Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Kommunistane

Publisert 2016-09-12 13:52:10, sist endret 2016-10-29 18:26:43

Kommunistane

Manifestet kom i 1921 på nynorsk (da omsett av typografen August Bosse), på Det Norske Arbeider-partis Forlag... Denne veka blir Leif Høghaugs omsetjing sleppt, med vekt på det leselege.
Kommunistane sitt manifest frå 1848 kjem stadig ut som hefte. Og bra er det. For «manifestet» har alltid imponert meg og fascinert meg, og særleg med skildringa av ei lang utvikling saman med ekstrem fart som oppstår i kapitalismen til tider. Så ulikt «manifestet» er andre politiske vedtak som blir utførte (og kanskje filt på)! Og det å lese teksten som litteratur (utan å møte alle fororda på rekkje og rad pluss å sleppe heile noteapparatet) må vere riktig: Dette som Leif Høghaug gjer i 2016 -... Han legg vekt på det leselege. Og derfor samlar nok tida no opp mykje meir hovudsaker etter forfattarane! Manifestet har også likskapar med poesi, det er fleire likskapar mellom poesi og Manifestet, ifølgje Leif Høghaug (til pressa); eit spørsmål eg skal komme tilbake til (i del II om ei veke).


Å tenkje. Del I

Kva tenkjer eg på inni skildringa som vi får møte no (eller lese på nytt igjen)? Først og fremst: På vegner av mange skildra organisasjonen med Karl Marx og Friedrich Engels i spissen ei utvikling, fram mot vedtak offentleggjort 21. februar 1848.

1) Altså: Politiske parti har laga parolar og påstandar, teser. Likevel var Manifestet eit politisk parti sitt breie analysearbeid (som blei avslutta med vedtak i 1848; kom på norsk i delar, i 1849.)

2) Her ser vi det umoglege ved å ha eit samliv mellom - eller å blande - nytt og gamalt under kapitalismen, fordi det nye heile tida trumfar og trumfar igjen det eldre. Dette blir «banka» av kommunistane i 1848.

3) Arbeidarklassen kom på banen sterkt. At alt borgarskapet har gjort, eller gjer, er feil, stemmer ikkje. Og det er heller ikkje dette Manifestet seier, på ingen måte. Heller tvert imot. Borgarskapet fjerna mykje tilbakeståande og metta atskilleg fleire munnar enn adelen gjorde, og revolusjonerte transporten. (Frå dei vel 100 siste åra nemner eg t.d vaksinekamp.) Men denne samfunnsklassen fjerna også ære og ekte omtanke, for å seie det enkelt her. Borgarskapet «gjorde familien til et nakent pengeforhold» (sitat frå Leif Høghaugs nye omsetjing, omsetjing frå tysk). Og frå dei siste hundre åra må særleg nemnast at borgarskapet har hovudansvaret for verdskrigane.

4) Ære? Arbeidarklassen gjeninnførte æra i historia, tenkjer eg, men på arbeidarklassen sitt vis. Med overalt gjenkjenneleg solidaritet. Og sidan har borgarskapet jobba kvar dag for å bryte ned den internasjonale sida av fagrørsla sin kamp mest mogleg.

5) Manifestet skildra først og fremst ei utvikling i det vi kallar «Vesten», og aller mest landet England, som hadde mykje tidlegare borgarlege revolusjonar enn andre land og fekk ei fleire hundreårs lang og hard kapitalistisk utvikling.

6) Ein bør kunne kjenne seg igjen i ein teori om noko som folk ser rundt seg og er interesserte i. Korleis er det kapitalistiske verdsbiletet i dag grovt sett? Forslag: Det ser ut til at Kinas og USAs elite, det vil seie dei aller største eigarane i verda, fører an i liberalistisk handel og ønsker eit samla liberalisert Europa, medan t.d Noreg, trass i vår valde EØS-rolle, ønska å verne somme bransjar mot EU. Og det er blitt England - blant dei nest største i dag - som vil melde seg ut av EU sitt overnasjonale økonomiske system. Dette store kan tolkast samla som svære økonomiske bølgjer og motbølgjer. Men i det store og heile har verdshandelen blitt kraftig liberalisert i lang tid, noko som dei leiande kapitalinteressene jobbar vidare for. Og dette er vel mykje i pakt med analysene som manifestet frå 1848 gjer. Det er til dømes berre fire multinasjonale konsern som kontrollerer 75 % av kornhandelen i verda, opplyser Øyvind Andresen (nyleg på nettet).

7) Presset mot norsk fagrørsle frå den internasjonale kapitalismen merkar vi sterkare og sterkare. Det er noko vi alle kan både observere og merke oss. I fagrørsla kjenner ein det mest.


Note: Sjå elles analysen til Espen Grønlie i LE MONDE diplomatique for september. Eg kjem tilbake til fyndige sitat frå Manifestet, i Å tenkje. Del 2:



Å tenkje. Del 2


Etter at eg skreiv om Det kommunistiske partis manifest sist - og ikkje blei ferdig (pga reise) - har eg plukka ut nokre poetiske kraftsalver frå side 13 til 17. Nyt dette:
1) «(…) Alle faste og inngrodde forhold – og alt hva disse innebærer av gammeldagse forestillinger og anskuelser – oppløses; alt det nye er avleggs før det rekker å stivne.» Presist? Ja. Meir her: «Det staselige og stedlige fordamper, det hellige forvitrer, og omsider tvinges menneskene til å betrakte sin livssituasjon og de gjensidige forhold med et nøkternt blikk.»

2) Og nytt avsnitt no; desse orda passar som hand i hanske på det som vi opplever: «Den evinnelige trangen til økt avsetning på varene jager bourgeoisiet ut over hele jordkloden. Det finnes ikke det sted der bourgeoisiet ikke etablere seg, slå rot, opprette nye forbindelser.»

3) Ifrå det neste avsnittet - og mønsteret passar på notida òg -: «(…) Lokal og nasjonal selvforsyning og isolasjon må vike for mangfoldige forbindelser, et mangfoldig avhengighetsforhold nasjonene imellom. (…)»

4) Fargerikt frå side 15 (øvst): «(…) De lavtprisede varene er det tunge artilleri bourgeoisiet tar i bruk for å legge alle kinesiske murer i grus, samt tvinge barbarenes mest hårdnakkede fremmedhat til kapitulasjon.» Også framhaldet er nådelaust: «Alle nasjoner som ikke vil gå til grunne, tvinges til å absorbere bourgeoisiets produksjonsmåte; de tvinges til å innføre den såkalte sivilisasjonen der de bor, ja, de tvinges til å bli bourgeoiser. Kort sagt: Bourgeoisiet skaper en verden i sitt eget bilde.«

5) Det absurde kjem (side 17): «(…) I krisetider bryter det ut en sosial epidemi som for alle tidligere epoker ville ha fortonet seg som den rene absurditet: overproduksjonens epidemi. (…)»


Riktige ting gjort av Høghaug:
a/ har omsett originalen frå 1848.
b/ brukte tittelen Det kommunistiske partis manifest.
c/ brukte ordet «gjenferd», det er betre enn ordet «spøkelse», om den frykta som kommunisme kunne skape hos politiske motstandarar.
d/ brukte raudt lysande omslag med stive permar på boka, i 2016.
e/ og brukte copyright: «Sentralkomiteen».





Ps 12/10-2016:

I artikkelen over har eg sitert og kommentert Det kommunistiske partis manifest sin første del. Omsetjaren Leif Høghaug orienterer lesarane av Klassekampen og forsterkar Karl Marx sin aktualitet gjennom ein brei artikkel i går med tittelen «Ingen fremtid uten Marx». Høghaug utfordrar politiske leirar i dag ved å vise til tredje del av manifestet, og han har gode poeng. Dette er ein debatt som vil bli ein politisk hovuddebatt. Vi kjem ikkje utanom den tenkjande Marx, trur også eg. Heller ikkje utanom »Manifestet" sin smidige taktikk og mange naturlege ulike alliansar for dei ulike landa - . Les det nytrykte manifestet (frå 1848).