Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Destruerte familiar

Publisert 2014-10-14 20:28:20, sist endret 2014-11-03 20:21:44

Destruerte familiar

I 2005 kom Winter in Prague av Gerda Mayer. No er ho gjendikta til norsk av Klyve i samlevolumet Alle blad har mist sitt tre.
Gerda Mayer er i dag 87 år, ho flykta som lita til England frå Praha. Odveig Klyve har gjort eit utval av Gerda Mayers dikt og gjendikta dei til norsk (for eit år sidan).

Utvalet fekk ein fin boktittel, og han er poetisk og sann: Alle blad har mist sitt tre, ei formulering tatt frå eit Gerda Mayer-dikt. Heile familiar var borte, det er poenget, berre enkeltvise overlevande, slike som Gerda (fødd Gerda Stein).

Gjendiktaren har gjort eit utval bygt på eit langt forfattarskap hos Mayer, det er eit utval som spelar på det aktuelle i dag og samstundes dette aktuelle i Noregs eiga soge frå krigen. Og det aktuelle kjem også frå det at Gerda Mayer gav ut ei sjølvbiografisk bok Winter in Prague i 2005 om tida då familien hadde flykta frå Karlsbad til Praha vinteren 1938-39, dette var dramatiske nazi-opplevingar.

Når eg les går tankane mine derfor vidare til flyktningen Ruth Maier, som døyr under nazi-styret i Noreg og er godt kjend i dag på grunn av det langvarige bokarbeidet til Jan Erik Vold. Og eg ser føre meg den norske overlevande – og seinare diktardebutanten – Gunvor Hofmo og tenkjer på ny på hennar fåfengde strev for å reise opp minnet om Ruth Maier i Noreg og dermed minnene om dei andre norske jødane.

Ja, utgjevinga av Gerda Mayer i Noreg aktualiserer kva nordmenn gjorde føreut for uttransporteringa av jødane i 1942 med det 12300 tonn store lasteskipet Donau, skipet som seinare under krigen fungerte som troppetransportskip for tyskarane og til slutt blei senka av folk frå kompani Linge. Dikta aktualiserer samstundes kva Storbritannias statsminister Chamberlain gjorde i 1938 med Tsjekkoslovakia og dermed med dei tsjekkoslovakiske jødane. Dei blei ofra i det falske pr-stuntet til den konservative britiske statsminiseren. Det var eit dobbelt svik.

Og: Ein kan også spørje: Kven blir ofra i Irak og Syria? Kven blir ofra under notida sin globale maktkamp? Er det kurdarane?

Gjendiktaren Odveig Klyve, som er avantgardist, har tidlegare gjendikta palestinsk poesi til norsk. Og her vil eg først låne eit dikt av Mayer, der Klyve som gjendiktar får god bruk for si eiga røynsle med kunstnarleg vellykka diktbok om ei alzheimersjuk mor, dette er Mayers dikt «DEN UFØDDE (2)»:

Eg drøymde at eg hadde fødd mor mi;
Ho låg i armane mine dødsstille.
Så tynn du har blitt mor!
Varsamt
legg eg henne frå meg.

Våren kjem, ikkje meir
utålmod og håp. Gjenferda
på den andre breidda som ropte
for å bli fødde på ny
har drive bort.

Lethe-elva er tilgrodd av ugras.


Ein teori på dette: Avantgarden i kunsten sette lyset først på samfunnsplanleggjing og mennesket sin fridom fått i høve til arbeid for alle. Vidare sette avantgarden lyset på slike menneskelege tilhøve som global kontakt eller forbrødring over kultur og landegrenser. Og proletariatet sto for kontakt og forbrødring. Men i dag har avantgarden enda fleire oppgåver. Ettersom kapitalen globaliserer seg stadig meir handel og riv opp det aller meste, så må avantgarden også sette lyset på kva nære slektsband sine verdiar går ut på utanom økonomien. (Og elles på kva personlege vennskap går ut på). Dette har Odveig Klyve forstått, meiner eg, i dikta sine og i gjendiktingar.

Ved neste dikt, som er nr 2 i utvalet av Gerda Mayer-dikt, må ein ikkje gløyme at eg-personen i diktet, helst Gerda, er fødd i 1930 og at forfattaren - mange år seinare - går inn i leiken mellom dei to, barn og vaksen:

UTVANDRINGSLEIK
VINTER 1938/39


Vi traskar der i Praha mor og eg.
Ho knyter hendene i snø som fell.
(Går utan hanskar. Har ho ikkje råd?)
Snø sirklar om oss som ein karusell.

Vi leikar med ein pose fylte kjeks,
Eit spel om utvandring: Er kremen brun
då blir det England, kvit må vi bli her,
om gul, Australia. Snø fell som dun.

Eg får ein brun og mor har fått ein kvit.
Med rett rygg går ho, la oss prøva igjen.
På bein med åreknutar, sko med hæl.
Ho går så djervt, men lukkast ikkje enn.

Frå konsulat til konsulat ho trør.
Ikkje meir leik, men nye brev på veg.
Når mars kjem, sperrar fienden kvar sti.
Ikkje eit spor av henne når dei dreg.

Knuste blir tid og von av deira steg.


Det neste og siste diktdømet mitt treng eg ikkje vel ikkje kommentere? Eg tykkjer iallfall at SUNT VAL er eit godt dikt. (Og eg har ikkje lese diktet på engelsk.)

SUNT VAL


Av dei to epletrea i hagen min
ber det eine sunn, men tam frukt.
Epla på det andre treet
er makketne og søte.

Om du du måtte velje
spør eg ein ven
Kva ville du helst vera?

Det søte og makketne eplet
svarar min tamme, men sunne ven.



Epilog i Praha og Budapest


I byen Praha, nokså midt i staden faktisk, finst ikkje uventa ein eigen jødisk kyrkjegard. Dette såg fleire av alle oss 41 forfattarane som var på felles vitjing til Praha i 1992 med ein Forfattarsentrum-buss frå Noreg. Og kyrkjegarden var liten, men hadde kompakt med steinstøtter. Og overalt låg det mindre steinar, som vitjande hadde lagd kvite lappar med helsingar under, dette var meldingar som ein fritt kunne lese på kyrkjegarden. Rolf Fredheim, Jan Eggum og eg budde forresten privat medan vi var i byen, med ei velhavande husvertinne som var i overkant engsteleg for romfolk.

Ny tid og ny stad kjem: Når Aud og eg landa i Budapest sist månad, kom vi tydelegvis til ein austeuropeisk storby frå det gamle keisarriket si tid, ein by som sterkt kunne minne om Praha, med ein godt bevart og svært høg arkitektur- og skulpturfaktor... Budapest hadde så mykje som 20 % jødisk folkesetnad før pro-nazistyret sette inn. Ein dag da Aud og eg var midt i byen – bak parlamentet – og søkte mot park og open plass, gjekk vi inn på Fridomsplassen, der blant anna eit mektig monument over sovjetmakta si frigjering av byen (heilt mot slutten av verdskrigen) tronar med sine fullstendige sovjetsymbol framleis. Litt lenger borte i parken såg vi nokre moderne springvatn-søyler som sto og bruste. Vi gjekk dit. Ved springvatnet hadde ungdommar sett opp ein slags minnevegg med jødiske symbol og med høve til at publikum kunne levere sine helsingar, bøner og kommentarar, nett slike ord som eg såg på lappane i Praha.

Dette hadde folk funne på fordi ein meinte at dei medskuldige for jødeutryddinga under krigen framleis ikkje hadde fått sitt anstendige ansvar lagt på seg (forsto vi). I Gyldendals TOP 10 reiseguide står det at 600 000 jødar i Budapest blei drepne av nazistane og vidare at berre relativt få jødar er busette no i Budapest (i 2013). Dette enda - tenkjer eg - heile Europas største og verda sin nest største synagoge står i Ungarns Budapest - i den fordoms rike og alltid vakre byen - og ventar.



Og ps:

I desse dagane har den norske journalisten Marte Michelet komme ut med eit solid forskingsarbeid, Den største forbrytelsen, eit verk i forteljande form om nazistane si utsletting av dei norske jødane under krigen som vil få mange lesarar.