Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Store forlag 

Publisert 2016-01-22 21:58:24, sist endret 2016-04-15 17:28:57

Store forlag

Poeten - og gjendiktaren - Karin Haugane. Foto av: Catharina Caprino.

Fem bøker på Gyldendal 2015 er undersøkte i denne artikkelen skrive til førelesing 23.januar 2016 på litteraturhuset, Oslo.
Karin Haugane har ute diktboka Anna Wunderlichs sang på Gyldendal forlag, som det skal dreie seg om her. Anna Wunderlich skal vere ein oppdikta person (om forfattaren) og opplever som barn familievald og mord og sjølvmord, slik at ho misser båe foreldra. Etter eit innleiande kjærleiksdikt i Anna Wunderlichs sang og eit dikt nr 3 om notida kjem eit dikt nr 5 som eg syner under (Og dette blir altså TREDJE DEL av FØRELESINGA 23/1):



5

Nå i min alders hus kommer skyggene
Glimt av en rasende far, meg som barn
En lengsel, en drøm, blander seg inn
Vondt og godt blir rørlige grå gestalter

Én skygge som fra barndommens lekeland
Én større er fra ungdommens lengselsår
Minner og visjoner slåss nå om plassen
Trenger seg på, griper meg i nakken

Redselen for å bli ensom herjet meg
Å bli forlatt av mor, far, dem jeg kjente
Tålte jeg alt for å unngå tomrommet?

Så var det likevel det som brått skjedde
Mine feilvurderinger gjør i dag verre
De går opp som skygger fra livets måneskog



Heile boka rommar 73 like store og likeforma dikt, dikt som har ein visuell parallell til Petrarca-sonettar. Rytmen hos Haugane er ulik den meir kunstforma jambiske sonetten og byggjer på 4 trykksterke stavingar i kvar line med eit omvekslande tal på lette føter. Rytmen er «bunden» rytme. Men det er ei friare form som passar til poeten sin diksjon og gode rytmesans. Meir likt Bjørnsons «Gamle Heltberg»: «Jeg gikk på en liden, meget pyntelig skole.(...) Den drejet helt stillfærdig i statsmaskineriet».

Fleire har kalt rytmen for sonetterytme, noko som er vill-leiande. Derimot bruker Jan Jakob Tønseth jambisk sonetterytme i boka si av året. (t.dømes: «Jeg ligger i min seng på hospitalet. (...) Nå er jeg sammen sydd og bandasjert») Typisk for forma til Haugane er korte setningar, oftast på ei diktline, gjerne med ein liten stopp (slags cesur) midt i lina. Poeten bruker ikkje enderim i det heile. Viktig er det iallfall at strofene til Haugane gjer monologen sterk og lyrikken temperamentsfull. Karin Haugane overtyder med ei om lag like kraftig eiga poetisk røyst i diktboka si som Terje Dragseth overtyder med i si Jeg skriver språket. Jamfør røyst i diktbok nr to i denne artikkelen.





Her har eg lagt ut om Eirin Gundersens bok på Gyldendal, også denne diktboka er om sorg, dvs familiesorg





No: Hans Sande med boka Kunsten å somle:


Kva med «talande okse»? «Talande okse» minner meg om indianar-namn og er «besjeling» av naturen. Poeten Hans Sande utnyttar dette uttrykket - og faktisk skal det vere eit indianarnamn - til tittel på eit dikt som fører med seg tre (andre) utmerka dikt etterpå, i lyrikkboka Kunsten å somle (s 32). Derfor siterer eg enkeltdiktet «Talande okse»:


I min ungdom levde eg
tre år blant hopiane i Arizona
Dei lærte meg å ri utan sal
gjere opp eld utan fyrstikker
elske utan å kysse

Vi smurde oss inn med raud oker
til vern mot ørkensola
Ved fullmåne dansa vi slangedansen
med små giftslangar i munnhola

Då tunga mi vakna til liv igjen
gav hovdingen meg namnet Talande okse
og sa at no skulle eg vere sjaman
for dei sorgfulle kvite

Eg steig av hesten for siste gong
og smaug meg inn i tipien
Der sat gamlekona og fletta tungeband
til bunaden min
Kom og et, min stumme okse
sa ho og støtta meg bort til bordet



Skal eg seie noko generelt? Boka til Hans Sande - Hans Sande er både psykiater, biletkunstnar og forfattar - blir tilbakeskodande skrive på forteljande og historisk vis, sjølv om dikta er enkeltståande. Elles: Ein «tipi» er eit telt som sletteindianarane i Nord-Amerika hadde (ifølgje wikipedia).

Poeten er tøff i delar av boka. Så er han bitter i andre delar, og blir særleg mørk og deprimerande til sinns i siste del, der eg-personen famlar utan å finne seg til rette. For alt eg veit kan denne delen vere interessant og nyttig å lese for folk som slit med aldring - eller med langvarig kjærleikssorg, slit med å få ord på kjenslene. Mange eldre over ein viss alder støyter på - som vi veit - stadige problem med mistrivsel: Det heile verkar så uløyseleg. I poesi er det mest internasjonalt kjende uttrykket for evig kjærleiksproblem den gamle franske songen «Plaisir d’amour» (Meininga med den, veit vi, er at kjærleikslykka varer ikkje evig, men det gjer trist kjærleik, triste kjensler):
Plaisir d’amour ne dure qu’un moment
chagrin d’amour dure toute la vie

*

Oppbygginga av denne boka frå Hans Sande, ei bok med tittelen Kunsten å somle, er eit kapittel for seg. Eg vil konstatere at diktboka kan ha ujamn kvalitet i delane. Livet går på dunken er hovudmelodien som blir høgare utover i boka. Men til dømes titteldiktet – dette kjem straks på side 13 – er kosteleg og vasstett:



Eg hadde gløymt kunsten å somle
gløymt at føtene kunne vingle
og stoppe opp kor som helst
Eg hadde gløymt ordet velefjør
og at skjora var den vakraste fuglen i verda
med velevipp av grøn smaragd
Eg hadde gløymt å gle meg over bringekassa mi
og skatten ho gøymde;
det fredlause hjartet
Gløymt å løfte opp ein framand katt
og stryke kinnet mot den mjuke pelsen
Eg hadde gløymt å gløyme meg bort
Gløymt å gløyme orda
Gløymt




Tett ja. Dette er definitivt ei nøktern og vakker «liste» over kva ein i livet kan komme til å miste og sakne av kjensler. Dette står fullt ut på eigne bein. Men seinare i Sandes bok skjønar ein så at det dreier seg aller mest om tematisk depresjon og om sorg etter ein kjærleik frå andre som blei borte.

Og der kjem den altfor store tredje avdelinga i boka inn, med (iallfall) 6-8 gode dikt av i alt 23 mange dikt, der om lag halvparten er «middels» dikt. Mellom dei aller siste ni dikta i boka, er det seks middels og tre dårlege, som masar vidare på det same (s 54, 56 og 59), altså ein unødvendig dårleg og poenglaus sluttstrek. Eg stiller spørsmål ved hjelpa forlaget har gjeve forfattaren. Liker det ikkje, men la meg bruke til dømes diktet NEDSMELTING på side 56:


Våren let vente på seg
Han finst der framme
gøymd under dei siste skorpene av snø
Så kjem huda til syne
med blåmerke
isbrann
livlause restar av noko som blømde





Over til T. Harry Schjerven (Torgeir Schjerven) med boka Harrys lille tåre:

1. Uklårt om dette prøver å vere sorgdikt eller parodi på sorgdikt
2. God på freske nyvinningar i rytmen, men alvorleg uklår på det harrye, trong han ha med omgrepet «Harry» i forfattarnamnet, det forvirrar iallfall meg. (Er det ei klage eller eit ønske?)
3. Her stiller eg også spørsmål til forlaget for denne utgjevinga.

Parodi på lyrikarar er eit godt utgangspukt. Men kva med gamle lyrikarar? Blir det like bra. Kva med nyromantikken, blir det like spennande når det blir tatt reprise? Eit språk fylt med inversjonar i setningane, litt kunstige setningar tilpassa det lyriske opplegget. Men kvifor parodi på dette, da er det iallfall ikkje eit «harry» utgangspunkt.

Parodi på dikt om avdød mor, er han harryaktig da, eg berre spør. Kva som er harry i landet i dag, er meir uvisst om vi følgjer denne diktboka. Eg tenkte på ulike ting, men fann ikkje noka folkpark-stemning, det var lite country eller cowboy eller svenskehandel. Men han har med svenske innslag. At Schjerven, som vi veit også kan produsere treffande humor er ei anna sak. Innimellom treffer Schjerven med ein god sjølvparodi, men det er ikkje parodi på den harrye sida hans (som han ganske sikkert har).

Poeten har halde på lenge med boka kanskje, men utan ein grundig debatt med forlaget som kunne skape ei plattform. Kva er temaet? Om temaet i boka blir lyrikken i landet, så treffer han ikkje godt, korkje rett på diktboklyrikken eller rett på folkelyrikken (som kan vere ekte harry). Om det er livet som er temaet - ? Det er det ikkje, berre i mindre grad. Sorga er nok nærmast, han nemner elles stadig at han ikkje fekk oppseding av mora. Men han blei ikkje harry av det i denne boka. Sidan Schjerven gav ut lyrikk sist, for ni år sidan, har det skjedd ei stor endring i den norske lyrikk-estetikken. Her kunne Schjerven komme inn med eit frisk pust no. Men Schjerven er heller repeterande rundt seg enn heilt i front med moroa, enda han skriv komisk og moro innimellom, i Harrys lille tåre.

Her er titteldiktet i boka, side 54:

Når gledene i svanger bølge
løfter seg og bryter
inn i salte dråper
presset ut av savn

og jeg leter etter kinn og kyst
for innslag av en stillhets
bølgelengde, hender det
jeg roper ut et navn

på en henfaren og må le
i oppflødd egenlystighet,
da havet gir meg grei beskjed:
Harrys tåre rommer lite


Prøver han, med boka, å seie at sorga ikkje er særleg reell eller er overdrive? Med ein peikefinger til dei mange sorgdokumenta som vrimlar? Prøver han å kimse av eller gå imot sorglitteraturen i dag? I så tilfelle går han imot både mykje som er ekte harry og imot tilgjengeleg vitskap om sorga. Kjenner poeten (på) seg sjølv? [Ps 3/3-2016: Det «harrye», utan ironi, finst i stor mon gjennom Rune Tuveruds gjennomførte diktbok Foran Orion på Cappelen Damm 2015.]





Det var T. Harry Schjerven, for min del (ved dette høvet). Deretter går eg straks vidare til den mest kjende og aktive poeten på Gyldendal, Øyvind Rimbereid, den leiande poeten i norsk lyrikk, med 2015-boka Lovene:


LOVENE er eit glimrande tema for Øyvind Rimbereid, eit stort og nødvendig tema for samfunnet, eit tema som også er nokså underkommunisert i norsk lyrikk, etter Gyldendalpoeten Rudolf Nilsen! Ja, Rimbereid er Noregs leiande poet i dag etter utgjevingane Solaris korrigert og Herbarium og Jimmen. 1915-boka Lovene kjem berre to år etter Orgelsjøen, og no har poeten vore for rask på foten, ser eg. Midtdiktet i Lovene, «Hva veier en urett» er eit kunnskaps-basert fantastisk dikt på 65 sider. Når dikta som kjem føre og etter «Hva veier en urett?», ikkje på langt nær er så fokuserte og vellykka, så kunne han ha nøyd seg med ca eit dikt føre og ca eit dikt etter hovuddiktet. Såleis hadde han greit fått eit av dei tre beste diktbøkene i 2015. No har eg – i undersøkinga mi av diktbøkene i 2015 – gjeve boka ein tolvteplass som også er bra, men langtifrå bra.

Det finst grunnar til å trykkje dei dikta som eg ville ha tatt ut; ein god del av dikta var resultat etter eit tinga oppdrag til ein jubileumskonsert, og ga kanskje inspirasjon til å skrive «Hva veier en urett?» Men det hjelper likevel ikkje på kvaliteten på det som er plassert på eigne bein i boka. Det er stor skilnad på eit tvilsamt bokdikt og eit framifrå bokdikt.

I smådikta saknar lesaren t.d meir freistande aktualitet eller meir velkjend aktualitet. Kan nemne i fleng lover i Russland mot homoseksualitet, lover for dei multinasjonale selskapa mot suverene statar, EU-lovene om budsjettmål i krisetid; kan ramse opp lover mot terrorisme, lover mot diskriminering, «beredskapslovene» i Noreg, menneskerettane. You name it. Og slik: Heller ikkje spesifikke moderne grenser for det sedelege eller ekteskap eller t.d lover for sal av alkohol eller aldersgrenser for å føre motorkjøretøy er tekne inn i poesien om lovene. Slike spesifikke offentlege tilhøve kunne godt vore utgangspunkt for det poeten hadde på hjartet om soga og livet. Øyvind Rimbereid gav for hurtig frå seg manuskriptet sitt, når ein tenkjer på kva som låg i kim i temaet, i det store temaet lovene.

Vi byrjar på nytt igjen: Det er merkeleg lite konsentrert rundt Lova, kva som er lova (konkret), og kva som er sanksjonen eller straffa, lite framme i dei fleste innleiande og avsluttande dikta. Der er heller usikre kjensler og brokker av barndomsoppleving, ei tid da lova spelte ei klårt mindre rolle i høve til omsorg eller vennskap eller kameratskap! Framstillinga verkar altfor usikker til å vere levert av ein poet som Rimbereid.

Derimot, inne i det svære midtdiktet på mange, mange sider, der poeten er gjennom ulike historiske samfunn, der verkar framstillinga svært sikker og innbydande fargerik og gjevande. Det er synd da at den nye lesaren av boka vanlegvis byrjar først i boka eller hoppar til avsluttande konkluderande dikt eller også ser etter korte overkommelege dikt å starte med, for å få eit innblikk i kva boka dreier seg om, og så blir altfor fort skuffa… Kor forlaget for Lovene har vore, det kan eg (vi) ikkje fullt ut vite. Men det må ha vore på ein annan planet.





Ps 3/3-2016
Etter diktbøkene på Gyldendal å dømme har også dette forlaget hatt sterke poetiske personlegdomar i poet-stallen og lovande manus å jobbe med i 2015 (2014) men har svikta meir enn Cappelen Damm gjorde med sine tilsvarande gode utgangspunkt. Det verkar som om Gyldendal generelt har vore passive mottakarar av diktstoff og ikkje gått konkret inn i hovudsakene i manusa (i dei fleste av dei).







*

Denne kritiske omtalen av bøker på Gyldendal Forlag blei - i FØREDRAGET 23/1 - følgd opp av ein analog gjennomgang på Samlaget. Og altså FJERDE del av føredraget om diktbøkene i 2015.