Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Ei stor hending

Publisert 2015-08-25 12:27:06, sist endret 2016-01-08 19:52:10

Ei stor hending

Folkeleg surrealisme frå Torgeir Rebolledo Pedersen
Ei mykje omtalt utgjeving i år, er den rutinerte og eksperimenterande poeten og artisten Torgeir Rebolledo Pedersen si bok Åstedsblomster.


1. Du blar opp. Det startar for så vidt kronologisk og tradisjonelt med kjernefamilie og søneforteljingar. Alle menneske har ein barndom og ein pubertet. Det er rett. Og denne første tida går aldri heilt etter oppskrifta som folk hadde inne i hovudet sitt, og denne første tida set seg oftast dessverre skeivt på minnet etterpå, fordi ein mangla noko å måle med når det skjedde ting. Familie-konstellasjonar som rett mange vil kjenne seg att i, trur eg, det byr Åstedsblomster på.

På nettet er fire dikt heilt i byrjinga av boka

Neste del: Ikkje på grunn av plot eller samanhengande soge, - men fleire rikhaldige motiv gjer at ein følgjer betre med her. Etter kvart blir boka ein page-turner. Kva er det som skjer? Boka handlar om livet, boka handlar om livet frå den augneblinken som det skjer nok med ein viss person. Så enkelt er det. Det syner seg at breidda i motiv gjennom dikta heller blir ein fordel enn ein mogleg distraksjon for lesaren.

Dermed blir ikkje minst tilhøvet til føregåande generasjon, og spesielt til faren til poet-sonen, gjeve ei ny og utvida meining, og tilhøvet er blitt enda betre skildra på det viset i denne boka, enn den same poeten har makta i tidlegare utgjevingar. For her kjem poet-personen sitt tilhøve til den nære og tidvis fjerne sonen inn...


2. ÅSTAD er ein stad der partane samlast. Ordet åstad smaker av tvist og oppgjer, og ordet er både teknisk og vitskapleg og har samstundes noko uforsonleg eller delvis skjebneskapt (som blir krinsa inn). På desse «stadene» i livsløpet er det også blomar og blømande bilete i boka. På stadene der poeten har vore, blei eit liv til, eit liv har gått føre seg heilt breitt og interessant, absolutt vanskeleg og med nok motbør, men med alvor.

«Steder gjenoppstått» er også eit uttrykk frå boka. Og denne røynsla er same kva noko som skjer for alle eldre menneske. Mange hendingar kjem poeten fleire gonger tilbake til i diktboka og i forfattarskapen. Og meir enn det. Omgrepet «åsteder» er brukt, ser eg, i sjølvaste titteldiktet i boka Erfaring og forsvinning frå 2010, slik:
(...)
åsteder er vi
og steder stedt til hvile
(...)
Da var forfattaren 61. Dei sterkaste og ømmaste opplevingane og minna skal det likevel mykje til for «å stede til hvile», for å låne dette høgtidelege og sakrale uttrykket.

Rebolledo Pedersen er frapperande spissformulert og slagferdig alltid, tenkjer eg som les, han er støtt munn-rapp og skarp i fortid som i notid. Og poeten har fått noko stort å skrive om i skrivelivet sitt og ta ansvar for, noko som treng stadig nøyaktige detaljar.

Rebolledo Pedersen er surrealist i språket i sine mindre «utsnitt». Han har vore spesialisert og hekta på eigen språkbruk liksom Triztan Vindtorn var på sin bruk. Like metta i det brukte ordet og full av overraskande snurrkast. Hos Rebelledo Pedersen er det likevel større hang og kjærleik til kvardagsspråket, vanespråket vårt som – rett lese – rommar ei ovstor mengd av faste uttrykk og vendingar som komprimerer den almenne røyndomen for oss alle, om vi enn gløymer det i vanens sterke automatiske makt.


3. Særleg to typer bruk av (eller kritikk av) faste uttrykk gjer seg gjeldande hos RP. Det er dei trykkfeil-liknande som nettopp ikkje er trykkfeil. Tvert imot syner demonstrativ trykkfeil, eller ei godtatt forsnakking eller god lesefeil, same slags tiltru til feilreaksjonar som forskaren Sigmund Freud synte fram og analyserte. Og det oppstår også dei midt imellom vanleg biletbruk og ekstremt trykkfeil-liknande godsakene: Til dømes tittelen «Kropper fødes sjeles på» (s 12). Her blir dei svært innarbeida språkuttrykka sele på/ sele av utnytta av poesien.

Nett mange døme på også det enkle i ord finst, slike ord som dikttittelen «Mors ensomhet»,
Poet Torgeir Rebolledo Pedersen er fotografert av Bjørnar Øvrebø.
i diktet på to heile sider med følgjande passasje lånt ut:
(...)
men mor er ikke hel ved
mor er av ymse virke
indianer og spanjol
svensk og norsk
sky og tilknappet og åpen og frivol
sansbar dansbar skjør og selvbevisst
vi holder veldig av mor
(...)

4. Tida er inne til å få sitere eit fullstendig dikt. Diktet heilt gira ned til viktig «knagg». Diktet kjem direkte etter det sceniske titteldiktet, «Åstedsblomster». Og det er eit dikt med tittelen «En knagg har navnet ditt». (Vi les da s 35)

En knagg ved døra her på badet
har navnet ditt
knaggen din barndom
hang og slang på
en knagg i meg som metafor for deg
å henge minner på
min engang innadvendte
magre lille sønn
hvor hadde du forsiktigheten fra
om ikke fra meg?

når snudde det?
da du tok mandlene og la på deg
åt og åt og satte blikket
rett i alle og nesa på en sky?
eller da du fikk en bror å være stor for?
du som knapt
fikk tørket av deg valpefettet
før du gikk ut av tiden

men knaggen her har navnet ditt
håndkleknaggen etter deg
her alt henger på knagger
som spørsmål etter deg


Dette diktet er inngangen til fleire andre minnedikt om same person... Skrivemåten kjem ikkje enda meir blendande teknisk dyktig etter kvart i boka, som sagt. Men skrivemåten og innhaldet slår, og han er treffande i dei høvesvis mange lengre dikta, der eit fleirtal av dikta i boka er to sider lange. Og det er bra og bra her og her. Poeten både tilpassar seg tida og bruker nye gode sider hos seg. Og det held i massevis.


5. Han har utvikla sin generasjonslyrikk hittil. Men han har tilpassa seg suget etter det røyndomsnære og det som lett kan dokumenterast. Og ikkje for å mele noka kake.. Rebolledo Pedersen høyrer til dei i aldersgruppa si som tok god eksamen, men brukte han ikkje, ikkje direkte, og klarte seg heller med eit lite utkomme. Ei framferd som kom brått på foreldreideal...

Rebolledo Pedersen kastar mykje nytt lys over eit generasjonsskifte etter krigen. Poeten syner at ingen av generasjonane, korkje foreldra eller avkomet, skjønte at dei, trass i usemje og den sterkt skiftande tida dei alle levde i, likevel var lojale mot kvarandre, og boka hans syner også korleis dei, trass i kollisjonar, var lojale mot kvarandre. Denne lojaliteten gjeld like mykje, ser det ut til, for den unge ml-generasjonen, dei som laga «eigen butikk» politisk. Hos Torgeir Rebolledo Pedersen er iallfall all mogleg lojalitet uttrykt, inkludert kjærleiken. I Åstedsblomster finn lesaren sider av dette.


6. Poeten sin debut i 1983 var ein svært mogen debut. På sommaren i 1982 sto vi to i Raud Front saman på sommarscenen, før Rebolledo Pedersen debuterte året etter med boka Tidr. Dette var ein «variant» av ordet tider, i eit rart titteldikt som godt kunne følgje opp Jan Erik Volds feira stavingsdikt «kulturuke», nemleg konkretdiktet døypt «knape tidr». Diktet tok jappetida på pulsen på frapperande måte. Torgeir Rebolledo blei straks (dvs 1984) eit sjølvsagt medlem av dei aksjonerande stuntpoetane, saman med bl.a nemnde Triztan Vindtorn og Karin Moe. Diktet «knape tidr» var ein direkte inspirasjon for stuntpoetane sine språklege og materielle aksjonar.

Sterkt tverrkunstnarleg frå første stund var han; han hadde sjølv illustrert debutboka si. Gåverik på ein måte som tidene og bransjen gradvis har blitt klår for, og energisk har han falda seg ut, som poet og tekstforfattar og artist, bl.a som musikkartist. Sjangrane i artistlivet hans har eg likevel berre overflatisk kjennskap til. Utdanna arkitekt var han, må eg nemne, og han skriv interessant om dette i diktet «Himmelbrev til far» i Åstedsblomster (s 20). Sørg for å lese diktet, som byrjar slik, og tenkj gjennom det:


Ditt største ønske for meg
var at jeg måtte bli arkitekt som deg
et ønske som ble innfridd fort
og fort forrådt
ditt nest største ønske
fikk du heller ikke oppfylt
men jeg har oppfylt det
sju år etter at du trakk ditt siste sukk
er jeg her for deg
i det St. Petersburg du så i alt du leste
(...)





Ps 17. oktober 2015:

Får du i hende Dag og tid for denne veka, så har du der eit utmerka intervju av Ronny Spaans med Torgeir Rebolledo Pedersen.