Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Han som alle har tilhøve til.

Publisert 2016-06-06 09:47:36, sist endret 2016-12-22 18:35:49

Han som alle har tilhøve til.

DD Comics/Neal Adams.

Teikneserieversjonen av boksaren er dette.
Slost Muhammad Ali med Super-man ein gong?
Boksaren Mohammad Ali er avliden, han døydde brått av sjukdom, 74 år gammal. Han var ein framståande tidleg forkjempar for borgarrettar og eit menneske som alle forsto. Dei yngre i dag som ikkje visste om han, veit om han no.

I utgangspunktet var eg vel ikkje fan av boksing som sport (og iallfall ikkje profesjonell boksing med meir enn tvilsam helseskadeleg råme). Men dei mange overførte kampane på ulike TV-kanalar med stadige Mohammad Ali om verdsmeisterskaps-tittelen i profesjonell tungvekts-boksing måtte eg likevel få med meg. Eg var ikkje åleine. Samstundes var denne elegante boksaren solid plassert i samtida si, ifrå han blei profesjonell verdsmeister første gongen alt som 22-åring, i 1964. Da var eg student... Og dette er eit nytt tema for meg, eit nytt amerikansk tema.

Han føddes i Louisville, den største byen i sørlege staten Kentucky. Alt i 1965, da USA byrja å pøse inn mange fleire soldatar i Vietnamkrigen, kom Mohammad Ali i sentrum. Han konverterte til islam og tok seg, sjølvvald, eit islamsk namn i staden for «slavenamnet» (Cassius) Clay, slik han sjølv sa. Og han nekta å bli innrulla i den amerikanske hæren for å drepe i Vietnam. Vietnamesarane har ikkje gjort meg noko, meinte han klårt og tydeleg offentleg. Tvert imot kjende han seg igjen i alle austens folkeslag. Mykje sto på spel. Med dette ofra han verdsmeister-tittelen sin, for sitt antiimperialistiske syn, og blei nekta å bokse frå 1966, i fire viktige år. På 70-talet såg vi han tilbake i ringen. (Enkelte seier at han sat i fengsel i fire år, dvs også sat i fengsel den tida.)

Det følgjande som eg skriv her, er slik eg har oppfatta Mohammad Ali. Som menneske synte han seg som ein talentfull og allsidig figur. Kanskje typisk for si tid, det å ville vere allsidig. Han t.d dansa i bokseringen under kampane og fekk publikum til å dra på smilebandet. I stor fart rappa han i media, med eigen tekst. Før rap blei sjanger (innafor hip hop). Og stadig sto han fram for det han tykte var riktig og rett. Munnrapp som han var, blei bodskapen effektiv. I boksebransjen snakka jo på den tida den store manageren for boksaren sin til alle media. Hos Mohammad Ali var det motsett og meir moderne demokratisk. Når han etter pausens år fekk komme tilbake i bokseringen, utnytta han intervjusituasjonen til ein eigen talarstol og spedde, sant å seie, alltid på med noko sportsleg underhaldning. Han tok seg av snakket. Ein afroamerikansk idrettsutøvar! For ein slik var dette stort å gjere.

Dette trekte oss til han. Derfor var vi ikkje få rundtom i verda som ønska å sjå kampar med han i ringen. Og vi hadde ikkje noko imot dramatiske kampar over mange rundar (à 3 minutt). Og vi håpte jo, trur eg, etter at Mohammad Ali slutta, at det kom fleire som han, fleire som han innafor denne på fleire vis tvilsame sporten. Men det gjorde det ikkje. Det er rart å tenkje på at vi var så hekta på 70-talet, da det - for store grupper - også var så mykje anna antiimperialistisk å bry seg om og bruke tida si på.

Mohammad Ali levde med sjukdomen Parkinson i mange år. Han let etter seg ein ein stor familie, som er stolte av han.




Ps 13. juni 2016:

Muhammad Ali – den amerikanske draumen følgde han, eller samsvarte med han, når han starta med dei tomme nevane eller vi kan seie ordna eige arbeid og eige opplegg. På den måten, med den framgangen han fekk i heile verda, drog han til seg også kjendisane i USA (inkludert presidentane Ronald Reagan og Bill Clinton).

La meg dra ei lita familiesoge: I vår småbarnfamilie var eg den einaste i førstninga som såg på dei klassiske boksekampane med Mohammad Ali. Vi hadde ein minimal TV nr 2 på golvet plassert med ein saccosekk framfor. Under trappa opp til stova. Det var trongt og intimt der nede. Yngstemann i familien spela spel der på datidas commodore 64. Ypparleg for han. Når eg sat der med Mohammad Ali, kunne dei høyre raslande lydar frå saccosekken (delvis i takt med kamp). Vi hadde særinteresser i familien, og kvar vår særinteresse der under trappa. Men når det galdt dei nye popvideoane som følgde med artistane sine nye låtar, da passa det best å sitje oppe i betre stolar. Dette var meir eller mindre sams interesser for alle. Minstemann blei datamann 15 år etter, og eg blei i den tida ein stadig oppdatert musikklærar, ikkje minst på kunstvideoane til Prince og til Peter Gabriel, Kate bush, Madonna, Cindy Lauper og faktisk dei fleste gode popartistane på 80-talet. Men det er ei anna soge.