Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Gøyme avantgarden?

Publisert 2014-08-01 15:43:23, sist endret 2014-08-03 15:13:04

Gøyme avantgarden?

Martin Tranmæl i DNA. Han var viktigast i mellomkrigstida.
Eit land som grev fram avantgarden? I mai dette året var det eit nytt seminar om avantgarde her i landet. Ein paneldebatt på seminaret kom inn på kva som var grunnen til at ein faktisk dekte over avantgardeverksemd og avantgardeimpuls i Noreg i mange tiår (med det resultatet at slikt i Noreg var sett på som bortimot ikkje-eksisterande heilt fram til tusenårsskiftet).

Dette er merkeleg. For samstundes var jo både kunst og litteratur i Noreg tidleg ute i sine ærend tiåra mot 1900-talet. Da kom realismen i Noreg tidleg, deretter følgde dei originale pionerane i kunst og litteratur : Obstfelder, Uppdal og Edvard Munch. Kontakten med Europa hadde innimellom vore tett. Seinare har det funnest mange sambandsliner som stadig blei utegløymde. Og på 60-talet var - utan at det blei sagt - både kunstliv og litteratur i Noreg som heilskap ganske så prega av den klassiske avantgardismen i praksis, om enn dei mange tilsvarande manifesta for retninga mangla.

Ja, korfor, etter eit såpass godt utgangspunkt på 1800-talet, snevra norske miljø seg inn og framandgjorde seg overfor avantgardemiljø i Europa - ? Seminaret, som blei halde på Litteraturhuset i Oslo, var inne på blant anna «husmannsånd» og sosialdemokratiet i Noreg som moglege årsaker til innsnevringa. Stoda var ei ganske anna i det svenske sosialdemokratiet. (Kjetil A. Jakobsen i Norsk kunstkritikk.)

1) Husmannsånd i Noreg?
Bondeopposisjonen på Stortinget, med Jaabæk i leiinga svært lenge, ville nødig bruke altfor mykje pengar på statsstyret, for å seie det slik.. Sjølve folkerørsla «Bondevennene» hadde si stordomstid tiåret 1865-75. Denne rørsla avløyste Thranittarrørsla, som var mektig eit par tiår tidlegare. På den andre sida var ikkje Noregs folk, som omfatta eit stort fleirtal bønder av mange slag, ikkje så fattige midt på 1800-talet som enkelte har hevda, tvert imot var levestandarden habil i europeisk målestokk. Det var heller slik at vi her i landet mangla dei store skarane av lutfattige, slik som vi også mangla dei mange rike godseigarane og adelen. Noreg var eit meir jevnt samfunn enn til dømes Sverige og dei fleste europeiske samfunna. Her er eit vitnemål om dette frå Norges melodier, som Edvard Grieg redigerte (og observert av meg i utgåve 1951):

Sud om havet han stundom laut skrida,
der var rikdom på benkjer og bord.
Men kringum såg han trældomen kvida,
og so vende han atter mot nord.

Lat no andre om storleiken kivast
lat deim bragla med rikdom og høgd
Millom kaksar eg litet kann trivast
Millom jamningar helst er eg nøgd.

«Millom jamningar helst er eg nøgd.» Ja, slik formulerte Ivar Aasen det i eit par strofer til songen «Nordmannen», songen betre kjend som «Millom bakkar og berg».

2) Kva så med sosialdemokratiet i Noreg?
Vel. På seminaret avviste Knut Ove Arntzen «husmannsånd» som ei forklåring og trekte fram det norske sosialdemokratiet som ein avgjerande faktor. For eigen del kjenner eg kanskje eit samband mellom dei to forsøksvise forklåringane. Kanskje overlevde husmannsånda på godt og galt gjennom at fagopposisjonen med bondesonen Martin Tranmæl vann fram i den interne kampen i Det norske arbeidarpartiet med for stor intern kustus og altfor fåe internasjonale kontaktar? Enda så var kampviljen sterk her i landet, og ein kort periode var DNA ein seksjon i den kommunstiske internasjonalen. Faktum er at kun ein einaste framståande avantgardist nokonsinne blei medlem av DNA, nemleg arkitekten Erling Viksjø, han som teikna og prosjekterte regjerings-kvartalet. Jamfør interessant essay om denne stoda i DNA produsert av nemnde Kjetil A. Jakobsen, les om det i Norsk kunstkritikk. Tittelen: «Høyblokka: Saklighetens drømmeliv».