Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Havhesten var så fin

Publisert 2016-11-01 13:58:58, sist endret 2017-03-16 11:18:56

Havhesten var så fin

Ein god kjenning på retur, havhest
Havhesten (i havet) er truga. Og stor del av artane er forsvunne frå livet på jorda sidan 1970 og til no. Havhesten er truga. Det er da som om ei sjakkbrikke blir borte frå spelet. No er det 50 år sidan eg, på denne årstida, skreiv dikt ferdige og gav ut boka BOK. Der var havhesten brått med på grunn av likskap med magedans. Overkroppen står opp, rett, både hos havhesten og i magedans. Havhesten (sjøhesten) har ei form for tydeleg vibrering, og dette har også magedans, vibrering og risting. Eg visste, det må eg seie, at eg skreiv annleis enn andre rundt meg, også annleis enn slikt eg hadde sett på norsk elles av dikt til da. Men visste eg korfor eg skreiv det og det? Nei. Dette kan ein ikkje vite. Dikt er meir på line med intuisjon eller instinkt enn med fakta. Iallfall for meg. Her er diktet:

Jeg vil til Madagaskar og danse magedans. Jeg vil
rokke på de greske steinene, flytte på steinene der.
Havhesten, det er meg, sank inn i en hytte


Eg får ta havhestdiktet som ei slags feiring av debuten med BOK for femti år sidan! Litt meir kommentar òg:
På den tida, i 1966, var øya Madagasker mest kjend i Noreg pga misjon og nakne magar, og Hellas var godt kjend for ei blanding av tidleg solturisme og eldgamle søylegangar/ruinar. Eg las dengong – og det gjorde vi alle da - i Dagbladet om turistreiser til Hellas og kva det var. Men magedans - ? Den var meir orientalsk.

Stilisert magedansar i ein tilnærma grunnposisjon
Sett særleg mykje magedans hadde eg ikkje til da, i 1966. Men nesten tjue år etter samarbeida eg med ein magedansar. Vi gjorde framføring bygd på kortdikt frå boka mi Filosofi, sa du tatt med dertil magedans utan musikk... Framsyninga tok vi fleire stader i Oslo og Bergen og andre stader i gamlelandet. Derfor var mange dikt i BOK komne så å seie føre mi tid.

Alt 1966 var nok eg retta inn på spesielle danse/slag. For eitt av dikta i BOK handlar om eit foto frå Musikkens verden (1951) av amerikansk-franske Josephine Baker, som på mellomkrigstida si avantgardistiske Parisscene, dansa nokså naken med bananar kring livet. Og Josephine Baker var størst. Mykje seinare fekk eg vite av, igjen, at Baker blei med i den franske motstandsrørsla under krigen. Etter kvart i livet sitt la ho ned eit enormt humanitært internasjonalt arbeid. Det var bonus. Slik kom da intuisjon eller instinkt inn og blei vellykka.   

Tilbake til vekt på observasjonar. Det er det som er felles og uttrykkjer observasjonar, som eg er opptatt av. Og ikkje dette som alt er vedtatt å bli kolportert som t.d «sømmeleg». Det vil seie borgarleg staffasje. Å vere meir av ein forskar på livet og dermed på (dikt)språket ønska eg.

Havhesten var ikkje truga da eg skreiv diktet mitt. I så fall skulle det vere eit fåtal her heime som visste om trugsmålet mot dyret. Men debutdiktet kjende felleskap med arten. Javel, menneskelege viktige kroppsrørsler observerer ein ofte i dyreriket. Da er oppgåva mi å klargjere - . Og den nokså vanlege fuglen «havhest», som levde nordpå, har elles noko sams med sjøhesten når fuglen landar. Så store fuglar som havhest må bremse og gå opp i bremsestilling når dei skal lande... Medan sjøhest såg jo vi småungar oppreist symje i akvarium, vi undra oss over rørslene. Rørslene blei lagra, trur eg på. Vi kjende oss igjen i dyr... I naturen kan sjøhesten finnast t.d i det varmare Middelhavet. For meg var naturfag og geografi mine beste skolefag i barneåra.

Hav/sjøhestdiktet kunne ha fått ein annan skjebne i litteraturen. Fordi eg kunne ha gjort diktet med ein særleg enkel operasjon slik som den rett under. Men å ordne det tenkte eg aldri på, når diktet kom i eitt strekk! Les dette:
Jeg vil til Madagaskar og danse magedans. Jeg vil
rokke på de greske steinene, flytte på steinene der.

Havhesten, det er meg, sank inn i en hytte

For somme kunne mellomrommet vore pust og avstand mellom element: Først «sivilisasjonen» sitt oppdrag. Så slutten: ein avstand eller motsetnad i mennesket. Men det var ikkje akkurat slikt som diktet mitt var ute etter. Sjølv ville eg dikte ein brå overgang, saman med - for all del - eit samband. Dette var noko som avant-gardistane i lang tid tilbake kalte montasje. Etter kvart har montasje for meg blitt eit omgrep som eg bruker, bruker både om nytt og gamalt.

Charles Baudelaire var eit førebod i lyrikken: Interessant er det at når Charles Baudelaire vel noko frå dyre-riket som kan vere eit bilete på poeten, skalden, så diktar han sitt vidgjetne dikt Albatrossen. Og albatrossen er suveren i lufta, men kan ikkje gå på land... Når eg hundre år etter skal speide etter noko å uttrykkje, blir det sjøhesten, ja ein fisk, som peikar seg aller mest ut.

Når eg vaks opp, og eg hugsar spesielt året 1960, var det stor interesse for havet framleis; hav som matfat. Da kjende eg meg etla til å bli havforskar (noko foreldra mine tykte var ein god plan). Også albatrossen er truga av utrydding i våre dagar! (Les derfor avslutningsdiktet i Inger Elisabeth Hansen si diktsamling 2015 om du ikkje har gjort det. Diktet er stramt om albatrossen. La meg seie at både albatross og havhestfuglen er såkalte stormfuglar. Altså slektskap heile vegen. Same kva så les Inger Elisabeth Hansen; det var det mange som sa.)



Her har eg plassert omtale av - gjeve somme opplysningar om - og fått sitert: nokre kortare dikt frå BOK.

Og her er henta inn Charles Baudelaire sitt hundreårsgamle dikt Albatrossen gjendikta til norsk av Sigmund Skard (1986). Les berre:


Sjøfolk bruker ofte til tidsfordriv
fanga albatrossar, det skykvite følgjet
som langsamt og likesælt om skuta sviv,
duvande i takt med den salte bølgje.

Vørnadslaust imot dekket dei skykongen slengjer.
Då brotnar den byrge i si rådlause skam.
Han feller sine veldige kvite venger,
som årepar keiveleg han drassar dei fram.

Himmelens herre - så sørgjeleg å sjå han!
Den fagre er ein fange, til glis og lått.
Dei puttar ei pipe i nebben på han,
og vraltande hermar dei hans gang til spott.

Skalden er slik. Over skyberg av sæle
stryk han på stormar inga pil kan nå,
heimlaus på jorda med dei hædande mæle.
Han har himmelvenger, han kan ikkje gå.


Albatrossen har det største vingespennet av alle fuglar. Dei fleste albatrossane lever sør for ekvator, eksotisk. Det er ikkje det enklaste å gjendikte Baudelaire. Særleg slutten av diktet «Albatrossen» krev sitt... Ei svensk gjendikting blei da favoritten min. Denne og fleire andre, også på engelsk, pluss den franske originalen, blir samla saman her ved lenker.


Ps: Ein fin dag i mars 2017 såg eg eit naturprogram på NRK frå arktis, frå fjell der fuglelivet er yrande. Vi møtte dei ulike fugleartane på nært hald. Og det blei sagt at havhesten er tillitsfull. Det var berre dette som hadde mangla for meg.