Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Dikt på Samlaget i fjor

Publisert 2016-01-27 15:55:32, sist endret 2016-09-07 11:02:22

Dikt på Samlaget i fjor

Stor og uthaldande satirikar frå Voss, Jon Hjørnevik
Etter at eg tok føre meg diktbøker på Cappelen Damm (i førelesinga 23/1), gjekk eg rett vidare til nye forlag og bra fleire diktsjangrar. Eg går her til verspoeten og komikaren frå Voss og norsk litteratur, Jon Hjørnevik, som er tilbake igjen for sjuande gong med ei ny diktbok, nemleg Heimekontor i gravferda, som kom på Samlaget. Dette er blitt ei slåande og nådelaus samfunnsskildring til; ei bok som byr på gråt og latter og heile skalaen, der sjølvironien eller sjølvkritikken til eg-personen i dikta feirar store triumfar. Boka opnar med diktet «Ein dårleg dag». Diktet gir omgrepet «ein dårleg dag» det eigentlege og riktige innhaldet: [Les frå boka:]


Eg er steike forbanna,
eg er småtrøytt og sur,
eg vil skjella deg ut,
no står du for tur.

Mine tankar er rotne,
eg er full i drit,
eg opnar kjeften,
og ut kjem det skit.

Eg er tungt irritert,
det lyser av meg,
mitt frukostsinne
går da ut over deg.

Det tyt ut ei smørje
av skit frå min munn,
men ikkje tru det er
heilt utan grunn.

Eg likar deg ikkje,
så eg passar på,
ein dårleg dag,
ja, det skal du få.


Dette er starten på boka. Men sjangren til Hjørnevik er samfunnskritikk, satire. Dikta har oftast brodd mot mannsferd og all ansvarslaus ferd og dertil byråkrati. Ofte drit eg-personen seg ut. Men dikta har levande menneske med, og dikta tar ikkje frå menneske æra. Forlag: Samlaget

I boka Heimekontor i gravferda er dikt-eget blitt eldre og litt mindre utanfor, litt mindre klovn, og blitt festa tettare til dei store samfunnsproblema. Hos Hjørnevik har ikkje berre somme men alle dikta noko på hjartet. Saman med t.d (før nemnde) Inger Elisabeth Hansen dekkjer såleis 2 poetar eit stort og allsidig område av samfunnskritikk. Berre det diktoffentlege har vett til å slå saman innsatsen deira!


(Ps: Etter at eg heldt førelesing om diktbøkene i 2015 på Litteraturhuset i Oslo den 23/1-2016, blei eg klår over ein feil. Eg tok feil på året for boka til Jon Hjørnevik. Diktboka Heimekontor i gravferda kom i 2014! Beklagar så mykje. Jon Hjørnevik er like god for det. Og på den andre sida kom diktboka Alt skal ut i 2015, Jon Hjørneviks «Dikt i utsal», dvs 6 diktsamlingar samla i eit stort band 2015. Mellom permane var nettopp Heimekontor i gravferda som sjette bolk i boka.)




Same forlag, Det norske Samlaget igjen: Einar Økland.

I år kom diktboka Sykling i søvne ut, der poeten også karakteriserer seg sjølv som person inkludert det å bli ein aldrande person. La meg sitere Øklands dikt «I hugen», det står to plassar etter titteldiktet «Sykling i søvne». Orda er velvalde, sjølvironien og det stolte er der:

I HUGEN

Djup har eg aldri vore frivillig,
derimot flat og vid.
Mi retning er bortover,
same kvar eg vender meg.
Om blikket ofte går fortare
enn føtene og skuggane deira,
held alle som oftast likevel lag.
Farten er knapt merkande.
Hugen held seg der vi stoppar, i nærmiljøet.
Ein liten myggsverm
som følgjer med
når vi går vidare.



Likevel er boka lite sjølvbiografisk, mindre enn ein kunne vente seg, men dreier seg om det nærverande, slik det støtt har vore for forfattaren. Det er ofte alderdom og nærleik som er temaet her, eit tema som finst fleire stader i lyrikken dette bokåret.

75-åringen Økland har vore i poetisk storform dei siste åra og reknar seg hovudsakleg som poet, har det komme fram, trass i eit stort og vidt forfattarskap i alle sjangre, t.d eit viktig og solid forfattarskap for barn og t.d særs gode og originale faglitterære prestasjonar hos forfattaren Einar Økland.




Også på Samlaget har Hildegunn Dale komme ut med boka Ein halv dag om sorga ei dotter kjenner etter at ein far passerte åtti og etter alt å døme brått tar livet sitt, ei dotter som nok liknar på faren (blir det sagt), med miljø i ei primærnæring vestpå, med kontakt både til sjø og til fjell. Eit konkret høgdepunkt i boka var ei liste midt i av «praktiske ting eg har lært av far», der det startar med denne tingen: «Å knipe igjen det eine auget når eg køyrer frå lys til mørke, inn i tunellen slik at det ikkje skal bli plutseleg svart.»

Hildegunn Dale si bok kom tidleg på året. Etter kvart synte det seg at sorg blei eit hovudtema i den lyriske bokhausten, forutan Torgeir Rebolledo Pedersen og Annebelle Despard og Hildegunn Dale kom frapperande bøker på Gyldendal av Karin Haugane og Eirin Gundersen.




Samlaget (nr 4): Om Ariana Reines gjendikta av Anna Kleiva skreiv eg tidleg i fjor dette. (Men dette nådde eg ikkje komme inn på å fortelje om i førelesinga den 23/1.)


Samlaget (nr 5) [Ps 22/1-2016]: Om samarbeidsboka Den opne handa av PJ Harvey (engelsk originaltekst) og Seamus Murphy (foto) har eg konsentrert meg rundt den norske diktteksten.




*

Her blir stafettpinnen sendt vidare til nokre av Flamme Forlag sine diktbøker, ikkje minst til Linda Klakkens Åtte minutter og til ei anna overrasking... Dette blir FEMTE DEL av FØRELESINGA 23/1.