Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Liste over omtalen

Publisert 2015-03-06 09:34:51, sist endret 2015-03-06 11:58:06

Liste over omtalen

Ei medisinsk attgjeving av hjernen plassert hardt på framsida av Anne Helene Guddals diktbok Også det uforsonlige finnes
No før februar gjekk ut, fekk eg hug til å gjere ein sluttrekneskap for omtalen min av diktbøker i 2014... Kan hende ein rekneskap for dei av oss som vil tenkje over innhaldet i poesien og det gode tilbodet frå poesien... Så skal vi sjå kva som kjem ut av det.

Dikt kan ha tendens, meiner eg. Først i artikkelen noko om tendensen til å kunne vere poetisk direkte og skånselslaus i livssamanhengar. Tanken går da på ein frigjerande realisme for oss som samfunn. Dette er ikkje noko eg har leita etter for å finne fram til. Det dukkar opp i litteraturen. Og det reelle berre skjer rundt oss i den kommensurable verda. Poesien observerer og serverer noko av dette. (Kommensurabel dukka opp i medvitet, mellom mine nesten gløymde realfagsord, og tyder noko som klårt kan jamførast.)

Av poetane i 2014 blir også dei tematisk tette komposisjonane, det som starta opp i det nyorienterande 2000-talet, framleis følgde opp. Ein som rår godt med eit slikt format (og har rådd svært godt med det også før) er Arne Hugo Stølan. Han gjer det igjen i boka med den konkrete boktittelen Epikrisepoesi. Den nye boka leverer allereie på baksida av omslaget - med påminning av Stølans førre diktbok: den om dansing - det fullendte dansegrepet-diktet «hospicejulebord». Og frå side 54 hos Stølan kan eg sitere den nokså «tøffe» tonen og den heldigvis tematisk tette skildringa i diktet om kriseområdet sjuk/daud:

(kreftpasient)


der i sengen
mens kroppen rykker og sliter
som om den har nappet
i et brutalt og luftig fiskesnøre
renner strømmer av piss
og drit ut av han

og fra munnen alle ordene
han aldri fikk si

de vellystige mørke forbudte
ordene som inntil for bare
noen dager siden
ble straffet konsekvent
av henne som driver
avdelingen

nå er det ingen
som straffer ham

nå får han lov

hele kroppen munnen
tarmene all verdens
eder og galle
den store sorte elva
som har demmet seg opp
i ham

alt får lov
til å tømme seg nå

og vi står her
ved sengekanten


Note her: Epikrise er noko teknisk, men viktig i legepraksis. Epikrisen er ein slags oversikt over pasienten, ein oversikt som fastlegen skriv. Sjukehuslegen gjer det same for pasienten, skriv epikrise, så vidt eg veit.

Noko av det sterke som vi møter hos Arne Hugo Stølan 2014, møter vi i opningsdiktet hos debutanten Thea Trøen Bjertnes i henner bok Vi står her, ein poesi som spelar på det biografiske og sjølvbiografiske og har eit kart over bydelen Røa på omslaget. Også dette er noko teknisk og viktig i samanhengen. I boka Vi står her er relasjon viktig:

ingenting å snakke om

Jeg stirra på nattbordet, på nakken hans
prøvde å se at han var glad i meg
at han var min far
laknene var våte

jeg kan ikke se New York

han dytta meg vekk
da han var full i går
han kunne ikke snakke
for han lå over doskåla

jeg blunker i det skarpe lyset


Som kanskje enkelte lesarar alt har merka, har eg med diktbøkene i året 2014 gått over til kortare omtaler og introduksjonar. For det meste. Det er eit val eg gjer på nettstaden. Framleis får eg sjansen til å sitere heile dikt for lesarane og på enkelt vis melde frå om bøker som er komne ut.

Her er eit knippe på ni tilrådingar som eg samla den 2. desember av dei interessante diktbøkene som kom i fjor. Da er eg til saman oppe i 11 omtaler av diktbøker frå bokåret 2014. Og eg har eit par like interessante og gode bøker på lager frå nettstaden sist i desember, her på lista:
12) gjendikta (av Liv Lundberg) palestinske Faiha Abdulladi: En regnbue

13) gjendikta (av Arne ruste): engelske Wilfred Owens Guten og våpna og politisk kunst
Og deretter, i januar og februar, hadde nettstaden enda noko meir på taptetet (Grunnen til at det tar si tid for meg å ordne omtale, er delvis at det gode lokale folkebiblioteket først må få diktbøkene sende over til seg og deretter gjere dei klåre til utlån for oss som ventar. Og dette tar månader.):
14) gjendikta (av Jan Erik Vold) Lawrence Ferlinghetti sin Og Homer kom, så ut som Odyssevs

15) (jubilant) Einar Økland: STATSMINISTER-BOKA

16) Margaret Skjelbred (med eigne sonettar): Det lir mot kveld


________
Først i dag (3/3-15) fekk eg hand om Anne Helene Guddal sin debut: Også det uforsonlige finnes, ei diktbok som det finst stoff om på nettet; ikkje så reint lite heller. Til dømes hos Freddy Fjellheim. For fleire lesarar, også for meg, så er Anne Helene Guddals dikt, om dei enn er mangesidige, direkte lette å lese. Og på side 50 i diktboka møter eg igjen epikrise i ein diktsamanheng:

I epikrisen har psykologen skrevet at pasienten er sym-
patisk og ressurssterk
. Pasienten har dessuten en følsom
natur
. Bedømmelsen serveres med et oppmuntrende
smil, som for å si: Du har bestått personlighetstesten
med god margin. Du er syk, men ikke ond.