Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Poet tilbake med vers

Publisert 2013-12-11 13:44:17, sist endret 2013-12-17 20:35:09

Poet tilbake med vers

- «syttande året/ etter eg flytta» -
Forfattarfoto av Paal Audestad.
Følgje med skal ein. Eg opnar den diktsamlinga av året som byrjar med ei familiær og tilnærma profesjonell fiske-scene. Denne introduserer ei dotter og far hennar og tar med namnet på ei kvinne som har levd ei tid tilbake, ”Seselja”, og som da budde i eit hus på garden til faren. Scena er Hardanger:

1


bekkane
har lagt
seg ut

buktar
seg
som
feite
kvite
ormar
nedover
fjellsidene

det er tiande
feriedagen

syttande året
etter eg flytta

blåsene er raude
og runde, har lege
ute sidan tidleg på
våren

vassdråpane som
blanke sveitteperler
på det kalde vatnet

du ror som
mor di, seier
far min

så sveivar vi
båten i land
garna rører
på seg nede
i kassen

om de vil, kan de
få huset etter seselja
seier far min, tek tak
i første fisken, får fri
kjeften, lirkar laus
tunga, dreg ut
den sleipe
kroppen

huset kunne
trengt ei hand

men høyr med
han du bur med
høyr kva han
meiner
seier
far
min

Ja, seier eg

Seinare
spretter
eg fisken

hentar ut
magen, kappar
hovudet og halen
skrapar blodranda

gapande kjeftar
raude auge

fiskane med
mest rogn er
slappast
i kjøtet


Dette er opninga på ei ny diktsamling av Ruth Lillegraven, som debuterte med svær beatpoesisamling for 8 år sidan og skapte furore med ein ny forteljande lyrikk. Eg vurderte denne debuten som historisk og samla derfor saman nokre lenker kring denne utgjevinga, som hadde boktittelen Store stygge dikt trass i velforma lange vers. Stoffet var urbant og samtidig og rykande aktuelt og ferskt.

Boka i år heiter kort Urd og tar ein sveip innom tida tilbake i soga.

Opninga på diktet over sneiar borti ein annan Hardangerpoet, Olav H. Hauge, sin skrivestrategi frå 1960-talet, som nyt kortare lengd i det heile; i den samanhengen er det vel nok å nemne dikta ”Under bergfallet” og ”Elvi burtanom fjorden”. Rett mange av poetane i ettertid her til lands har lært noko av og sett på Olav H. Hauge. Rytmen og språket i Urd er ein heilt annan enn i Store stygge dikt, eg vil seie diametralt motsett og er iallfall noko som eg ikkje hadde venta meg. Men i begge diktstilane eller diktsjangrane hos Lillegraven hittil kjenner ein igjen den sterke evna til å fortelje gjennom dikt og diktstrofer. Lillegraven har elles gjeve ut ein godt mottatt roman i mellomtida etter 2005, med tittelen: Mellom oss. Og ho har alt vunne Brageprisen i år for Urd.

Fødsel: Den siste strofa i innleiingsdiktet over (fiskane med/ mest rogn er/ slappast/ i kjøtet) myntar på det sentrale fødselstemaet i boka, der den yngre hovudpersonen, dvs eg-personen, føder tvillingar. Og ein kan lese inn påminningar til graviditet og fødsel over heile innleiingsdiktet. (Ein fødsel kan endre livet totalt for menneske.)

Om boka Urd sa Bragepris-juryen følgjande:
Urd er et tradisjonsbevisst diktverk med linjer blant annet tilbake til sekstitallets nyskapende punktverk Anne av Paal-Helge Haugen. Urd er en lyrisk-episk diktbok med vidt spenn, langbølget rytmikk og flerstemt poesi. Gjennom 64 tittelløse, nummererte, presise og vâre enkeltdikt organisert i fem deler, skildrer Urd livet og livsinnholdet til to kvinner med et hundreår og flere generasjoner mellom seg: Den ene, Seselja, er ei fattig, barnløs og kjærlighetslengtende attergløyme av ei sydame på bygdene i Hardanger for hundre år siden; den andre, navnesøstera og slektningen Cecilie, ei bykvinne av i dag som skal føde, ei ung kvinne på en stadig mer innsiktsfull vei tilbake i egen historie og landskap. Lillegraven har med stor teknisk dyktighet lyktes i å inkorporere sitt lyriske jeg i en vev av skjønn litteratur og levde liv i en gripende helhet.
Forfattaren har gjeve ei rekkje intervju kring utgjevinga. Forlaget hennar er Tiden, her er eit intervju som blei gjeve av forfattaren til Flamme Forlag sine nettsider dagen før utdelinga av Brageprisen.