Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Møte med Ellen Einan

Publisert 2005-05-16 09:00:41, sist endret 2014-03-23 17:43:25

Møte med Ellen Einan

- Dagen får min uro, Solum 2004 -
Vi var mange som møtte på Mono i vinter for å høyre og sjå storleikar i poesien som m.a Tomas Transtrømer, Arild Nyquist og Ellen Einan, men Einan blei forhindra av flyproblem frå Lofoten. Men det var fint å få møte Ellen Einan på ÆÅ-festivalen i april. Ikkje minst var det greitt å delta i den felles samtalen med henne som Gunnar Wærness dirigerte i Nordenfjeldske kunstindustrimuseum 18/4.

Her vil eg ta utgangspunkt i bibelspråk ho bruker i dikta. Fortid. Konklusjonen vil bli, delvis inspirert av det som Wærness og eg var samde om i Tr.heim, at kjenslelivet som Einan skildrar, er moderne og diametralt ulikt bibel-verda sitt kjensleliv. Men ho bruker bibelspråket, delar av bibelspråket, det gamle testamentet, og kjem ut med noko som er den sterkaste bibelkritikken eg veit om - ved å vise eit heilt anna kjensleliv enn oldtida sin normative og eigedoms-fikserte sfære, iallfall det som dei med ei storstilt skrivekunne da gjorde (og kunne gjere).

Sjølv er ho klårt medviten om at ho utnyttar bibelspråket, men tenkjer ikkje vidare over korleis ho nyttar dette, verka det på meg i samtalen under ÆÅ. Og kor mange forfattarar er det ikkje, i parentes bemerka, som er umedvitne om kva dei gjer, tenkjer eg, anten er dei nokså umedvitne eller heilt umedvitne om uttrykket sitt. Og kor passiv er da også litteraturkritikken når det gjeld å uttrykkje kva som skjer i det litterære utanom den snevre og avgrensa ordoverflata på ei avgrensa mengd skrivne dikt. Vi snakkar no om lyrikkverda.

I samtalen blei spørsmålet om det umedvitne tatt opp, eit spørsmål som har følgd Einans dikt som ein skugge heilt sidan debuten for godt over tjue år sidan. Kanskje er det på tide å bytte ut omgrepet automatskrift om Ellen Einans spesielle skriveprosess og heller endre namnet på det ho gjer, til spontanskrift, for spontant går det føre seg i diktinga hennar. Termen automatskrift, som er henta frå spiritismen og frå psykologien, blir brukt om meir almenne psykologiske fenomen, ein praksis utanfor diktinga sine grenser. Einan var opptatt av dette nødvendige skiftet av namn, og ho snakka om det ved fleire høve på festivalen. Men ho er smålåten på eigne vegner. Eller ho vil kanskje ikkje blandast opp i noko som bind henne i skrivinga.

Ellen Einan er frå Svolvær og bur i Svolvær. Ho les opp dikta sine med enkel, ljos jenterøyst - dette bemerka Morgenbladet frå Trondheim - ja, ung jenterøyst har poeten trass i at ho er fødd så tidleg som i 1931 og har levd sitt liv til no, noko som blir 74 år.

Eg les Einans dikt som ein implisitt kritikk av kva hennar verdskjende Nordlandsnabo, Knut Hamsun, gjorde, t.d i dikta hans - eller i nobelprisvinnarromanen Markens grøde. Mykje av stiltonen hans i dikta er henta frå det gamle testamentet, Salmane, Salomos ordspråk, Forkynnaren, meiner eg å lese, kanskje også ein del Salomos høgsong. Men Hamsun «tilsluttar» seg det bibelske på sin doble måte og gjer det også på meisterleg forførande vis, slik som i det enklaste og mest kjende: Intet er nytt under solen (som han bruker som refreng i eit dikt).

Dette bibelsitatet, som er ein del av dei bibelske «under solen»-sitata, er nett det som står Hamsuns ideologi ganske så nært, like så nært og tett som den aller sterkaste i samfunnet sine (til dels) allmektige krav og privilegium gjer, inklusive dei seksuelle, og tett liksom umåtelege militære bedriftar og sigrar i kapittel for kapittel i Testamentet. Eg set dette opp som kontrast til Ellen Einans skildringar av maskerte moderne personlege relasjonar. Sjå dette korte sanserike diktet:

Jeg leter opp døren for åndelige fugler.


Jeg lyser på rom i gråteskogen.
Det ropes fra lekteren.
Ånder med slitte farger: Gamle roere.

Dette båtdiktet er sitert frå ÆÅs programhefte og opphavleg henta frå Hestene våker i duggtoneengen(1989). Eit anna dikt i same programhefte er henta frå Søster Natt (1985), venteleg plassert i heftet av Gunnar Værnes, som skreiv introduksjonen, og det er eit rommeleg dikt som rommar fleire av Einans hyppig brukte «familie-relasjonar»:

Er nåden hos oss?


Elvene skal gå andre veier,
murene falle.
Bror bære bror ut fra stille hus.


En kald søster bæres over trøstens lydsti.
Døren hadde de lenge åpnet.
Hagen, som var farget rosa og blod,
satt de og lo i.


Jeg var selv hos dem.
Døsig kom døtrene,
vakre første mor glødet.


En kornfarget mor stod brennende ved grinden.
Et blod- og vannbarn leiet de over sletten

Dette diktet er sterkt sensuelt. Og det sensuelle hos Einan er tett kombinert med livet sitt alvor og tallause personlege og store felles livskatastrofar å observere. Ho viser til slikt i dikta. Einan er vel særleg kjend for sine mange diktarlege variantar av familie-relasjonar oppi det fatale, t.d nemner eg eit uttrykk som «Muldsøstre», som var brukt som tittel på bok, den andre, i 1983. På det tidspunktet, i 1983, var eg tilbøyeleg til å lese mang ein familie-analyse inn i Einans dikt, analyse med eit vakkert upartisk - eller varmt kjenslemessig - lys over.

Kanskje har dikta hennar endra seg, snarare enn endra seg for meg? (Eg skal sjå etter.) No er eg iallfall blitt meir innstilt på å lese bror- og søster-metaforar (og like mykje mor- og far-metaforar) i ei vidare menneskeleg tyding, slik det også er vanleg i mange globale kulturar og tradisjonar. Jamfør også bibelspråket, helst i det nye testamentet da, - i Jesus-figuren sitt endra vokabular. Nok om det. Eg aktar iallfall ikkje å underslå korleis eg les Ellen Einan i høve til annan litteratur, Bibelen, Knut Hamsun, Sigbjørn Obstfelder mv. Dette med Ellen Einan-dikt er avslørings-kunst for meg, først og fremst varm nådelaus avsløringskunst, som Einan serverer medan ho lener seg tilbake.

Ellen Einan si siste utgjeving førebels er Dagen får min uro (2004). Ei grei vurdering - ei typisk melding - av boka hennar finn du på poeten.no. Og på Ratatosk les du Gunnar Wærness sine konsentrerte vurderingar av heile forfattarskapen, og av resepsjonen opp til no, i presentasjonen hans av Ellen Einan på den fine ÆÅ-festivalen. (Eit ps 20/8-12: Dessverre er mange av lenkene i denne artikkelen, frå 2005, vanskeleg å etter-finne på nettet.)

Tilbakeblikk på starten av forfattarskapen kjem her: Da Ellen Einan kom på banen, vurderte Jan Erik Vold, som hadde kontakt på eit tidleg tidspunkt, dikta hennar som gode, også «stensildebuten» hennar, «underground-debuten» i 1978, fem år før den offisielle debuten, blei representert i ein historisk poesiantologi. Vold kunne jamføre dikta hennar med bl.a Cecilie Løveid og tidleg Helge Rykkja. Når det gjeld sistnemnde, tenkte han kanskje på BOK (1966), kanskje på ein felles brukt alderdomleg språktone, i enkelte dikt der, og kanskje på den felles skikken med raske nyord. Ok. Kanskje tenkte han også på det overraskande bråe oppkomet av litterær skaping og litterær avsløring, både hos Einan, hos Løveid og hos tidleg Rykkja. Her er iallfall eit møte.

Døme på raske nyord i BOK er: «blåbærblåveisgjerdet» og «vindkåpegjerdet» og «Engelen skriker tversoverskriket.» Hos Einan finst slike nyord frå dikta sitert over: «gråteskogen» og (frå boktittelen:) «duggtoneengen» og «lydsti» og «blod- og vannbarn». Einan bruker dette poetiske sjakktrekket med heilt nye samansette poetiske ord meir enn nokon annan poet, og dette heilt frå første stund i debuten 1982 og vidare gjennom forfattarskapen.

I 1978 er ho framleis på veg til denne sin heilt personleg utvikla stil og skriv poetisk «dråpens visne datter» i staden for det tilsvarande nyordet som ho nok ikkje kunne brukt: den visne dråpedattera, eller ho skriv «din dråpe bleke sorg» i staden for t.d din bleke sorgdråpe, som ikkje er heilt det same, eller ho skriv «angerens sår» i staden for nyordet angersåret, som ikkje er heilt bra. (Men i debuten Den gode engsøster bruker ho «angerhagen», det er noko anna, fin kombinasjon.) Alle døma ovafor på å gradvis nærme seg poetisk samansetjing av ord til nyord er frå diktet OG VISESANGEN, sitert etter Heggelund og Volds Moderne norsk lyrikk, 1985, og altså først gitt ut lokalt i 1978. Slik er heile diktet:
OG VISESANGEN

Og varmens far
Og varmens visesang
og dråpens visne datter

Jeg bryr meg skitt
i dette nu
jeg er forfallen

Slå derfor ut din bleke sorg
Sett angerens sår i bur
Så blar vi videre i boken
om åndene

Her er jamføringsvis eit kort dikt midt i Den gode engsøster, debutboka frå 1982 :
JEG, EVENTYRHUDEN

jeg, løshageropet,
is og dødshagens modne elskerbær.
I dans og nattlivs sene time,
løste mandelen seg fra askens
rustne nett.


Overfor Einan sine dikt står eg tryllebunden. Både som tidleg og seinare Rykkja vedstår eg meg affinitet med Ellen Einans dikt. Slektskapet oppdagar eg lett, trass i skilnad i kjønn og fødselsår og debuttid og debutalder og t.d skole-gang. Kanskje blir min poesi til vanleg vurdert enda gladare enn han er, medan Einans poesi blir vurdert enda mørkare enn han er, og dette med Einan har skjedd heilt frå Jan Erik Volds første meldingar av Einan (1982,1983,1984), gjort i svært god meining er det nok, sjå i Volds Poetisk praksis (1990).


PS: Her er ei heilt anna slags lesing - frå Charles I.Armstrong - av Einans dikt. Ein lengre analyse av same Charles Armstrong (på engelsk) fann eg her, men den forsvann dessverre.

Og slik er juryens tale i 2002, da Ellen Einan av Norsk Litteraturkritikarlag fekk Aschehougprisen.



-----

Artikkelen skal nok bli ferdiggjort. Men eg skreiv iallfall eit dikt a propos Ellen Einan, i fjor, i boka bjørka til Dahl og 52 kameratslege oppmodingar:


Einan i fjellvatn og mat


Hukrevatnet, dunsorga, leppesmaken av deg
på dansetunet, blåbærmango

Kjærleik, fjell og mat, eg går deg dansande etter
medaljegod, medalje ein






PS 23.august-12:

Artikkelen blir noko redigert i samband med Ellen Einan-arrangementet i Utne, Hardanger, no. Der skal eg lese dikt av Einan og vil knyte tankar rundt.