Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Frå fotball til død

Publisert 2012-11-21 15:11:06, sist endret 2012-11-21 15:11:06

Frå fotball til død

Multikunstnaren Odveig Klyve
Foto: Tove Elin Berg/ Samlaget
Odveig Klyve gjer vending i sin kunstnarbane. Dei to siste diktbøkene frå Odveig Klyve har handla om såpass ulike konkrete tema som soga rundt ei mor sin alzheimersjukdom med rollebytting i familien, deretter, fire år seinare, ei brei forteljing rundt fotball. I fotball er vending viktig. Sjå til omtale og forlagsopplysningar på Klyves heimeside .

I år kjem ei ny diktbok frå Odveig Klyve, som også er filmkunstnar og barnebokforfattar og opphavleg er frå Hardanger. Slik byrjar diktboka Lyden av sol:


Kom la oss falla
La oss falla
inn i tre i stein
i jern
La oss falla
inn i kroppen

Alt som er til fell saman med oss

Vi lyfter vatnet til munnen
og drikk
Dropen fell
gjennom rommet
Rommet fell
gjennom strupen


Eg kan ikkje la vere å tenkje litt på fotballboka hennar når eg les rørslene i diktet. Dette diktet blir følgd opp av fleire dikt som seier «Kom». Seinare går dikta i boka inn i det konkrete rundt at eit nært menneske døyr, i denne saka ein far. Og dette sansenære hevar bokteksten. Opningsdiktet i avdeling VI er t.d slik:


Du ber meg
om å barbera deg
du seier det er på tide no
Eg styrer knivane over kinnbeinet
Sakte blir huda di glatt og
prikkar ikkje lenger mot handflata
når eg stryk over ansiktet ditt
Du seier at
no er du klar


I dette diktet les eg den same rollebyttinga som i Klyves bok Det andre blikket, der alzheimer råkar ein som er svært nær i livet. Det er vakkert igjen. Alt i alt karakteriserer eg Lyden av sol som nødvendig brukspoesi, dikt tileigna menneske i sorg.