Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Inspirerande vegar

Publisert 2016-11-11 10:14:35, sist endret 2016-11-12 18:51:28

Inspirerande vegar

* Anne Helene Guddal er tilbake med kvass lyrikk og den drastiske tittelen: Døden og andre tiggere.
* Foto: Kolon forlag
Interessa for politikk er stigande på grunn av mistru og vanstyre. (Og folk er klåre for nye katastrofar.) Du opnar ei ny bok. Og det er Anne Helene Guddal si diktbok Døden og andre tiggere. Ho startar slik:


Som et bilvrak
vridd til det ugjenkjennelige
vi likevel vet hva er

når dørene ikke lar seg åpne
og det er noe der inne
som fortsatt puster



Det er to år sidan Guddal debuterte med Også det uforsonlige finnes, ei eigna bok for forfattaren. No går forfattaren vidare og syner veg. Det er noko inspirerande ved at Guddal gjer ting som enkelte andre kanskje har gjort før, men lengre tid tilbake, og som folk kan følgje opp etterpå slik at Guddal får bana ny veg og gjort det for dei, for oss.

Guddal tør bruke enkle ord som tyder noko og som ikkje dekkjer over noko viktig i samfunnet og i tilværet. Eg trur folk får lyst til å skrive dikt når dei les (og høyrer) Anne Helene Guddal sine ord. No kan dei iallfall prøve å skrive på ulike emne som trengs å bli opna.

Heldigvis ikkje altfor flinke og ekstragavante er mange av dikta hennar å sjå til. Men dei har noko som folk kan kjenne som magisk forlokkande. Dikta har flust av naturleg norsk, skyr tilflukt i gravalvorleg infisert smågruppespråk. Det som skjer, skjer nakent. Samstundes bruker forfattaren veleigna kunnskaper om språk og formidling. Her er eit døme:


Vi gikk til krig
det var dumt gjort

og egentlig helt
på siden av saken

men ingen ville si det høyt
i frie medier

av respekt for demokratiet
så elskelig hun er

og så varm


Helene Guddal ser - i stort - ut til å kunne etablere seg som ein ny Georg Johannesen. Og ein som gjer det, den siktar høgt. Desse to poetane - med stor avstand i generasjon - kan vere like drastiske og spisse. Men Guddal er mindre surrealistisk - og strofisk - enn Johannesen er i boka si om dødsmåtane: Ars Moriendi. Denne klassikaren har vore ein stor favoritt i det litterære miljøet i Noreg gjennom årtider. Både til opning og avgrensing.

Kanskje ønsker Helene Guddal å bli meir direkte eller kanskje meir enkelt kommuniserande enn det Georg Johanessen som poet i sum blei? Men dikta hennar fører iallfall til at eg les Georg Johannesen om att og set stor pris på han igjen. Guddal får faktisk til å utøve at eldre bøker som Johannesen sine kjennest samtidige igjen. Ein annan ting: Også rytmen hos dei to er ikkje ulik, men liknar ofte, ser eg.

Guddal har sans for å la eit dikt byggje ein spennande situasjon for lesaren. Her er eit døme på det, frå langt ute i boka (side 66). Men før eg siterer, må eg komme med eit hjartesukk: Eg saknar dikttitlar i Døden og andre tiggere og dermed sjansen til å få ei innhaldsliste bak. (Ei førsteline pr dikt kan brukast enkelt som tittel.) For her er mange dikt som folk kan trekkje ut og sitere, ønske det. Eg tykkjer forlaget og forfattaren er for smålåtne på vegner av dikta når dei ikkje bruker slikt. (Sjølv gjorde eg den same feilen i t.d debutboka BOK på 1960-talet, når eg skal tenkje etter.)

Alt jeg vet
er at jeg kom for seint

Gardinene var trukket for
og døra låst

Jeg gikk mellom blokkene
til jeg fant en taxi

sovnet i baksetet
til sjåførens radioprogram

og da jeg skulle betale
så han på meg i speilet

som om han ikke trodde jeg hadde penger
eller håp om å finne fram til slutt



Boka er god. Her er meldinga som Freddy Fjellheim leverte i Klassekampen av Guddals debutbok 2014.