Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Rudolf Nilsen igjen

Publisert 2016-12-01 12:27:40, sist endret 2017-02-20 14:42:36

Rudolf Nilsen igjen

Debuten like sterk, meiner somme, som Obstfelder og Wildenvey/Bull sine debutar.
Hei. Nettsøkjarane er interesserte i juledikt lenge før 1. desember, men det aukar mykje på utover i den sigande ventetida, merkar vi som har nettstad som blir vitja ved søk. Og alle slags dikt om jul er jo folk ute etter, veit eg. Men Rudolf Nilsen er mannen. Eg har brukt alle dikta «Mesteren», «Bekjennelse» og «Flaggene» av poeten, og det fleire gonger på denne nettstaden, ser eg. Lesarane hans i samtida var kristne og trudde på frelsaren. Og det var ikkje den trua på Jesus som poeten og kommunisten gjekk mest til åtak på, sjølv om han var beisk og ironisk og ein «gategut» livet gjennom, han ville også kremerast ved livet sin slutt. Han døydde av tuberkulose på vitjing i Paris - og blei 28 år gammal. Men for ein poet!

Nettsøka aukar på. Utanom Rudolf Nilsen og uspesifiserte «juledikt» er det alminneleg for månaden desember å få godt med treff gjennom diversesøk. Vi veit også at desember er ein månad da vi ber om fred, men likevel i praksis er ein periode da mange krigar har starta så brått. Her skal eg same kva bruke diktet «Arbeidsløs jul» av Rudolf William Nilsen. Han som ofte kalte seg sjølv «Rulle» når han skreiv den stolte journalistikken sin eller skreiv dikta sine, fordi «Rulle» var det brukte kallenamnet hans mellom venner:


Arbeidsløs jul


Vi som er dømt til livet
i gråbeingårdenes by
feirer i dag en solfest
for ham, som er født på ny.

Vi har fått tyve kroner
å feire hans komme med!
For dem har vi kjøpt en julegran
og en hel sekk ved.

For dem har vi kjøpt en bayer
og et stykke hestekjøtt.
Det siste skal minne om stallen
hvor frelseren blev født.

De fattiges herre og mester!
Det var ikke godt for ham.
Han hengtes til slutt på korset
midt mellom synd og skam.

Godt det er bare en skrøne
at Kristus er kommet påny.
Så blir det en fattig mindre
å nagle på kors i vår by.

Vi i de mørke gater
feirer i dag en fest.
Til jul får vi tyve kroner,
til påske: Korsfest! Korsfest!


Diktet skildrar motstridande kjensler. For det første har diktet eit særs verdifullt tema som den historiske stoda krev. For det andre konkurrerer Rudolf Nilsens handsaming av forma «ballade» her kunstnarleg med Heinrich Heine og denne sin samtidige Henrik Wergeland. Rudolf Nilsen er spesialist på det å få meinings-fulle levande setningar fordelte utover rytmiske versliner og vesentlege rimord, dvs rimord som er viktigast for meininga. Og trass i at Rudolf Nilsen dundrar inn på banen nesten hundre år seinare enn Wergeland, har han utforma dikttypar som han er nokså aleine om å bruke. Eg tenkjer på dei mange strofene hans på tre liner med tre rimord og særleg på det versteknisk intrikate, men likevel populære og frodige, diktet «NR 13».

Korfor masar eg igjen om Rudolf Nilsen på denne nettstaden (har masa frå første stund). Eg må det. For eg tykkjer det er fælt: Det blir for tyst om han i litteraturen. Eg gjentar meg heller, når eg forklårer kvaliteten hans og siterer meisterverka. No vil eg seie det like ut slik: Rudolf Nilsen er unik på same vis som Bjørnson er det. For i lyrikken banar dei båe veg med litteraturen sin for ei ny samfunnsgruppe, dei mange bøndene og dei mange industriarbeidarane. Dei to poetane er gode samstundes på rytme og på sambandet til muntleg språk.

Det er trasig at norske litteratar ikkje så ofte liker Bjørnson eller Nilsen. Vi mins vel det mislykka forsøket hos poetar på å dikte ein betre nasjonalsong enn «Ja, vi elsker»? Folk må absolutt ikkje mislike noko fordi dei liker noko anna, meiner eg. Det går an å like det som er bra. Og: Ikkje gløym samfunnsklassane i verda. Klassane kan vere høgst levande i dagens kultur og politikk. Verda måtte enno vere ung, det forklårte fleire. Rudolf Nilsen er ein fin og effektiv poet som vi stadig kan komme tilbake til og bruke.

Både Bjørnson og Nilsen levde eventyrlege liv. Bjørnson fekk biografar i Christen Collin, Francis Bull og Edvard Hoem med fleire. Nilsen har også sine biografar, m.a Ljungblad i 1936 og Bjørnsen i 1951. Kanskje Jon Arne Corell kunne klart ein heilt nyskrive ein. Eg ville tru at nyleg avlidne Martin Nag (med sin sjeldant gode oversikt) let etter seg både utgjevingar og arkivmateriale som skal kunne bli til nytte. Når Bob Dylan er blitt gjeven Nobels litteraturpris, går vi vidare og stiller krav. Håpet mitt er at det blir film av Rudolf Nilsens korte, men eineståande nyttige, verksemd.

Filmen er håpet mitt innan eg døyr. Eg kan vente enda nokre år. Etter pangfilmen Kongens nei veit vi at norsk film er kapabel til å lage drastiske historiske filmar som er meir enn berre litt gode. Rolla som Ella Hval, Nilsens kone (fram til tuberkulosen tok han i 1929) må vere med. I filmen kan Ella, som fekk eit langt liv, vere ei slags forteljarrolle, også i etterkant. Røysta hennar finst alt i boka med tankane hennar frå 1977. Ikkje minst må avisdikt og debuten til Rudolf Nilsen: På stengrunn i 1925, vere med, fordi det var slik eit strålande bidrag til den norske arbeidarklassen. Det skjedde eit år etter at Ella og Rudolf gifta seg som unge menneske. Og berre eit år etter det igjen kom den større diktsamlinga På gjensyn frå Rulle.

Rudolf Nilsen samarbeide med Kyrre Grepp om å frakte sovjet-russisk litteratur til Noreg, noko han blei stilt for retten for. Kyrre Grepp var samlande leiar i Det norske Arbeiderparti før han gjekk bort (alt i 1922) på grunn av tuberkulose, han òg. Dette må vere med. Likeeins den verdskjende russiske Aleksandra Kollontaj, som i 1923 blei første akkrediterte kvinnelege diplomat i Oslo, ho var elles den første kvinnelege diplomaten i heile verda. På rollelista må dertil inn dei to store unge Einar Gerhardsen og Martin Tranmæl, dei leidde det nye sosialdemokratiet, etter at dei først var venstreradikale og revolusjonære, og overtok det norske...

Med trumpismen kanskje over alt i Amerika og Europa kan vi trenge både Fidel Castros minne og Rudolf Nilsens dikt og døme. Vi skal finne tilbake til ei ny rørsle for heile verda.



*

Eit dikt som Mesteren, som kjem rett føre «Arbeidsløs jul» i På Stengrunn, har eit liknande juletema, men ei heilt anna form (meir strigla musikalsk eleganse).

Nilsen nyttar ofte faste uttrykk og bokstavrim i versa sine. Det er lettare å ta imot teksten og minnast han når rimorda er del av faste uttrykk eller av bokstavrim. Rudolf Nilsen vil nå fram og veit kva han gjer. Han får det til.

Ei nyutgjeving av Rudolf Nilsens Samlede dikt er komen ut i år faktisk. La den nye utgjevinga på Bokvennen forlag bli ein inspirasjon.

Jon Michelet og Martin Nag gav ut Rulle forteller i 1974, det vil seie «Rudolf Nilsens prosa i utvalg». Med gode forteljingar; med Nilsens artiklar om litteratur, teater, film og radio. Med Nilsens gode politiske artiklar, reportasjar, reisebrev og petit’ar. Rudolf Nilsen er god på det meste. Også om Nilsen kan eg bruke ordet som eg brukte om Prøysen (i den førre artikkelen), komplett! Når vi snakkar om å fortelje: Rudolf Nilsen og Alf Prøysen har ei nådegåve når det gjeld å fortelje også i lyrikken. Dei er konkrete fordi dei kjem nedanifrå i samfunnet og fordi det blir stilte større krav til slike i samfunnssystemet.



Ps 18. febr. 2017:

Oddmund Hagen i «Dag og Tid» melder utgjevinga av Samlede dikt denne veka, og han roser Rudolf Nilsen både for det eine og det andre og siterer fine diktliner. Han seier at «mang ein forfattarskap» kan bli parkert som «utdatert litteraturhistorie»; men det vil neppe skje med Rudolf Nilsen. Oddmund Hagen nemner m.a at «aggressiv høgreside» og «demontering av velferdsstaten og sosial dumping» knyter oss til Nilsens univers. Om ein i Noreg får skriven ein ny biografi om Rudolf Nilsen no, noko Oddmund Hagen rår til, er ikkje vegen heller så lang til ein spennande film om Rudolf Nilsen, vil eg tru.