Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Feminismen i diktet?

Publisert 2015-08-04 16:05:00, sist endret 2015-11-25 10:32:19

Feminismen i diktet?

Norsk poesi si Astrid Hjertenæs Andersen (1915-85)
Nettet har vi til å søke på. Eit manglande svar fortel oss også noko... Resultatet kjem betre ut på dei aller fleste søkeorda enn på «dikt om feminismen». Eg var nysgjerrig på nett desse orda (som ein eller annan på nettet hadde brukt), og resultatet fortel meg noko. Eg byrja å tenkje etter: At ikkje mange seier det i dag på den måten: «feministiske dikt» eller «feministisk poet». Alf Prøysen og Marie Takvam var feministar for meg når eg skreiv om dei på nettet (på denne nettstaden) og brukte ordet. Du treng ikkje vere skolert litterat for å forstå kor landet ligg.

Ja, eg brukte tid. Eg leita gjennom hovudet mitt for å kunne finne der eksplisitt feministisk vurdering av diktbok - iallfall gjort lenge etter nittensyttitalet. Det var ein svært vanskeleg affære. Det blei det. Feminismen var gjennom år uglesett som ord og storleik i lyrikken.

Doktorstipendiat (på Prøysen) Bjørn Ivar Fyksen har stilt det skarpt når han skriv om feminismen i bøkene på 1970-talet og deira skjebne, i Klassekampen (27/6-2015). Og Fyksen kommenterer ein aktuell debatt når han tar utgangspunkt i den svenske litteraturhistorikaren Ebba Witt-Brattström, slik:
Witt-Brattström hevder overbevisende at i 1980-årene ble det foregående tiåret plutselig betraktet som en litterært betydningsløs epoke - besudlet av politisering og trang til «privet bekännelse» - og «erfaring» og «budskap» ble nedvurdert til fordel for autonomiestetiske forestillinger om Skriften og Den Rene Teksten: «Ett fälttog innleddes mot föreställningen att mänsklig erfarenhet kunde förmedlas litterært».   
Slagordet i den litterære debatten frå 1980 blei ofte eit uspesifisert ord som «kvalitet». Dette ordet trumfa alt. Det hugsar eg godt frå parnasset. Eg stritta imot. Sjølv har eg aldri meint og forstått eller sagt at kunsten og litteraturen frå 1970-åra var elendig, sjølv om parolemakeriet i teorien kring Yenan-talen av Mao Tse Dong gjorde det vanskeleg for den litterære stilen min (den frå 1960-talet)... Her skal eg få sitere nok ein del av Bjørn Ivar Fyksens bruk av Ebba Witt-Brattström og den langvarige «kulturkampen». (Framleis planka frå Klassekampens litteraturmagasin 27/6):
I et intervju med Witt-Brattström før jul lurte Bokmagasinets Karin Haugen på om nedvurderingen av 70-tallet kunne ha sammenheng med «modernismeideologien - tendensen til å bruke modernismens kvalitetsbegrep også på litteratur fra andre tider». Jeg tror Haugen her er inne på noe. Modernisme-ideologien - et begrep fra den marxistiske litteraturteoretikeren Fredric Jameson - lever til dels også i dagens litteraturkritikk og rammer ikke bare «kvinnelitteratur», men all litteratur som bryter med modernismens formidealer, og som framhever økonomiske, sosiale, historiske og politiske aspekter.[...] Så langt Bjørn Ivar Fyksen.
Ved lesing og diktkritikk kjem alment ei borgarleg frykt, ei frykt for klåre ord uttalt om økonomiske, sosiale, historiske og politiske tilhøve, dette er ei frykt som har halde seg i tiår etter tiår etter det særlege 1970-talet. God litteratur har mange kvalitetar, også språklege, meiner eg. Men eg klagar, før og no, over at sære litterære idéar om det Reine har gjort mykje skade, særleg for lyrikken. (Men ei suppe er heller ikkje bra, tykkjer eg.)

Diktet i «Nytt» på nettstaden nyleg (30/7), det sentrale diktet «Fiolette stammer» av poeten Astrid Hjertnæs Andersen, var eit døme på feminisme, meiner eg. La meg sitere diktet også her:

FIOLETTE STAMMER


Fiolette stammer. Ditt bilde.
Grønne sletter mitt svar.
Fiolskygger faller på mine øyelokk.
Et rosa skimmer på min munn.

Igjen kan jeg legge min hånd i din.
Gå inn mellom stammene.
Inn i en samtalestund. Ditt bilde.


Når Jan Erik Vold brukte diktet i ei bokmelding 1973 (om samlinga Rosenbusken), la han vekt på noko anna (noko som var eit stort fokus for Vold på den tida), nemleg at poeten var «trådt ut av sine dikt» og «latt diktene igjen uten en eneste jeg-tanke». Det samansette tilhøvet mellom mann og kvinne - ikkje berre det gode «samveret» (som Vold noterer seg) - er viktig del av diktet, tykkjer eg. Poeten legg meir i motseiinga mellom «fiolette stammar» (mann) og «grøne sletter» (kvinne) enn eit personleg opplevd parforhold. Diktet teiknar kvinners observasjon i samfunnet.

La oss gå fram til i dag i Noreg. Ja, feminismen trengst i likestillingspolitikken i dag under det blåe statsstyret. Kven skal ta opp feminismen - i tillegg til politikken - om ikkje litteraturen? Gløym no at lyrikken følgjer konservative spor, omtrent slik som ein musikkpreferanse eller ein favorittfarge kan te seg for eit vanleg menneske. Ta alvorleg at lyrikk er grunnforsking for nødvendig politikk, slik vitskapen er! Eit heilt anna aktuelt døme å tenkje over: Da veteranen Torild Skard fekk den oppgåva i FN å fremje kurs for kvinner som burde kome lenger opp i FN-systemet, synte det seg at kvinnene aldri hadde høyrd om mannlege hersketeknikkar! (Igjen avisa Klassekampen nyleg.) Vi er komne kort.





Ps 5/8-2015:

Bjørn Ivar Fyksens artikkel som eg siterte frå, romma også ei tilvising til kvinnerepresentasjonen i dei store tidsskrifta Vinduet og Vagant sine siste nummer og ei påminning om at Karl Ove Knausgård si litteraturliste i Min Kamp 6 mønstra 47 menn og 5 kvinner. Men Fyksen påpeikte samstundes at debatten må halde seg på institusjonane, kulturen og ideologiane og ikkje rundt dei enkelte aktørane sine ulike motiv.