Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Nanna Schwengaard og Fontæne

Publisert 2016-10-24 14:40:50, sist endret 2016-11-05 15:16:45

Nanna Schwengaard og Fontæne

Jimmy Åsen sitt gedigne foredrag var ein lekk i feiring av at byen er blitt 350 år dette året 2016.
Foto: Sindre Skrede / NRK
Ein arena som ein ikkje må gløyme, er den lokale avis-arenaen. Den 20/10 fekk eg trykt eit lesarbrev i avisa Kragerø blad Vestmar, det var eit innlegg som eg vil spreie ut på nettet (med berre små redaksjonelle endringar). Tittelen var den same som den brukt over.



Jimmy Åsen heldt foredraget sitt om vår Nanna Schwengaard, og var svært temperamentsfull, slik han plar vere og som folk liker. Det finst berre ein Jimmy. Det er nok berre ein som kan fortelle og skrive så fint om eldre folk.

Nanna Schwengaard var eit stort namn ein gong. Burde vi ære minnet hennar meir og også trekkje henne fram som forfattar ikkje berre for Kragerø? Vi veit at «Kagerøsangen» hennar er dyktig forma, også som tekst, ikkje noko kjekkaseri der, men nøkternt om den sjø-vende kommunen Kragerø og oss. Dessutan brukte Nanna Schwengaard talentet sitt, slik Jimmy Åsen peika på, til å støtte opp om bymarkeringar og viktige arrangement i Kragerø gjennom svært lange tidsrom. Ho er Kragerøs Nanna Schwengaard... I 1926 hausta Nanna Schwengaard fortent kritikar-suksess nasjonalt med diktsamlinga «Fontæne», etter å ha skrive eit par romanar nesten tjue år tidlegare. Ho var blitt 48 år no. Finst boka? «Fontæne er digitalisert på Bokhylla.no og kan lesast på nettet. Nettopp det gjorde eg etter foredraget til Jimmy Åsen sist veke, fordi eg blei nysgjerrig.

Opningsdiktet i Fontæne, in medias res/«Konserten», er ein inngangsport til innhaldet i boka. Les diktet her. (Eg bruker ein del «luft» mellom linene både pga uvan rettskriving for oss i dag - og uttrykksfullt språk:)

Det var konsert. Ved flyglet sat en mester.

Jeg saa de sterke, hvite hænder rase

henover tastene i vild ekstase.

- Saa lød finalens sisste brutte rester.



Et brus av bifald slog imot portalen.

Men jeg, jeg sat som utenfor det hele.

Jeg følte ingen glæde ved at dele

den jubel, som nu bølget gjennem salen.



Da saa jeg dig i salen, aa, du kjære,

Jeg saa dit ansigt, som jeg engang kjendte.

Saa litet kun! Og dog det store hændte:

den fryd, et fattigt hjerte knapt kan bære.



Og i min sjæl der bruste et orkester,

hvis lyd sin kraft fra vaarens kilder hentet!

Ti se, mit hjerte det var instrumentet,

der spiltes paa av verdens største mester!


Godt komponert kjærleiksdikt, ikkje sant? (Temaet er meir «hjerte/smerte» og kunst enn religion.) Portalen? Den gongen - i mellomkrigstida - var det ikkje uvanleg å byggje opp innandørs «festportalar» ved offentlege festlege høve.

Stilen her er i slekt med datida sine store namn, om du t.d nemner Herman Wildenvey saman med Olaf Bull. Men har kortare dikt hos henne, slik som opningsdiktet «Konserten» syner. Boka «Fontæne» rommar vellykka presise reisedikt frå monumentale byar som Roma, byar ein slett ikkje køddar med, men gjerne opplever like sterkt i dag som da. Dikta er også derfor aktuelle. Forfattaren er god både på sommar og haust, på naturstemningar og andre opplevingar.

Det er på høg tid at «Fontæne» kjem ut på nytt i vår tid. Både på grunn av kvinnevinkelen og kjærleikstemaet i boka. Forfattaren blei mykje gløymd i etterkrigstida når det kom nye moter og mannsdominans. At dottera hennar var organisert landssvikar, tydde mykje for stillinga i dei aller første fredsåra.

Jimmy Åsen fortalde om vennskapet hennar med Sigrid Undset. Dei to debuterte ikkje så lang tid etter kvarandre, Sigrid Undset først, som svært ung. Og dei blei langvarige brevvenner. Brevvekslinga er bevart takka vere Schwengaards nabo og trufaste venninne på Thomesheia.


Forfattaren Nanna Schwengaard.
Foto: Kragerø Blad Vestmar (einaste foto av henne på nettet)
At Undset og Schwengaard blei brevvenner hadde gode grunnar. Dei to kvinnene hadde det til felles at dei skriv ut ifrå ein sterk kvinne-synsvinkel, dei var begge borgarlege forfattarar og brukte riksmål nært dansk. Schwengaard meir politisk naiv, sidan Undset blei ein stor patriot som sto opp imot nazistiske strøymingar i tida før verdskrigen og støtta jødane mot forfølgjinga. To år etter Nanna Schwengaard sitt store gjennombrot i 1926, fekk Sigrid Undset nobelprisen i litteratur, noko svært få kvinner i det heile, har oppnådd.

På eitt punkt var eg usamd med Jimmy Åsen, om eg forsto han rett. Det blei feil for meg å klandre Tor Kivle for stemninga som var i Kragerø gjennom dei aller første åra etter fredsslutninga, med stor-oppgjeret mot naziveldet og landssvikarane. For Nanna Schwengaard som døydde i januar 1945 og fekk gravferda si tilsmussa av kransar frå lokale partilag av Nasjonal Samling, måtte det bli trongt. No, så lenge etter, er det viktigast å få fram Nannas innsats for byen og hennar store talent som forfattar, tykkjer eg. I det siste ligg det også litteraturhistorie, saman med dei bevarte breva. Der gjer Jimmy Åsen ein sjeldan innsats.





Kjelder: Telemarksportalen. Wikipedia. Fontæne (1926). Jimmy Åsens foredrag 11/10-2016


Helge Rykkja