Til hovedsiden
  Heim  >  Artiklar  >  Poesi og termer?

Publisert 2012-08-03 15:32:50, sist endret 2012-12-07 15:57:17

Poesi og termer?

Rzadkowska med notidsskildring.
Joanna Rzadkowska, som er psykologistudent og omsetjar, tok ut si debut-bok. Inngangen til boka - med tittelen Gjentagelsestvang (som minner om eit psykologisk omgrep) - er slik (her siterer eg heile sida):


*

Støvet ligger som flass på byens skuldre. Bilmaur
pipler forbi, optikkfibre knitrer.

Snart regner det gjørme.

Lysstoffrør stråler til porene åpnes. Vi er en sjakt
strømmen renner gjennom.

Skisse til resirkuleringsdepot: klebrige fnugg
faster seg i lungene, gir oss

rusen vi trenger


Dette er nåtida. Industrialismens barndom eller skitne Paris 1850 er det neppe. Menneske som maskin møter vi. Rus er tatt i vid tyding, slik som poeten Baudelaire forsto det litterært i «Rus dykk!». Korleis ber dette så av? Eg siterer det neste som skjer; her byrjar «del I» med to vanskelege tittelord:


Anamorfisme, isotopi



Analog annihilering av forskjeller.
Vi lager menn, kvinner, barn
etter mal: molekylmodeller
og skjellskjeletter.

Huden: silikon, neglene: plastikk.
I de første registreringsårene
vil vi pipe når vi puster.



Eg les det fleire gonger og slår opp mine vanskelege ord i tittel og førstelinje. Ordet «annihilering» tyder «utsletting». Diksjonen i diktet er delvis setningar og delvis setningsrestar, ikkje så uvanleg. Det er «vi» i diktet som gjer alt dette som blir gjort.

Da spør eg først det enkle spørsmålet: Er det heilt nødvendig å pakke dette som poeten vil seie, inn i framandord som ikkje andre enn kanskje psykologar forstår utan å slå opp i ei eigna bok. Svaret er eit klårt nei. Men forfattaren er kanskje redd for å vere useriøs eller banal og derfor tyr til faguttrykk?

Svar (om nokon spør): Slikt som å verke banal treng ein ikkje som forfattar å tenkje på ved utgjeving av dikt i dag! Heller tvert imot.







Ps 4.august-12:
Også Tomas Tranströmer har eg kritisert, i år, for bruken av termer i 1960tals-poesien hans. (Sjå midt i artikkelen.)