Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Nøkkelkjede

Publisert 2016-02-22 16:51:58, sist endret 2016-04-20 18:25:59

Nøkkelkjede

Poeten PJ Harvey og fotografen Seamus Murphy saman om stort reiseprosjekt. Foto: The New York Times
I haust las eg ei bok der PJ Harvey skapte dikt på reise i Kosovo og i Afghanistan og i Washington DC. Reisene hennar blei gjorde saman med fotografen Seamus Murphy. Og det blei fine dikt og utrykksfulle dokumentariske foto sett og tatt frå kompliserte tilhøve. To norske poetar fekk seinare i oppgåve å gjendikte Harveys tekst til norsk, slik at den opphavlege boka som var på engelsk, kom ut i Noreg med dikt på engelsk og norsk parallellelt plassert. Å gjendikte Harveys prestasjonar var ikkje noka enkel oppgåve, synte det seg. Det er dette som eg vil syne fram her. Og først ei jamføring:

Ei diger gjendikting såg eg i avisa Dag og Tid. Ja, Dag og Tid trykte 24. desember (julaften) Bertolt Brecht sitt store dikt Barnekorstoget. Kinderkreuzzug var gjendikta av Eldrid Lunden. Diktet er på førtifem strofer og har vore gjendikta til nordisk før og også dramatisert (fortel Lunden). Diktet opnar slik hos Eldrid Lunden:


I Polen nittenhundreogtrettini
stod der eit blodig slag
Som gjorde om til øydemark
mang ein by og stad

Der mista syster broren sin
og make mista make
Mellom brennande ruinar
var knapt ei sjel tilbake

Ingen spurde nytt frå Polen
Langt mindre kom der brev
Men i dei austlege landa
merkelege rykte sveiv

Som snø i lufta kom eit rykte
frå ein by der aust
Det handla om eit barnekorstog
Det starta same haust

(…)

I originalen hos Bertold Brecht er rytmen sjølvsagt viktig, noko gjendiktaren tar på alvor. Det er lettare for Brecht på tysk å finne mange rimord på grunn av tysk si fleksible ordstilling, og m.a er det greit med verb til sist... Og han bruker, ser eg, også halvrim enkelte stader: t.d. gründen/finden og t.d. substantiva Weg/Fleck. Brecht har i det heile mange stilar føre seg og er neigu ikkje redd for folkelege former heller. Og eg tykkjer i det heile at Eldrid Lunden gjer jobben godt med å gjendikte det forteljande og dramatiske diktet.

Tillat meg at eg går direkte over til PJ Harveys dikt. Ho skiftar stilar gjennom dei ulike reportasjane, noko som krev varierte løysingar av ein gjendiktar. Det er langt ifrå snakk om å finne ei rein leksikalsk tilnærming og vere der på jobben... Det fjerde diktet av PJ Harvey i boka er «Chain of Keys»:


Fifteen keys hang on a chain.
The chain is old and forms a ring.
The ring is in a woman’s hand.
She’s walking on the dusty ground.
The dusty ground’s a dead-end track.
The neighbours won’t be coming back.

Fifteen gardens overgrown
Fifteen houses falling down.
Numbers painted on the doors,
posters on the locked-up church
in black and white, the recent dead.
Now all I do is wait, she says.

The woman’s old and dressed in black.
She keeps her hands behind her back,
slips the keys along the chain,
worries them and worries them.
Imagine what her eyes have seen.
We ask but she won’t let us in.

A key so simple and so small;
how can it mean no chance at all?
A key – a promise, or a wish;
how can it mean such hopelessness?
Now all I do is wait, she says.
Now all I do is wait, she says.


Eg rår lesaren til å lese diktet høgt. Eller synge det; gjerne. For diktet er musikk, jamn og rytmisk - . Viktig i diktet er at nøklane er mange og små (dvs småfolk), og at ringen er «rund»...

Korleis blir dette til norsk i boka? Ikkje til synkronisert taktfast eins rytme. Men ny rytme, og endra rytme frå strofe til strofe. Og i høve til Harveys: iallfall meire lettbeint - om ikkje «uryddig» - rytme. Dette skjer ifrå første strofe på norsk... Spørsmålet er: Har dette valet hos gjendiktarane vore lettkjøpt, eller har valet deira vore godt motivert? Og tykkjer du den norske versjonen er like god, like brukande?


Nøkkelkjede


Femten nøklar heng på ei kjede.
Kjeda er gamal og formar ein ring.
Ringen er i ei kvinne si hand.
Ho går på den støvete bakken.
Den støvete bakken er ein blindveg.
Naboane kjem ikkje tilbake.

Femten hagar overgrodde.
Femten hus fell saman.
Nummer måla på dørene,
plakatar på den låste kyrkja
i svart-kvitt, dei nyleg døde.
Alt eg gjer no, er å vente, seier ho.

Kvinna er gamal og kledd i svart.
Ho held hendene på ryggen,
lét nøklane gli langs kjeda,
fiklar og fiklar med dei.
Tenk deg kva auga hennar har sett.
Vi spør, men ho vil ikkje sleppa oss inn.

Ein nøkkel så enkel og så liten;
korleis kan han tyde ingen utveg?
Ein nøkkel – ein lovnad, eller eit ønske;
korleis kan han tyde slik håpløyse?
Alt eg gjer no, er å vente, seier ho.
Alt eg gjer no, er å vente, seier ho.


Så: Blei det bra? Blei det meining i det? Nei. Forlaget sette to poetar på jobben, Gunnhild Øyehaug og Pedro Carmona-Alvarez. Men det ser ut til at forlaget har tenkt på, og nøgd seg med, «god nynorsk». Som om regelrett nynorsk treng å vere brukande poesi. Men kvaliteten i versa er borte. Dei poetiske verkemidla er borte, rytme og konstruksjon. Om lag alle rima, halvrim og fullrim, er jo borte. Dessutan kverv kjensla av lenke, kjensla av samband. Kva blir att? Poetisk likesæle. Og konklusjon: Chain of Keys var no forbigått og sett om, men ikkje gjendikta. Hadde vore ærleg å seie det. Det kunne stått «prenta omsetjing for å hjelpe folk til å forstå engelske ord» på dette diktet i boka.

Eg må banke til ein generell kritikk: Poesi kan i dag bli bytta ut med umusikalsk prosa. Slik at «flat» prosa generelt ser ut til å vere gangbar mynt i mang ein uinteressant forsøkspoesi. Ein kunnskapsbasert og ærleg lyrikk-kritikk må komme på banen. I høve til Den opne handa, så tok eg ikkje den norske bokversjonen med mellom dei utvalde «tolv beste» norske utgjevingane i 2015, da eg såg på og målte størstedelen av diktbok-hausten. Denne avgjerdsla tok eg pga dårleg gjendikting, fleire av dei framifrå dikta var øydelagde på norsk. Det viktigaste er: Det ser ut til at ei evne går tapt i gjendiktingskorpset vårt, samt i kritikken, å greie med metrisk rytme i nyare poesi. Vi treng meir skjerpa og sjølvkritisk praksis!

(Denne svikta såg eg tidleg i haust, og eg las meire i den gjendikta boka etter kvart. Likevel ville eg vente enda ei stund med å kommentere Den opne handa, vente heilt til eg fekk tid og ro til å sjekke ut og utforme kritikken på enda betre måte.)

Her er det nest siste diktet i boka, lånt frå avdelinga om Washington DC. Samstundes med, eller etter diktet, syner eg eit av fotoa til Seamus Murphy i same avdeling. Diktet «To kyrkjegardar» er ein endetil, men spennande talande, observasjon, skal du sjå. Og forma er i det som enkelte av oss kallar «frie rytmar» (og er forska lite på i Noreg):


To kyrkjegardar


Ved sida av geitemarknaden
står tusenvis av steinheller
i ulike vinklar
Ingen murar, så dei døde
kan virre rundt som dei vil.
Ein laushund søv inntil ei gravstøtte.
Ein ung mann snakkar i mobilen
mens tre andre løftar ein kuskrott
inn i bagasjerommet på ein bil.

På himmelen sender det bombeforma luftskipet
bilete tilbake til Washington.

Ein gartnar klipper kirsebærtre
og vaktmeisteren set ei støtte tilbake på plass.
Raude mursteinsvegger. Du må vite koden
til jernporten for å kome inn eller ut.
Hundepartuljen går tur med hundane
mellom rekker av elegante kvite graver.
Ein guide leier ei omvisning
mens han snakkar i ein mikrofon.
Du kan bestille time for å kome og synge julesongar.


Liten merknad frå meg: Dei to viktige linene midt i diktet (linene som skiljer dei to kyrkjegardane) var vel meir skjerpa og uttrykksfulle og drastiske i det originale diktet, det vil da seie:

Overhead the blimp shaped like a bomb
beams pictures back to Washington.

Og «shaped like a bomb» er betre på fleire måtar. For alle luftskip er «bombeforma».

Foto av Seamus Murphy tatt i Washington DC. I boka The Hollow of the Hand. På norsk: Den opne handa




Ps 20. april 2016
Same kva: I Klassekampens musikkmagasin (for to dagar sidan) skriv Pedro Carmona-Alvarez eit godt essay om kva som har skjedd seinare med PJ Harveys materiale og om utgjevinga av den nye plata «The Hope Six Demolition Project».