunsten for kunsten si skuld» + den engelske nykritikken, særleg gjekk moten føre seg i lyrikken. Dessutan: Fordi JEV b) protesterte og søkte forsvar for originale og utegløymde og mindre forståtte poetar. I alle år. JEV har alltid polemisert mot dei ferskaste norske litteratursogene som blei skrivne. Om t.d 1960-åra eller 1970-åra eller 1980-åra sin norske lyrikk.

* I det offentlege har JEV alltid vore (og er) original og noko for seg sjølv,
ei avantgardistisk kryssing mellom entusiast stor, pluss journalisten på feltet, pluss ei aldri kvilande forsking.

* JEV har blitt meir kánon (sjølv) etter kvart...
Slik må det bli. Ved å utvide heile feltet: a) JEV har tatt Rudolf Nilsen inn i litteraturvarmen, etter tidlegare å ha styrt unna det som var blitt Martin Nags «doméne». Hos JEV har Rudolf Nilsen blitt ein av dei store oslo-poetane. Saman med Lillebjørn Nilsen og Olaf Bull. Rudolf Nilsen har også blitt ei leiande poetisk diktrøyst i andre halvdel av 1920-talet, sjølve hovudrepresentanten for den tida; og kanskje blitt det meire i ettertid. Alt i alt tek JEV eit mangfald fram til kánon. (Nemnast må proletarskildraren Bjørn Aamot, som JEV ofte har teke føre seg, frå 1994, og gjer det framleis.)


2

* Trubaduren Lillebjørn Nilsen har fått ei svært uttømmande skildring
med desse solide undersøkjingane til JEV, eit godt skrive essay om Lillebjørn, i 2010. (Og kjem som slåande argument for oppvurderinga av songpoesien.) Når det gjeld bypoeten Olaf Bull, legg ikkje JEV stor vekt på, denne gongen, å syne Bulls skrale bidrag til å skildre kjærleiken mellom mann og kvinne, men går inn i den svære Bull-materien. Spennande. Moralen for forskinga (meiner eg) må vere at ingen poet kan ha alt.

* JEV fortel om Olaf Bull
si overlegne stilling hos kritikken i samtida. Vel, JEV lyttar godt til kva folk (poetar) - som JEV veit har god peiling og ofte stoler på - meiner. Til dømes gartnaren og poeten Olav H. Hauge. Når det gjeld unge Rudolf Nilsen, så var denne først og fremst dei uutdanna, uskolerte, sin venn, meiner eg. Og likevel dei som hadde god sans for det presise og skarpt forståtte uttrykt gjennom det rike folkelege språket som Nilsen rådde over og utnytta også i lyrikk (uavhengig av dialekt).   

* Nye tonar: JEV minskar no, trur eg, og modererer det formelle skiljet
som han har måtta jobbe etter tidlegare. Det blei eit prinsippielt skilje mellom eldre rimpoetar og dei frie rytmane i lyrikken. Moderasjonen gjer JEV i praksis gjennom t.d ny og solid vurdering av Olaf Bull. JEV treng ikkje lenger slåst mot Arnulf Øverlands «Tungetale på parnasset». No avdramatiserer JEV det norske «traumet» rundt diktsjangren, men utan å avlyse all kamp mot flate media og mot skeive prisutdelingar.

* Det med personlege VENNER og lyrikken tyder mykje for JEV.
I hovudverket Mor Godhjertas glade versjon skildrar han mange av vennene sine, noko JEV er nesten aleine om i moderne norsk lyrikk. Mange av dei nære er artistar eller lyrikarar som han også skriv om i essays og analyserer og viser teksten til. I boka frå i år skildrar han på avantgardisk vis Harald Heide Steen og tre «frå middelklassen» heilt frå børjan av i Oslo. Dei tre var Harald og han sjølv og Sverre Udnæs. Her blir Heide Steens ofte populære ord og lydar ei form for lyrikk. Det er slik at JEV utvidar kánon til å gjelde stor verbal improvisert akrobatikk, som folk nok kan kalle både dette og hint. Alt i året 1969 handsama JEV humoristen Harald Heide Steen sine korte utsegner som lyrikk, det var i diktboka kykelipi. No i essayform tar JEV steget fullt ut med nye seriøse attgjevingar og litterære analyser av Heide Steens originale artisteri. Det er framifrå gjort av Jan Erik Vold.


3

* Når alt nytt som eg etter kvart ser, blir lagt saman, har JEV endra seg...
Nødvendigvis i pakt med tida og andre si endring. Vonene folk har til JEV, har auka dei seinare åra. I 2016-boka går JEV meir i grei nærkamp med forskarane av i dag. Og han takkar til dømes professor Ole Karlsen for initiativet hans og forskinga hans kring Alf Prøysen og songpoesi.

* For JEV å jobbe i medvind...
Boka har fått god kritikk. Det er tydeleg at aviskritikarane i dag er meir positive og ser og likar det store og uvurderlege arbeidet som JEV gjer. I det heile er Jan Erik Vold blitt svært mykje meir godkjent enn han var for 20 år sidan. Enda han hovudsakleg er nett ein like maurflittig og pågåande strategisk aktør som før og alt i 1960-åra. Framleis trur eg Vold er mest radikal i dikta sine. Som journalist og litteraturvitar og entusiast er han, same kva, ein fest å lese for dei fleste!

* JEV går vidare på «område» som han har byrja på før
og gjev fleire bidrag (også dokument) til t.d «Meir om Georg Johannesen»; der finst det for lite rundt forbi. Og JEV ber om hjelp med Johannesen frå andre lesarar & forskarar. Eller JEV går vidare på område han har sett over før, det kan t.d vere dramatikaren Sverre Udnæs. Andre analyser (der det kanskje er gjort mykje av før), som med Olav H. Hauge, ber teksten meir preg av å vere «sluttord». Tilbake til Johannesen, han finst det aller flest sidetilvisingar av i namneregisteret (nyttig alfabetisk liste bak). Og til Georg Johannesen kjem ein dedikasjon (tileigna minne om) frå JEV sjølv, i etterordet, og JEVs konklusjon: «hans ild var den største i landet».

* Viktige kvinnelyrikkarar (til kánon)
er framleis Gunvor Hofmo og Ellen Einan og Cecilie Løveid. Overraskande derimot er all merksemda som «urbane» Gunnar Larsen i Dagbladet (framleis) blir til del. Men det har samanheng med at JEV greit går tilbake i (avis)røtene sine og kanskje skal fullføre noko, får vi nok tru. Påfallande er alle tilvisingane til den innflytingsrike britiske poeten T.S. Eliot, som Paal Brekke omsette til norsk. Og alt i alt er det slik at JEV konsentrerer seg om landsmenn i fjoråret si svære utgjeving, medan han i den (også) svære Poesi ad lib frå 2013 samla enkeltessaya frå «Poesiåret 2000» m.a om favorittane Cornelis Vreeswijk, danske Hans-Jørgen Nilsen, nesten-finske Henry Parland.


Moralen

* I kapitlet med den aktuelle tittelen «Olaf Bulls plass fins ikke»
tar JEV opp Olaf Bull på brei basis og bruker alle sine gode sider. Og det er aller siste kapitlet i boka var eit u-trykt «manus» frå 2016. Somme lesarar kunne med fordel byrje her på slutten av boka, vil eg tru, med Olaf Bull. (Eller kapitlet rett før om Alf Prøysen, kapitlet sto i ei forskingsbok for to år sidan. Det er berre å styre inn her.) JEVs mange forskarmetodar gjer han godt skikka til å få fram og ordna verbalisert fenomenet Olaf Bull. Kan vi seie det på den måten: Ingen enkeltperson dreg no meir til kánon enn JEV.

(Eg har nok ikkje greid det. Kanskje ingen kan gje ei dekkjande attgjeving og vurdering av boka, kva veit eg. Sjølv har eg ikkje lese nok og lenge nok i boka, samt lese viktig lyrikk planmessig nok og nytta tilstrekkeleg med tid på planen.)




Ps 24/2-2017
Her er innblikk i ei «Kanonforelesning» med Jan Erik Vold.



Ps 4/3–2017
Med fagboka si er ikkje JEV opptatt av å kåre dei aller beste 10, men å sjå nøye på den vide diktsjangren som er i god form. For JEV er balansen ein viktig kroppsfunksjon. Og det er vel alt dette som er røyndomsnært (og ikkje svada)? Iallfall kan eg gå inn og følgje med i det store panoramaet.