Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Dikttema som brenn?

Publisert 2017-01-19 18:14:19, sist endret 2017-02-16 20:12:16

Dikttema som brenn?

Matematikk 1, steg 1-10. Kjelde: Høgskolen i Søraust-Noreg
Kva er det som endrar seg i dikta frå år til år? Tema for diktbøkene endrar seg frå år til år. Straumen av diktbøker om sorg (over ein far eller mor som gjekk bort) var fløymande i fjor. Men har minka og stilna eller tagna etter det.

Kva ser vi så dette året?

* Inger Christensens systemdikting det, inspirert av vitskap (til dømes matematikk), er gjendikta til norsk i år. Torild Wardenær bruker mykje vitskap av mange slag, til dømes soge, i Forløp. Boka er lagt til fortid. Det er tilsvarande gjort med boka Sigd av Ruth Lillegraven. Og Sigd er flytta enda lenger tilbake i tid, enda hundre år. Temaet vitskap held altså fram, etter i fjor, da temaet dengong spesielt var verd å merke seg mellom andre og meir tradisjonelle tema.

* Rudolf Nilsen sine dikt (i 1920-åra) var samtidssoge og systemdikting på sitt vis. Ei stram diktform pluss klassekamp gjennom arbeidarrørsla (og den kollektive røynsla), der slike store rørsler som arbeidarrørsla på eit vis erstattar og supplerer «etterprøvbare» eksperiment i vitskapen. Anne Helene Guddal si bok målber ei kollektiv kritisk kjensle i samfunnet. Thor Sørheim skreiv om stuntpoetane, ei historiebok om aksjonar på 1980-talet; dikt blir tematiserte her gjennom endevending av mediesamfunnet ved aksjonar. Andre kvasse samfunnskritiske bøker er Kaisa Aglen: Mellom krig (om kva fred er) og Margaret Solberg: Nedlukka engel (om Israel og Vestbreidda). Eg vil for all del nemne Juliana Spahr si gjendikta Den vinteren kom ulven, som har element i slekt med element frå alle dei nemnde bøkene, også flust av vitskap, og likevel viser ei bein-veges og forteljande form til tider avløyst av montasje.

* Nrk hadde ein uvanleg programserie i fjor; det handla om dikt! Slik at enda ei bok som sterkt tematiserer dikt (anna bok enn Stuntpoetane), blei da Nrks trykte antologi DIKT & forbannet LØGN, Norges beste dikt. Jan Erik Volds uthaldande omsorg overfor Sigbjørn Obstfelder førte til relansering av jazzopptaka Obstfelder LIVE på Rebecca West, noko som - saman med Bob Dylan plassert i nobelprislyset - har fått sett nytt lys på kva dikt er. Neppe nokon vil fjerne Sigbjørn Obstfelder frå norsk kanon utigjennom den dagsaktuelle kanon-debatten som vi har fått i Noreg, ein prøvande debatt som delvis dreier seg om åndsverk og delvis om kultur.

* Gro Dahle gjer noko anna viktig enn sorg ut av familieomgrepet i boka si Søster. Draum om solidaritet! Noko liknande gjer vel gjendiktinga av svenskpalestinske Athena Farrokhzad si Vitsvit (norsk tittel Hvitverk). Og temaet «å bli gammal» tar Lars Saabye Christensen og Hans Sande seg av i år. Dei tematiserer naturleg-vis samstundes livet og er begge gode på diktforma dei bruker, begge viser opp tradisjonsformer og generelt det kommuniserande litterære.

* Noko særleg for året (og året på denne nettstaden) er eit stort og overgripande tema, eller like gjerne ein funksjon: KLÅRTEKST folkeopplysning! Utan å gå forbi nokon vil eg karakterisere følgjande utgjevingar nemnde nedanfor nummerert 3, 5, 11, 12, 13, 14 som folkeopplysning. Og bra er det med så hyppig bruk. Eg sender gulltipset vidare her. Temaet brenn. Gjennom året 2017 vil nok enda fleire leite fram hovudtemaet i ei diktbok. Den diktantologien redigert etter tema som liknar Nrks diktantologi, er den store DISSE DAGENE DETTE LIVET (redigert av Ruth Lillegraven og Tordis Ørjasæter). Boka har atskillege enkeltdikt også frå dei aller siste åra og kan slik representere ein nyskapt kanal for heilt fersk poesi. Det siste gjeld også ein diktantologi på forlaget Vigmostad Bjørke redigert av Erik L Stabrun med tittelen Sorgen har mange navn, ei bok som dreier seg om mange fasettar av sorg og er - frå førsten av - inspirert av arbeidet som fengselsprest.

For å summere opp og vurdere: Atskilleg aktuelt utgjevne og gode diktbøker har eg møtt i året som har gått. (Iallfall møtt.) Vel. Eg har nok lese mindre planmessig enn i 2015, da eg hadde eit spesielt mål med å vurdere kvaliteten på heile årgangen og gjennomførte det også med mange noterte premiss. Og eg ba ikkje forlaga no i 2016 om å sende meg dei nye diktbøkene sine, men lånte bøkene frå folkebiblioteket att. Da går det seinare. Enda slikt arbeid med diktbøker som pløyer ny mark, same kva går seint. Dei følgjande bøkene under har eg forfatta ein større eller mindre omtale av - og gjeve innsyn i:

1. Lars Saabye Christensen: Kargo

2. Halfdan Siversen: Med sug i magen

3. Karl Marx og Friedrich Engels: Det kommunistiske partis manifest

4. Inger Christensen (gjendikta til norsk av Endre Ruset): det

5. NRKs antologi: DIKT & forbannet LØGN, «Norges beste dikt».

6. Athena Farrokhzad: Hvitverk. Gjendikta av Tina Åmot.   

7. Sandra Lillebø: Alt skal skinne og blø Barneskildring for poesi?

8. Anne Helene Guddal: Døden og andre tiggere Inspirerande vegar

9. Ruth Lillegraven: Sigd

10. Kjartan Hatløy: Den kvite steinen

11. Rudolf Nilsen: Samlede dikt Sanneleg Rudolf Nilsen

12. Alf Cranner: Fra Alf til Alf Synet på Prøysen

13. Thor Sørheim: Stuntpoetene

14. Kaisa Aglen, Catherine Blaavinge Bjørneboe og Hans Anton Grønskag: Frå ny lyrikk

15. Margaret Solberg: som bare det kan reflektere Nedlukket engel

16. Jan Erik Vold: Obstfelder LIVE på Rebecca West.

17. Torild Wardenær: Forløp Effektfull montasjeform

18. Gyrdir Elíasson (gjendikta av Oskar Vistdal): Dikt i utval Utanfor kartet

19. Gro Dahle: Søster

20. Juliana Spahr: Den vinteren kom ulven

I tillegg til lista over kjem omtale av Hans Sande og islandske Gerdur Kristný. Fordi eg skreiv mykje om Hans Sande si diktbok i 2015, har eg vore kortfatta om dikta hans i 2016 (med tittelen Skogkyss). Dikta er blitt ei fin diktbok og bør ha fått god handsaming i forlaget (Gyldendal). No har eg kort vurdert Sande slik:
«Somme poetar freistar å finne røyst for det som sosialt utslåtte (eller like gjerne eldre) kan kjenne for ofte. At poeten Hans Sande - i den nye boka Skogkyss - har oppdaga eit effektivt uttrykk for vanskelege kjensler i den eldste samfunnsgruppa når det gjeld kjærleik, er opplagt. Sande er dyktig. Og han er drastisk & kritisk eller humoristisk og blottlegg vanskane... Skogkyss.»
Eg hadde tenkt å skrive om den islandske poeten Gerdur Kristný sin «diktsuite» «Dråpa». Til dømes: Korleis skal boka lesast? Nordsjøforlaget, som boka er komen ut på, har gjeve ut sterke bøker. Og Gerdur Kristný er ein aktiv og original poet, som kan utnytte ein verdig diktsjanger på Island, «dråpa», og utnytte kjensler som skjedde ved eit drap «i Reykjavik». Eg trur at dei islandske lesarane av den originale boka i 2014 kjende til det konkrete drapet og er opptatte av det også framleis. Men blir norske lesarar briefa berre ved å høyre (i etterordet) at boka var tilskunda av eit drap? av at det «var dramatiske hendingar»? av at det skjedde «i eit kvartal i Reykjavik»? av at det var ei ung, sårbar kvinne? Punktum. Dei tilsvarande kjende kvinnedrapa i Noreg veit vi i Noreg mykje om og kjenner på. Og vi veit om familien og andre sine kjensler. Det utmerka norske forlaget har gjort ein feil med hovudsaka ved denne gjendiktinga pluss gjennom presentasjonen av Dråpa. Diktboka til Kristný er redusert her til bortimot ei lærebok i versmål. Og da snakkar vi om for den jamne lesaren av lyrikk. I staden for snaue (og bortgøymde) formuleringar i etterordet hadde det kanskje vore betre med notar til enkelte av dikta; men heller ikkje for mykje av dette passar, meiner eg. Skal til slutt sitere nokre vers frå boka, side tjue - før (sirkus-?) klovnane opptrer:

Du halla
hovudet bakover
fanga snøfjom
med tunga

Ved Stjernekinoen
var dei
salte og sprø

Ved husflidbutikken
stikkande kvasse


Diktet, dvs dikta, er til den drepne. Eg har ikkje dei islandske spesielle bokstavane på maskina mi, slik at eg langtifrå evner å sitere den islandske dikt-originalen. Du merkar framlydsrima h-h og (dei litt for mange på norsk:) s-s-s + s her. Men orda kjem nokså naturlege. Og det er meir enn berre framlydsrim i musikken. (Vi snakka jo mest om trykksterke stavingar/lydar her.) Så. Dråpa er gjendikta av Hanne Bramnes, med hjelp av samarbeidspartnarar. Vi ser at Bramnes, som sjølv har dikta mange eigne dikt på bokmål, har vald å bruke nynorsk i denne gjendiktinga.

No ei opplysning: Jan Erik Volds 620 siders bok Kánon / kannon / kanón, ei «krønike om litterær kvalitet», har dikt som tema. (Her også.) Eg vil skildre boka i samband med diskusjonen som avisa Klassekampen drog i gang om ein norsk kanon (for skoleverket) om litteratur, kunst, musikk, om norsk kultur. (Litt samstundes med den norske regjeringa sin kanon for norsk kultur.) Slik blei det ikkje. Men likevel.


Dei aller siste årgangane: Hoveinntrykket mitt av lyrikkbøkene i dei to årgangane 2015 og 2016 er ikkje utglidning, men mangfald og kvalitet.