Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Relansering av eigne dikt

Publisert 2012-09-22 11:44:52, sist endret 2013-07-10 20:42:37

Relansering av eigne dikt

Kragerø med norsk motiv: Bratt ned til bysentrum og bryggene!



Kragerø låg utfylt
over svaberg og høge furuheier

som ein solid søknad
til riksantikvaren

Og vi stega Løkka
frå Steinmann ned heile Thomesheia

stoppa i Barthebakken
helvete så fint gjort





masurka makadam



lasting utanfor Valbergveggens sår
Bærøyfjorden går sund

all blåsvart makadam vegen over vatn
knuste makadam kvart fordømte gram
førest bort til kramvare

Bærøyfjordens sprik
vil sikkert liggje slik at vi får selskap i ei grav på sikt
no har eg det fint
eg har aldri pint meg til evig kunnskapsplikt




Slike er mine eigne synspunkt. Eg liker ofte å utvikle røynslenære dikt i velbrukte tradisjonelle versmål mot nye retningar, altså med friare og færre strofer, fleire halvrim m.m. Det ligg vel både beundring og kritikk i bruken min av den gamle praksisen. Det er først og fremst slike dikt som er samla på denne fila.

Dei tre første dikta i eksempelsamlinga på denne fila dei er lånte frå mine SLUTNINGAR TIL KNES (som ialt rommar 83 dikt).

Dikta som eg har henta ut under, kom alle (bortsett frå det første) med bjørka til Dahl og 52 kameratslege oppmodingar. (Den skjedde i 2006.) Andre dikt i (dei mange) bøkene mine ligg ute på nettfila Bøker over, men ikkje meir enn ti til tretten dikt er der siterte frå kvar bokutgjeving.




øve med hender



Øvde hender
rer senger
vatnar roser
vaskar maling
Og hender
rer senger, senger
skjer opp salaten
finn fram all maten

Det er øving, tangentar
stemmeband
og svalene og respekt
Det er så god respekt
øve med hender
re senger, senger
vatne roser
og spyle maling




moderne mur



Vi har sett fiken falle og ormar få si løn
Ein gud stod over parken og venta på ei bøn
Stilsikkert vil det falle i augnekroken min
Då vil eg berre takke for blodraud appelsin
Har vi latt gudar tumle frå hagen fin og grøn?
Ei rank og vakker rose blei flekkete obskøn

For Nordraak står kvit rose bak ein nybygd mur
har hatt si beste glede med blømande natur
Eg såg ho frank og frodig og likt av oss som kom
og var sabla frimodig i all sin herlegdom
Så stod ho skjult i skyggen bak moderne mur
og bak dei beste dagar, engsteleg og sur



Søk eit grøntareal!






interesser



Er du gammal nok?
Hugsar du Rolf Hansen? Han var ein kjernekar
No saknar vel partiet det som det ikkje har
Hansen opna munnen og gav sitt bod om tolkning
Hugs at her i landet er nordmenn nordmenn
nordmenn urbefolkning
Folk hadde kanskje tenkt. Og ein lagnad unnt han
men statsministervalet fall på Harlem Brundtland
Ho kledde seg i pesk. Det var god reklame
Kanskje vil det dryppe litt på ein driftig reinsdriftssame?
Men ikkje Tromsø museum – det måtte gje seg av
straks dei hadde funni prov på dyregrav
Og ein kjempemessig oppdemd sjø var snart i emning
med kraftverk over dalen førtifiremeters demning
Mins du kandidaten -- for sein til å bli tatt?
Da saknar nok partiet det som det skulle hatt
Hugs at her i landet er nordmenn nordmenn
nordmenn urbefolkning?



Gjer eit urfolkbesøk!






bussekspressen



såg dei to på Sørlandsbussen
over sine sete
utan grense i ein midtrabatt
Ho tar, ho tar, inn i mannen
likt eit hovud i ein hatt

Forelska er dei. Kvinna vil
forsvinne inn i mannen
Korleis ho skal få det til,
er meg alltid gåtefullt og stilt



Gje opp å forstå!







blant strender



Der Skagerrak blottar sine strender
finst Kragerø Bys Venner
Skagerrak kler av sine strender
med Kragerø Bys Venner
Det blæs og det skin
Og vi reknar på mur- og trehusbygg
Der Skagerrak tvettar sine strender
fekk Kragerø Bys Venner
hus sin eigenart og sørga for
at trehusbygg blei spart



Nyt ein trehusby!







Eg dreg



Eg dreg til Skagerrak med rullesteinar liggjande
og ser mot naboland og alt som er
Eg har moreneland med fyr og kyr og kyr og fyr
som ser mot Bohuslän og det som er

Eg dreg til Stabbestad og vidare til Søndeled
for å symje i eit lite vatn. Når mørkret samlar seg
med krå og himlakrok, eg skal leggje meg og opne bok
og eg les Hagerup, da er det bra



Kik mot naboland!








tre slags poetar på pub



Olaf Lundheim fór som skytebas. Åsen sveisa jarn
Og eg, eg sveisa skoleborn
& sprengde tull og fjas

Alle tre skreiv dikt og verserim til eg blei nesten galen
og folk sto fram og kommenterte
Fiendar det hadde vi
nært opp til optimalen

Olaf Lundheim fór som skytebas. Åsen sveisa jarn
Og eg, eg sveisa skoleborn
& fjerna mas og kjas



Sveis skoleborn!






blomar, bensin og spleen



Ingunn er eit riktig svin med hovudet på skakke
Hennar beste årgangs-vin er kilometer og bensin
Og no tar ho snart til takke med ein blomebakke

Ingunn er eit riktig svin og ordnar det ho kan
Snart møter ho ein homsemann som bur i alle land
Hennar beste årgangs-vin er blomar, spleen og spleen



Heisan der smatt det inn att eit dikt frå SLUTNINGAR TIL KNES. Alle dei tre diktbøkene mine frå 2000-talet går litt over i kvarandre, og dei har blitt omtalte (gjennom forlaget) som ein «trilogi». Blant anna er mange av dikta i heile trilogien skrivne til verkelege personar, namngjevne eller maskerte personar, offentlege eller familiære.

Dermed snur eg igjen tilbake til enkeltboka med dei kameratslege oppmodingane:




Du har att din sceneskrekk



Overflatisk må eit forhold nesten vere
Vi skal bu. Og vi skal reise bort
Til så lenge vil eit forhold måtte vere,
til det kjem eit større som er stort

Vi skal sjå. Og vi skal flytte vekk
over alle haugane,
sa ein far til barnet sitt
Når du møter staden -
har du att din sceneskrekk




Møt din sceneskrekk!





Det heiter ikkje eg lenger



Straks vil du finne plassen din
for du er ei av mange gode
som vinglar rundt med ein kjærast ved side
Du er ei kjekk ei, og det er på tide
at du no finn plassen din

Snart har du funni plassen din
fått med at små kan smette inn
i kvar si gode leikegrind
men óg fått kjend ei open verd
der arbeidsløyse, fjell og fengsel
og Halldis Moren Vesaas
er




Spør Halldis Moren Vesaas!





ved grenser (dialog med Heinrich Heine?)



En samler sine bøker, følger ruta veien hjem
de stakkars tyskerne da – det gikk så dumt med dem

Det gikk så dårlig med dem, for de laga ikke barneviser
og de kunne vel ikke plystre eller klare håndfaste beviser
Vi pakker våre saker og går veien hjem
de stakkars tyskerne da – plystrer vi i dem?

De har vel hatt si dødtid og kommer vel tilbake
blant dem kan vi ha venner og finne oss vår make

Verden er et ståsted, der det kan finnes venner
vi møter dem ved grenser -- som politiet kjenner!
De har vel hatt si dødtid og kommer vel tilbake
De kan være svake. Vi kan være svake


Tyskland er fuglenes land, og fugler plystrer




Opplev Berlins kanalparkar!





Hallvard Lie sin mangel tileigna forskaren Hallvard Lie


Det er lov å vere blid og glad
og få lese vår Hallvard Lie
Du kan møte det du gjerne ser
med verseføter der du fer

Hallvard Lie har ordna med alt, ja alt
har forstått kva verset galdt
Og det er like fundamentalt
at han mangla Prøysen, Alf





Dans ein reinlendar!