Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Den nye barnediktboka

Publisert 2013-11-05 13:16:49, sist endret 2014-09-24 11:41:36

Den nye barnediktboka

Dette er Terje Dragseth, poeten i konsentrasjon. Fotoet er lånt frå nettet, Forfatterforeningen.no -

Dei tre neste fotoa i artikkelen er knipsa av Dragseth, medan vi alle, Anne Karin, Terje og eg, var på Ås bibliotek og jobba.
Dikt for 9-åringar i Akershus? Ja, det opplevde vi fint. Og det skal Akerhus ha. Her er beretninga om tre poetar på turné og kva dei møtte av reaksjon frå publikum. Ført i penna av Helge Rykkja.

Som ein del av Litteraturfestivalen i Akershus drog vi tre - Anne Karin Fonneland, Terje Dragseth og Helge Rykkja – rundt i Akershus med den relativt nye barnediktboka Sølvbåt og stjernevind. Ho er stor, har mange interesse-vekkjande bilete, og ho har dikt av 18 forfattarar, til saman mange dikt... Biblioteka var arenaen for oss, ungane var for det meste elevar i 4. klasse, altså ni år gamle - . Ei av forsamlingane var berre 7-åringar.

Vi hadde opplegget klårt. Eg presenterte først tre av bokkunstnarane i boka: Akin Duzakin, Hilde Kramer og Øyvind Torseter, det skjedde via seks større bilete frå boka synt på powerpoint. Ungane merka seg fargekonsentrasjonen hos Duzakin, variasjonen hos Kramer og tingverda hos Øivind Torseter.

På dei to kattedikta til Anne Karin Fonneland brukte Duzakin ein fargekonsentrasjon for å male stemninga, ein blå draume-farge på katten og omgjevnaden - når katten er i malemodus. Dette synte vi poetane fram på prosjektor. Slik var diktteksten til Fonneland (publikum hadde nokså god greie på katt):


EIN STAD Å MALA

Katten er blid
og mel med kverna si

mel fram fiskar, mel fram mjølk
mel ei seng med mjuke dyner
mel fram draum
langs lyse skyer,

mel eit heilt hav
med fiskar og mjølk.

Katten er blid
og mel med kverna si

mel ein stad å mala i all si tid.



Kattedikt nr 2 av Fonneland gjorde kunstnaren Duzakin både grønt og stripete. Anne Karin Fonnelands kattedikt handla nemleg om striper og jakt. Det utspann seg diskusjonar (dvs forteljingar) under dette om kattar med jakt. Akin Duzakin hadde tydeleg fått fram det rovdyraktige i biletet sitt av ein både bestemt og snikande katt gjennom høgt gras. Det er uråd med teknikken på denne nettstaden å gje att typografisk den bølgjande teksten i boka her.

Men eg kan i staden velje å sitere diktet ”draumeKINN” som Fonneland brukte, eit dikt som typografisk i boka var trykt på skrå i ein lett boge:


Under puta ligg ein draum
lett og fin
som laken og vind.

Under hovudet ligg ei pute
mjuk som
barn med sovekinn.

Kom søvn, kom draum,
kom mjuke vind.

Når du fell i søvn
flyttar draumen inn.



Det beste rimet kjem til slutt, slik det skal, og er det som famnar poetisk. Ja, det kraftigaste ved diktet er nok noko som «flyttar inn» hos deg...

I alt blir det her i artikkelen sitert ein del av dikta som vi brukte, men ikkje for mange, på grunn av vald referatformat. No er det på tide med eit bilete eller foto! Og slik som her ser eit godt dagens bibliotek ut (merk også ramma: vindauga og den grøne bakken utanfor):


Elevane på Ås er med på leiken. Anne Karin Fonneland sit her ved powerpoint-tasten, der vi også kan sjå hesteportrett på dataskjerm, hesteportrettet som høyrer til Helge Rykkja sitt dikt. Fonneland tok hand om powerpoint når ho ikkje sjølv var i aktivitet som poet. (Lærarane sat på bakerste benk.) Foto: Terje Dragseth.


Neste poet ut var så Terje Dragseth, energisk og utspørrande på til dels vanskelege vaksenspørsmål, som mange i forsamlinga ikkje desto mindre prøvde seg på. Det verka som den femte lina i diktet her («til dei eksploderer inn i seg sjølv»), var litt tung å svelgje for den som gjerne tenkjer på stjerner som lyste over taket (stjerna der ho jordmor-Matja budde + andre liknande stjerner). Eg meiner at eg såg det, det alvorlege straks, på 2. klasse vi møtte på morgonen i Enebakk. Men det er alltid noko å lære for den som veks opp. Her er det dramatiske diktet til Dragseth:


Kven eig verda
stjernene eig verda

kva gjer stjernene
dei stirar og stirar
til dei eksploderer inn i seg sjølv

slik blir verda til


Eigentleg var eg aller mest opptatt av - og imponert over - kor raskt eit samla svært ungt publikum oppfatta den dramatiske lina i diktet.

Terje Dragseth las også eit anna intenst utspørjande dikt frå barnediktboka, eit dikt med tittelen «Amulett» skrive av Ted Hughes; det diktet som blei noko av ei hovudhending på ein av stadene under Akershus-turnéen. Linene i Hughes-diktet, som har tretten liner, drog han djervt utover. På grunn av Dragseths evne til konsentrasjon blei det spes. mykje tyngde. «Amulett» er gjendikta for boka av Arne Ruste. Første line går slik: «Inne i ulvens hoggtann: lyngkledd fjell.»

Følgjande dikt skrive av Terje Dragseth hadde ein medarbeider på biblioteket lese for elevane tidlegare utan at vi gjestande poetar visste det så nøye. Og ein av gutane, ein som til vanleg ikkje var den som sat aller mest stille i skolekvardagen, kunne diktet tydelegvis frå byrjing til slutt. Han hadde berre endra den siste lina til: «Eg elskar deg.» Vi hadde mange gode augneblinkar på turnéen. Her er diktet til Dragseth om kven som bankar på:


Kven bankar på?
Det er berre meg.

Kva vil du?
Ingenting.

Kvifor?

Eg likar deg.



Her har Terje Dragseth, som også var turnéen sin bilsjåfør, snudd kameraet mot Helge Rykkja, der denne peikar for forsamlinga bort på Torseters hesteportrett og les diktet sitt «Katta i kjerra sette seg på merra/ og reid over elva», eit par gonger.

Øyvind Torseter hadde laga bokkunst til dikta mine pluss til ein par andre forfattarar i boka. Og eg la ein del vekt på tingverda til Øyvind Torseter; og frå boka blei vist både ei jenteverd utandørs med ting og ei buverd med nabo-ting å sjå på. Torseter sin særeigne stil i portrett av menneske og dyr blei tatt fram - og dertil korleis element frå dikta dukkar fram i bokkunsten. Når eg las dikta mine «Plastikktrumpet», eller «Papirdokka», la eg derimot vekt på elementet av «teaterdikt». Eg nemnde somme plassar der vi var på turnéen, at Øyvind Torseter også lagar teikneserie og illustrerer eventyr.

Vi brukte varierande metoder framfor publikum, og noko var også improvisasjon. Vi måtte også tenkje på klokka. Det følgjande diktet mitt på turnéen fekk ei spesiell handsaming frå mi side etter kvart:

Båten gyngar med oss ombord


Båten gyngar med oss om bord.
Flyet svingar i himmelen.

Eg er liten som bilen min
og får det fint når du kjem inn.



Dette diktet si opningsline fekk eg forsamlinga med meg på å seie i kor. Anne Karin Fonneland fall for dette diktet og brukte det for meg på den tredje arrangementsdagen, da eg hadde mått forlate turnéen for andre gjeremål, noko som var avtalt frå byrjinga av.

Elevar gav oss klem, eller tok ein samtale. Ei jente straks på veg heim etter seansen fortalde meg at ho pla dikte på skolevegen eller synge når ho gjekk på skolevegen aleine, slik at ho ikkje ansa seg før ho var på skolen. Så avslutta ho overfor meg - eit stykke unna - med at vi besøkande «var flinke med dikt».

Turnéen gjekk til kommunane Enebakk, Bekkestua i Bærum, Ås, Lørenskog og Rælingen. Olga Skrinde ved fylkesbiblioteket hadde sydd det heile saman og sørga for avtale med forlag - Mangschou - og kunstnarane som vi hadde på powerpoint. Litteraturfestivalen i Akershus var sponsa av Fritt ord. Vi gjorde eit poeng ut av språket i dikta våre, som var på nynorsk hos alle tre. Elevane i Akershus hadde ingen vanskar med å forstå nynorsk i dikt, meinte dei, når vi intervenerte. Når eg byrja på diktet «Snorre går i ring», greip ei lita jente inn og gav meg høve til smette inn tohundreårsbursdagen for Ivar Åsen og hundreårsbursdagen for Det Norske Teateret. Diktet byrja nemleg slik:
Snorre går i ring
Petra er i byen
Snorre går i ring. Er det ingen ting
å gjere?
På det siste ordet her smetta ei jente inn ordet «gjøre», liksom for å sette om til bokmål for enkelte andre, trur eg. Dessutan var «gjere» det første spesifikt nynorske ordet i diktet, slik at det skilte seg litt ut og også fekk utheving i strofa (av meg).
Her er Helge Rykkja midt imellom to dikt. Forsamlinga sat heilt ved føtene våre.. Dei tre tilhøyrarane på sida jobba på Ås bibliotek og var svært positive til besøket vårt.


Vel. I artikkelen er sitert frå ca ein tredjedel av dikta som blei brukte av oss i Akershus. Vi las 5 til 7 dikt kvar, dikt av ulik lengd, på arrangementa, og vi satsa på interaksjon med det unge publikumet. Barnediktboka Sølvbåt og stjernevind (frå 2011) er ei kraftig satsing frå forlaget si side, med inviterte forfattarar og kunstnarar og med god typografi/design/sats, meiner vi, og verket kan nå langt hos eit ungt publikum. Fleire gonger tenkte eg under turnéen, slik eg har gjort også før, at folkebiblioteka i Noreg skulle ofte velsignast og forgyllast! Slike bøker og slike bibliotek! Ære også til redaktørane for boka Sølvbåt og stjernevind, dvs Per Olav Kaldestad og Hanne Bramnes.

Den av oss som hadde flest samtalar med publikum (og med tilsette) etter arrangementa, blei Anne Karin Fonneland. Eit godt teikn måtte det vere, at straks vi bles av det skildra arrangementet på Ås, så ville fleire elevar låne sine biblioteksbøker med det same, og dei kunne vel få det - så vidt eg registrerte. Elles håper eg at dette referatet frå turnéen vår skulle kunne godtakast, eit referat som byggjer aller mest på det som hende på biblioteket i Ås, sidan det var der turnéen også hadde tatt foto ifrå, takka vere Terje Dragseth.




Ps 28/11:
Alle barnedikta som eg brukte under turnéen vår i Akerhus ligg ute på fila «Bøker», her, lista til høgre .