Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Flamme forlags dikt 2015

Publisert 2016-01-26 21:56:27, sist endret 2016-04-14 22:12:51

Flamme forlags dikt 2015

Ung forfattar med tjueto år bak seg, ein som da også hadde roman, noveller, kortprosa og 214 dikt på samvitet. Foto: Sönder di HP
Denne artikkelen har å gjere med, og følgjer med, førelesinga eg hadde på Litteraturhuset i Oslo 23/1 og dreier seg om Flamme Forlag sine diktbøker i 2015. Flamme har Olga Ravn og andre yngre forfattarar på lista si dette året. Eg kasta meg over Olga Ravns vesle Mean girl (et utdrag). Når eg las boka første gong, fann eg freske munnlege dikt godt gjendikta frå dansk til norsk av Nils-Øivind Haagensen; og dette var ein hendig introduksjon til denne danske forfattaren, som debuterte i 2012. Formatet på 30 sider likte eg. Om utvalet dikt er riktig og godt gjennomtenkt, det veit eg ikkje, sidan eg ikkje har lese Mean girl (ord som elles er ein kjend tittel frå musikkverda) på dansk.

Deretter, når eg las boka om att seinare, fekk eg ikkje heilt det same friske og solide inntrykket som første gong. Først etter at eg las Linda Klakken si diktbok Åtte minutter på same forlag, skjønte eg kvifor lesinga av Ravn andre gong ikkje var like god. Klakken hadde meir på hjartet enn Olga Ravn. Ved første kast verkar Klakken sine dikt små og morosame, men så skjønar ein at boka Åtte minutter er analyse av samliv i praksis, dei er småbarns-familien forstått som dikt, og dei er naturvitskap i praksis, inkludert latin; dette er astronomi og filosofi i praksis, dette er moderne sosialt interessant liv verkeleg, i ei sterk samling, ikkje for stor. Fokusert tematikk, kunne eg også seie. Ein snedig komposisjon blir diktet «to skap» (på side 13), eit katalogdikt som har ei bra ettertid:


Hennes klær
legger jeg alltid pent på plass
undertøy, sokker og pysj
i øverste
bukser og gensere
i skuffen under
så kommer kjoler, strømpebukser og tynne jakker
i nummer tre
t-skjorter, håndklær og skiftetøy
i den fjerde
helt i bånn, det viktigste
Spiderman-drakten

i mitt eget skap
bryr jeg meg ikke
om å holde orden


Sanning og humor finst i diktet. Det er nødvendig. Born sin løpebane, for det er rette kanalen for poesi.

Ei siste jamføring mellom Olga Ravn og Linda Klakken kan eg gjere ved å presentere Ravns - i boka frittståande - korte og elegante mangetydige, men for lite famnande, dikt kalt berre «Dikt»:


Faren min ringer
og spør
hva mora mi skal
ha på seg
på fjernsyn
flaskegrønn kjole
eller jeans


På den andre lyriske sida lyder Linda Klakkens integrerte dikt «natt i Melkeveien» - med astronomien kombinert med barneverda - fulltonande slik:


av alle planetene
i verdensrommet
er hun Venus

så varm
at kinbena gløder
i mørket



Som sagt: I det heile er Flamme, som er nærmaste nabo til Cappelen Damm, forlaget for yngre forattarar, sjå her: Til dømes er Erlend Wichne debutant med Hav, sløyd, Camilla Groth er debutant med dikt som vender seg til utvalde måleri av Edvard Munch, Morten Langeland overraskar i si tredje bok med eit fyrverkeri av stil, og med underleg undertone: Den egentlige kommunen. For berre å nemne fort tre av i alt åtte diktbøker som eg har lese på det mindre forlaget. Utgjevingane på Flamme er brukarvennlege solid innbundne band, som om dei var smarttelefonar.



Og kven har skrive dette diktet om bensin, spør eg deg:



Jeg er en stor Gud
min pris er 3,40 pr. liter
og menneskene slår hverandre i hjel
for min skyld.

Huii!
når ilden har kysset meg
og jernet skjelver: liv!
Da
vet jeg
hvorfor jeg så lenge
lå og drømte under jorden.



Diktet er gjeve ut av ein 21-årig kosmopolitisk finlandsvensk forfattar, Henry Parland i 1929 og blitt godt gjendikta frå svensk til norsk av Jan Erik Vold. For første gong er dei samla dikta til Henry Parland komme ut for eit norsk publikum. Via Flamme Forlag.

Dette diktet kom altså i 1929, og mykje meir kom ut posthumt etter ein 22-årings endelikt i brå skarlagens-feber 1930. Vi kan merke oss forfattaren sitt tilhøve til tinga. Tinga meiner han blir lite påakta jamført med dei mange teoriane om mennesket. Til tinga høyrer også dyra og naturen og verdsrommet. Parlands manifest: «Tingenes opprør», og litt anna prosa, er med i boka og noko som alle må lese, seier eg. Tittelen på boka er: (Selv om) Hamlet sa det vakrere. Vold har funne fram gode utvalde opplysningar og nødvendig bakgrunn, dokument og foto. Henry var eldste son, av ein søskenflokk på søner, i ein familie som han hadde mykje å seie for. I vår tid, eg meiner no, kan poesien og filosofien til Henry Parland vere ein vegvisar og få alt å seie for utviklinga vidare.





*

Herifrå går så «stafettpinnen» - i FØRELESINGA mi - til oppsumering av fangsten. = avsluttande SJETTE DEL