Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Scener og resonnement

Publisert 2013-10-27 14:57:08, sist endret 2013-11-05 17:34:49

Scener og resonnement

Biletet er av Audun Mortensen - . I artikkelen er det lånt frå dei nye bøkene til Audun Mortensen og Ulrik Farestad og tatt litt frå den nyutgjevne Sanka ull, verket til ein kjend - den gong 46 år gamle - artist Patti Smith, ho som nokså tidleg påverka pønken.
Da eg kikka ut badevindauget, såg eg at meisene no var i gang med å ete rognebær, ivrige, liksom å vere i rus. Dette inspirerte oss... Det er eple- og rognebær-år på desse kantar. Og slik kom ei kvardagsscene... Vi gjekk inn på nettbrettet for å - for ein gongs skuld - finne oppskrift på rognebærgelé tenkt til, i og for seg, enkle middagar med steikt mat; etter å ha leita etter oppskrift forgjeves i registera bak i eit par raske gammaldagse kokebøker på kjøkkenplass.

Dette fører meg over til skrivebordet og til Ulrik Farestad (f. 1984), som debuterer i haust med eigne dikt gjennom diktsamlinga Støv, stjerner, piksler. Med ein slik tittel (som «piksler») ventar ein seg fotografiske problemstillingar. Men i tillegg til roleg klassisk syntaks, ser eg hos Farestad ei god tid for element av resonnement både i og mellom observasjonane som gjerast gjennom diktspråket. La meg sitere ei av kvardagsscenene hos debutanten:


HVERDAGSSCENE II


Jeg sitter så urørlig
i det mørke værelset
at skjæren som har landet på vinduskarmen,
blir sittende lenge og stelle fjærene.

Så løfter jeg pennen,
Og den flyr sin vei,
flyktende over Iladalen.

Og slik er skapelsens glede –
et plutselig vingespenn, noe håndgripelig
langt utenfor rekkevidde.

Hvem ville tro meg hvis jeg sa
at dette er mitt pennestrøk,
dette svarte tegnet på den
perfekte himmelen?



Vi går til ein annan poet. Også hos demonstrativt konkrete poet Audun Mortensen finn lesaren stadige element av resonnering; det konkrete er demonstrativt fordi poeten m.a stokkar om på dei sedvanlege boksidene, inkludert fram- og baksida i ei diktbok, slik vi i eit kortspel stokkar om ein heil kortstokk. Og Mortensen lagar ein tittel på boka, ikkje med ord som «piksler», men med talet på tastetrykk brukt på ferdigstillinga av bokmanuset: 27519 tegn med mellomrom.

Forfattaren har ekstrem konsentrasjon på medieverda og mediafigurar i denne diktboka. Og han tangerer bodskapen til den amerikanske Kenneth Goldsmiths monotone lite-personlege nylitteratur. Men likevel: Med ei problematisering av den typisk Goldsmidthske metoden for avskriving, som vi ser i dialogdiktet under, fordampar heilt ei klassisk teiknsetjing, slik som den bl.a brukt hos Ulrik Farestad over. Og det skjer også noko engasjert og intenst, ikkje berre humoristisk, i scena under. Les det høgt.



konversasjonsstykke (seinfeld etter hukommelsen)


dette er bare avskrivning for dem
hvordan er det en avskrivning
de skriver det bare av
skriver det av hva
alle de store selskapene skriver av alt
du vet ikke engang hva en avskrivning er
vet du
nei jeg gjør ikke det
men de vet det og det er de som skriver av



I løpet av berre få år har Audun Mortensen produsert mange verk, fordelte på poesi og prosa. Jamfør ein rikhaldig wikipedia-artikkel. Og Mortensen har samtidig synt seg som ein evnerik journalist og intervjuar. Heile boka han gir ut i år, med kort og langt, smått og stort, kan lesast som eit resonnement og forståast som eit konsept.

Dersom vi no går vidare frå ei norsk utprøvande diktbok til noko nærmare midten av mediaverda (pønken), så finn vi i år artisten Patti Smith på norsk. Patti Smith har skrive «Sanka ull», soger med sjølvbiografisk innhald, ei blanding med poesi og prosa. Originaltittel: Woolgathering. Boka blei skriven i 1992, da Patti Smith var 46, og blei nyutgjeven i 2011, samt gjendikta til norsk i år av Ingrid Z. Aanestad. Ei av dei kortaste innslaga er sitert under, «Kunst i himmelen»:


Kunst i himmelen


Navigerer gjennom det duse landskapet, seier ting som
”Eg har vore verre stader
Eg har vore betre stader
Eg har vore rundt omkring...”
Og alt du ønskjer, er ei hjelpande hand.
Å bli løfta ut av søla, ut av venleiken.
Å bli løfta...

Eg opnar vindauga på vidt gap, ser ut over elva der ungane hentar
Vatn og kvinnene bankar skjortene til mennene med ein stein.
Halvnakne ungar bit i ei underleg frukt, rusande søt, og syng:

Ein dag er me alle døde
Men dei som fortset å røra seg
Fortset å følgja spora sine
Dei skal aldri døy
Dei skal kallast
Rembrandt, Columbus

Eg drøymde om å bli misjonær.
Eg drøymde om å bli leigesoldat.
Sekken min var eit stykke lin
Knytt saman og festa på ein pinne.

Når eg ser opp. Formar og omformar skyene seg. Det liknar – eit
foster, ein avdød ven kvilande i horisontalen. Eller ein stor arm,
medfølande som ei springfjør, som dersom det krevst kan strekka
seg ut og ta opp den linsekken og alt som er samla i han, om så
berre sjela til ein tanke – fargen på vatn, vekta av ein ås.



Boka er illustrert ei rekkje upretensiøse svart-kvite foto, som kler emnet og forfattaren.

Patti Smiths Sanka ull/ Woolgathering er gjeve ut av Samlaget med original engelsk og ein god gjendikta norsk plassert på motståande sider. Ulrik Farestads Støv, stjerner, piksler er gjeve ut av Bokvennen. Og Audun Mortensens 27519 tegn med mellomrom er gjeve ut, som kanskje venta, av Flamme Forlag.

Ps: kva meir kan eg seie om Ulrik Farestad, han er diktdebutant og heller ikkje så kjend. Han tykkjest vere ein lovande kjærleiksdiktar. Og han har sans for eldre lyriske tradisjonar, m.a det å utvikle verskunsten i eit moderne tidsrom. Slik er første del av diktet som byrjar på side 61:

I

Man sier i verden at solen gir liv
med varm, velsignende glød -
at mørkets vekster er dømt til å bli
til intet, tomhet og nød.

Men like mørkt var hjertet jeg gav
som jorden du plantet det i –
og hvor disse blomstene kommer fra
kan ingen i verden si.

Framhaldet etter at dette er sagt, er spennande lesnad.